– Eit spennande referansetiltak
I helga er FørdeFlorø med på ei historisk turnering i Bergen.

Førde og Florø har hatt eit felles ynskje om å skapa eit ekstratilbod for dei fremste spelarane våre i ungdomsfotballen. Det ynskje enda med at vi oppretta FørdeFlorø som eit spissa uttakstilbod i 2024. Det er eit spelarutviklingstiltak for gutar i alderen 13 til 15 år. Målet er å gje fleire unge spelarar referansar og ein kvardag som utviklar dei som fotballspelar.
Ein invitasjon som gjer oss stolt
Hausten 2024 blei FørdeFlorø invitert av sportsklubben Brann på ei historisk turnering i Bergen. Helga 21.-23. februar ville Brann ha med oss på ei internasjonal turnering. Ei turnering for spelarar født i 2010. Turneringa er for begge kjønn, men vi er berre invitert på turneringa for gutar.
No er helga komen, og vi er klare for å spela kampar mot Vest Finland, Lillestrøm, Loddefjord/Olsvik/Kjøkkelvik, Åsane og Brann. Du kan lesa meir om turneringa og sjå kampoppsettet her.
Lars Ove Nistad (Førde), Johan Pettersen (Førde), Kai-Frode Magnussen (Florø) og Marius Kjellevold (Florø) er trenarar for laget som stiller i Bergen i helga, i tillegg til spelarutviklar Bjørn Totland. Det er tatt ut spelarar frå Førde og Florø, totalt 18 spelarar reiser.
– Dette er ei unik moglegheit for våre spelarar, og visar at vi gjer mykje bra i FørdeFlorø-samarbeidet. Dette har vist seg å vera eit samarbeid som bærer frukter for begge klubbane og gjev spelarane gode referansar å ta med seg inn i sin eigen lagsaktivitet og sitt utviklingsløp, seier Bjørn Totland.
Troppen
Felix Christoffer Hillersøy (Florø),
Jonathan Solheim Ytreland (Florø)
Justin Ludvigsen (Florø)
Louie Strømsnes (Florø)
Mathias Røyrvik Sundsøy (Florø)
Petter Magnussen (Florø)
Vetle Kroppan Knapstad (Florø)
William Aarseth Kjellevold (Florø)
Edvin Hatlelid (Førde)
Elias Nathaniel Solhaug Pettersen (Førde)
Henrik Sunde Sandal (Førde)
Håvard Lorgen (Førde)
Jakob Grimeland (Førde)
Jakob Krakhellen Øen (Førde)
Noah Randal (Førde)
Oskar Grimeland (Førde)
Sander Hagen Kjelsnes (Førde)
Tian Froiland Nistad (Førde)