– Eit solid lag igjen!
Førde varta laurdag opp med ny målfest, men denne gongen stramma dei inn bakover og sikra tre poeng.

Etter målkalaset i Førde forrige helg, var herrelaget vårt klare for å visa seg fram frå si beste side denne helga. Vålerenga 2 var motstand, på Intility arena. Dei frammøtte i Oslo eller dei som såg kampen via Firda fekk sjå eit solid Førdelag som var eit samla kollektiv.
– Det var 10/10, fortel Alexander Lekva
Tross leiing frå Vålerenga, var det bortelaget som skulle dominera målprotokollen. Heimelaget er gode gjennom kampen, men Førde står godt i mot defensivt, og straffar Vålerenga 2 hardt.
Det heile starta med 1-0 scoring av Vilmer Nils Antonsen Brunskog etter 29 minutt. Førde svara umiddelbart ved Sander Aamelfot, og vår heite målsmaskin Vegard Savland sikra leiing til pause med 1-2 scoring i det 39. speleminutt. I andre omgang er det Førde, Førde, Førde, Førde.
1-3 kjem etter 51 minutt ved Sander. 1-4 kjem etter 68 minutt ved Savland, og etter 80 spelte minutt er Jakob vår tredje målscorar for dagen. Aamelfot avsluttar kampen med å sikre hat trick i det 90. speleminutt og med det reiser Førde heimatt med 6-1 siger og tre sterke poeng.
– Vi er solide defensivt mot eit godt Vålerenga. Vi står godt saman og straffar dei heilt supert, oppsummerar Alexander.
Fana fulgte opp med å slå Lyngbø 2-1 på heimebane, så spenninga rundt andreplassen lev heilt inn. I siste runde skal Fana spele borte mot Loddefjord, medan Førde tek i mot Fjøra. Det er eit Fjøra-lag som jaktar viktige poeng i kampen om å overleve i divisjonen. Med andre ord anbefalar vi alle å ta turen til Førde stadion søndag 26. klokka 12:00.
