Ein vellykka oppstartsdag for nye 6-åringar
Søndag 9 mars var det oppstart for gutar og jenter fødd i 2019. Mange spente spelarar var på plass til først økt i Hafstadparken.

Mange spente spelarar var på plass til fyrst økt i Hafstadparken. I forkant av økta gjennomførte klubben trenarkurs del 1, samt foreldremøte der foreldre blei kjent med klubben, og kva tilbod vi har til dei som startar opp med fotball.
Vi har i år sett eit ekstra fokus på oppstarten. Vi ynskjer å gje nye spelarar den tryggast mogleg starten på fotball-livet sitt. Søndag var ca. 30 jenter og 40 gutar på plass til si fyrste offisielle trening med Førde IL Fotball.
I forkant var trenarane som har meldt seg på øktplanlegging med trenarveiledar Bjørn Totland. I tillegg var barnefotballansvarleg Thomas Fraas og fair-play ansvarleg Mariann Flo til stades.
– Vi trur det var ei god oppleving for dei ivrige 6-åringane. Økta var bygd opp med leikbetont “sjef over ballen”-øvingar, før ein gjekk i spel 3 mot 3. Dei førebuingane vi også har gjort med trenarkurs, foreldremøte og eige øktplanleggings-møte gjorde oppstarten god, fortel trenar- og spelarutviklar Bjørn Totland.
For dei som ønskjer å sjå øvingar som var brukt så kan ein følgje linken: https://tiim.no/trenerskapt/okt/bd8cb85f-d923-414a-868e-d9428eb20ae5.
To fellestreningar i Hafstadparken
Barnefotballen i Førde er organisert ut frå grender. Men, i oppstarten ynskjer vi å invitere alle inn til felles treningar for å sette aktiviteten godt i gang. Framover så blir det to felles fotball-søndagar i Hafstadparken, klokka 17:00. Det er søndag 16. og 23. mars.
Så, 30. mars arrangerar klubben ei internturnering. Då blir fyrste turneringa for dei nye spelarane ei trygg og fin turnering mellom våre grendalag. Dette tiltaket gjer vi nytt i år.
Etter turneringa vil dei ulike grendene få tildelt treningstider og starte opp sin aktivitet kvar for seg. Vi håpa dette er ein god start og inngang til fotballen i Førde!
Bli med i Førde IL Fotball!
Har du ei jenta eller ein gut som ikkje har starta med fotball? Det er ikkje forseint, uansett om du er fødd i 2019 eller tidligare. Ta kontakt med rekrutteringsansvarleg Thomas Fraas (barnefotball@forde-fotball.no), og han vil hjelpa deg med å koma i gang.