– Ein spennande sesong i vente

Publisert 03.01.2025 av Helge Bjørke

Del via

Bjørn Andre, Geir og Ottar er dei nye trenarane til damelaget.

I haust har vi søkt etter ny damelagstrenar ettersom Johan Pettersen meldte at han gav seg etter sesongen. Johan Pettersen, Terje Norevik og Linn-Mari Nilsen har lagt ned ein god innsats på vårt damelag, og sikra ny sesong i vestlandsserien. Det blei ein spennande sesonginnspurt, der mange lag kniva om å halda plassen i divisjonen.

I desember takka Bjørn Andre Storøy ja til rolla som ny hovudtrenar for a-laget. Bjørn Andre har den siste tida vore ansvarleg for Sunnfjordakademiet. Det er eit spelarutviklingstilbod for jenter i alderen 14-15 år. Han har tidlegare også vore trenar på aldersbestemte lag i Førde. Med seg i teamet får han Geir Fonn og Ottar André Kloppstad. Trioen har som mål å vidareutvikla enkeltspelarar og laget til å kjempa på øvre halvdel i 2025.

Vi som klubb er glade for å få med Bjørn Andre, Geir og Ottar rundt a-lag damer. Vi ser fram mot den nye fotballsesongen, der begge våre a-lag skal måla seg mot mange bergenslag. A-lag herrar spelar i Norsk Tipping-ligaen avdeling 4 og a-lag damer spelar i 3.divisjon Vestland. Damelaget sine mostandarar blir Arna-Bjørnar 2, Askøy, Bjarg, Brann 2, Bremnes, Lyngbø, Nordhordland, Os, Sotra og Stord. Terminlista får vi i februar.

Spelarutviklingsvegen ser god ut i Førde IL Fotball

Vi jobbar med å etablera to gode damelag i vår klubb, der flaggskipet vårt møter god motstand i den regionale serien. Å ha eit andrelag i Sogn og Fjordane sin lokale 3. divisjon, gjev jentene ei fantastisk moglegheit til å utvikla seg som fotballspelarar.

Det er eit mål for klubben å ha lag i J15-17 serien, 3. divisjon Sogn og Fjordane og 3. divisjon Vestland kvart år framover. Jentene som er fødd i 2010 vil vera J15-17-laget vårt, medan 2009-jentene og eldre vil spela på andrelaget eller fyrstelaget vårt.

Vi gler oss til mykje god fotball i parken i 2025.

Relatert