Ei våt affære
Førde møtte Bjarg til dyst laurdag, og tilhøva viste at nå har hausten verkeleg kome.

I kaldt haustregn fekk heimepublikum servert ein kamp som vil bli hugsa for intensitet heller enn store sjanser. Allereie frå start var overvatnet til stades fleire plassar på bana, utan at det gjorde at dei 22 på bana lot dette bli ein venskapskamp. I nye drakter frå generalpartner Sparebanken Sogn og Fjordane, Snart Sparebak 1 – Sogn og Fjordane, flaug spelarane inn i sklitaklingar frå avspark.
Det var tydleg at bortelaget framleis hadde alt å spele for då eit poengtap her mest trulig ville avgjøre divisjonen i Sandviken sin favør.
Kalddusj
Etter berre 5 minutt får bortelaget corner og bortelaget sin spelar, Trygve Solberg Aarstad, spring seg fri på bakre og sett kontant inn 0 – 1. På ei bane som gav få moglegheiar til fint spel var det vanskeleg for Førde å svare, men det tydde ikkje at ein gav opp. Nærast var nok Vegard Savland då han etter drøye halvtimen blei avvinka for offside på veg åleine gjennom mot keeper.
I det klokka passerer 45 minutt blir Bjarg redusert til 10 mann, då Simen Hopsdal får direkte raudt kort av dommar.
Årets lengste
Lyden av skruknottar på asfalt er ein herlig lyd, og viser at spelarane er klare for ny dyst. Førde tok kommandoen frå start og etter berre to minutt låg ballen i mål bak bortelaget sin keeper. Ein lang ball frå Thomas Hallstensen finn Vegard Savland på 16 meter. 1 touch medtak og 1 touch ned i lengste hjørne – lærebok, og laga er like langt i det vi observerer årets lengste sklifeiring på knea mot hovudtribuna. 132 frostne tilskodarar fekk endeleg litt varme i sjela.
Inspirasjon frå Haugesund
Førde fortsette å ha ball, men det viste seg vanskeleg å finne vegen gjennom bortelaget si låge blokk. Eit godt organisert forsvar kombinert med meir og meir overvatn gjorde at også andre omgang blei ein krig på midten.
Då går det som det ofte går… Midt i omgangen kontrer Bjarg og kjem åleine mot Fredrik Hanssen. Sander Lekva kjem seg nesten inn att insituasjonen, men er litt for aktiv med hendene i det han skal blokkere. Straffe til bortelaget, og 1 – 2 mot spelet sin gong. Samstundes tok Haugesund 2 leinga over Sandviken, noko som nok gav bortelaget ekstra motivasjon.
Det var ingen veg gjennom Bjarg etter dette, sjølv om det ikkje stod på innsatsen. Nærast kom dagens Førdespelar Vebjørn Høynes då han curla eit innlegg like utenfor stolpen. Fem minutt på overtid bles dommer Søgnen av kampen og vi kan konsentrere at spenninga lev minst ei runde til.
Siste hurra
Neste heimekamp er 27.10 mot Frøya. Det er også årets siste kamp. Førde kan framleis bli nummer fire i den særs tette avdelinga.
Takk for kampen til publikum, dommarar og bortelag.
KAMPFAKTA
Norsk Tipping-ligaen, avdeling 1
FØRDE-BJARG 1-2 (0-1)
Førde stadion
132 tilskodarar
Mål:
0-1 7 min Trygve Solberg Aarstad
1-1 47min Vegard Savland
1-2 74 min Jacob Jørgensen
Dommer: Jakob Sande Søgnen (Gaular IL)
Ass.dommer 1: Kjell August Ytre-Eide (Stryn T&IL)
Ass.dommer 2: Andreas Skeistrand Bakkelid (Sandane Turn og Idrettslag)
Gule kort:
Førde: Sander Løkkebø Lekva, Mathias Helgheim, Nikolai Hvidsten, Vegard Savland.
Bjarg: Henrik Røssevold Mildestveit, Sander Hopsdal, Christian Dahl.
Rødt kort:
Bjarg: Simen Hopsdal