DETTE UNGE FORMLAGET STORMAR FRAM
I sju av dei åtte siste kampane har unggutane til Benny Rivedal vunne sine kampar i Kretsligaen. Sundag ettermiddag vart det 2-0-siger i tøff bortekamp mot Vik. -Dette var ein god bortekamp, og dei langt meir rutinerte Vik-spelarane hadde i røynda ingen sjanse, seier Benny Rivedal etter oppgjeret på Vik stadion. For faktum er at…

I sju av dei åtte siste kampane har unggutane til Benny Rivedal vunne sine kampar i Kretsligaen. Sundag ettermiddag vart det 2-0-siger i tøff bortekamp mot Vik.
-Dette var ein god bortekamp, og dei langt meir rutinerte Vik-spelarane hadde i røynda ingen sjanse, seier Benny Rivedal etter oppgjeret på Vik stadion. For faktum er at medan Benny Rivedal sin første-11´ar hadde eit gjennomsnitt på 19,3 år, så hadde Vik ein snittalder på 27,0.
Få fart
-Alder betyr ikkje så mykje. Det handlar om å få fart på ball og bein, smiler Benny Rivedal etter oppgjeret og ser at no har Førde 2 på rad og rekke slått klubbar som Vik, Dale, Høyang, Stryn, Sandane, Dale og Måløy. Alle aristokratiske klubbar i seriesystemet i Sogn og Fjordane. Det er berre Sogndal sine nest beste som har tukta Benny Rivedal sitt unge mannskap sidan tidleg i juni månad.
-Ja, vi har eigentleg berre blitt betre og betre. Og no gleder vi oss stort til Fjøra kjem til Hafstadparken måndag om ei veke. Det hadde jo vore kjekt om vi kunne ha tukte det laget som i dag ligg på toppen av tabellen, seier Benny Rivedal etter ein ny trepoengar.
Tøff heimekamp ventar
I oppgjeret i Vik var det Leander Agledal Nordal og Miguel Grønli Garfors som vart krediterte Førde sine mål, men trenaren vil samstundes trekke fram ein forsvarsspelar som utmerka seg mot vikjene.
-Ja, i dag var Vegard Otterlei Fløholm god. Han har teke steg i det siste, og har også fått trene meir og meir med A-laget. Han er svært anvendeleg som spelar, og i dei siste kampane har han løyst oppgåva som venstreback svært godt. Samstundes er det mange av desse unggutane som utviklar seg heile tida, og som er noko av forklaringa på at vi stadig vekk har klatra på tabellen, seier Benny Rivedal etter sigeren i Vik.
Tekst og arkivfoto: Stig Roger Eide
KAMPFAKTA
Kretsligaen
VIK-FØRDE II 0-2 (0-1)
Vik stadion, naturgras
Mål:
0-1 16 min Leander Agledal Nordal
0-2 70 min Miguel Grønli Garfors
Dommar: Jacob Sande Søgnen, Gaular
Gult kort: Leander Agledal Nordal, Førde 2
Førde: Kristoffer Dale Hanssen, Leander Agledal Nordal, Emil Turøy Berge, Sander Løkkebø Lekva (Oskar August Sørheim i 65. min), Vegard Otterlei Fløholm, Elias Løkkebø Lekva, Vegard Lorgen, Jonas Frøiland Nistad, Miguel Grønli Garfors, Håvard Sunde Sandal (Thomas Sunde i 82. min), Daniel Gjelsvik (Marius Øksenberg i 82. min), Elias Sande Neset