DETTE BØR DU VITE OM IDRETT OG ANLEGG I FØRDE
Debatten om storhall i Førde «rasar» i kommentarspaltene i lokalavisa og på sosiale medier. Det er viktig at debatten blir halden på eit sakleg nivå, og ikkje blir styrt av populistiske flosklar. Sjølv om det kan vere lettvinte poeng å hente på slikt. Spesielt er det viktig å unngå «fake news» slik vi har sett…
Debatten om storhall i Førde «rasar» i kommentarspaltene i lokalavisa og på sosiale medier. Det er viktig at debatten blir halden på eit sakleg nivå, og ikkje blir styrt av populistiske flosklar. Sjølv om det kan vere lettvinte poeng å hente på slikt. Spesielt er det viktig å unngå «fake news» slik vi har sett hos fleire debattantar i det siste. Som mangeårige idrettsleiarar vil vi prøve å halde oss til fakta, og vise til historikken når det gjeld anleggsutviklinga i Førde:
Faktum er at anleggsutviklinga i det «moderne» Førde starta tilbake på 1990-talet då kommunen overtok Kronborg-tomta frå Førde idrettslag for å etablere ny veg til sjukehuset og næringsvirksomhet i området. Idrettslaget vart då lova ei erstatningsbane. Sidan då har Førde IL hatt ein veldig god dialog med både tidlegare rådmann og politikarar i kommunen med tanke på anleggsutviklinga, og har hatt gjensidig respekt og forståing.
Det er i den samanheng viktig å sjå på følgjande konkrete anleggsetableringa kor Førde IL har stått for mesteparten av kostnadane:
Kunstgras på grusbana ved Førdehuset. I 2002 gav Førde IL ein million kroner til kunstgras, medan 700 000 kroner var tippemidler. Kommunen sitt bidrag var i underkant av ein million kroner.
Kunstgras på grendabanene. Gjennom salet av Alexander Ødegaard til Viking og Rosenborg bidrog Førde kommune i 2006 med omtrent ein million kroner av totalt 4,8 millionar for å leggje kunstgras på grendabanene på Haugum, Slåtten og Halbrend. Den resterande summen kom frå fotballgruppa med samarbeidspartnerar samt tippemidlar.
Hafstadparken. Allereie i 2009 starta Førde IL med å samle inn pengar til Hafstadparken. Totalt makta idrettslaget å samle inn 52 millionar frå forskjellige viktige og fantastisk rause samarbeidspartnerar. Spesielt var dei 20 millionane frå Trond Mohn via Håkon Fimland svært avgjerande. Dei 52 millionane utløyste på si side 16 millionar i tippemidlar, og for denne summen kunne vi i mai 2015 opne Hafstadparken med alle sine anlegg og klubblokale for idrettslaget. Dette er ein folkepark kor tanken er å skape eit rekreasjonsområde for heile byen si befolkning, sommar som vinter. Kommunen bidrog med grunnervervet til denne parken, og dette var på mange måtar erstatningsbana for Kronborg som forsvann nesten 20 år tidlegare.
Førdehuset. Når både handballen og volleyballen klaga over dekket i Førdehuset i 2016, var det Førde idrettslag som forskotterte 2,8 millionar kroner for at dette kommunale anlegget skulle få eit nødvendig løft.
Berre sidan 2000-talet har Førde idrettslag og viktige samarbeidspartnerar med andre ord bidrege med om lag 60 millionar kroner for at innbyggjarane våre skal ha oppvekstvilkår gjennom idrettsanlegg som gjer det attraktivt å bu her. Dessutan har Førde IL som anleggseigar eit tett og godt samarbeid med Sunnfjord skisenter i Blomlia og Langeland Ski- og Fritidssenter for at begge desse vinteridrettsanlegga skal vere tidsriktige.
På samme tid som Førde IL har bidrege og brukt om lag 60 millionar, har Førde kommune sine bidrag på utbyggingssida av anlegg vore om lag 3 millionar, i perioden frå 2002 til og med 2016. Det er i denne samanheng viktig å presisere at det heller ikkje har vore overskridingar på prosjekta som idrettslaget har vore involvert i.
Som idrettsleiarar er vi opptekne av at alle idrettar skal ha tidsriktige anlegg, og skal vere tilpassa alle brukargrupper. Samstundes ser vi at når 80 prosent av dei over 1000 fotballspelarane i Førde Il Fotball bur i gang/sykkelavstand frå Hafstadparken, så er tida no «overmoden» for å bygge tak over bane 2. Dette fordi undervarmen på banene ikkje fungerer, og vi ynskjer heilårsaktivitet i parken vår. Vårt prosjekt om tak over bane 2 er kostnadsrekna til om lag 60 millionar, og vi veit at viss det skal byggast ein hall ein annan plass i Førde, så vil vi snakke om minst det doble beløpet. Førde IL har allereie samla inn 25 millionar kroner, og jobbar for fullt med å få fullfinansiert ein hall på bane 2. Det er viktig å vise til at dei gåvemidlane vi allereie har fått inn, kjem frå nokre av dei viktigaste samarbeidspartnerane som var med då Hafstadparken vart etablert. Dei vil gjerne vere med på å utvikle denne fantastiske parken vidare.
Når debattantar om idrettsanlegga i Førde fremmar påstander om at Førde Arena er eit luftslott så viser det kor lite kjennskap dei har til dei faktiske tilhøva. EM i vektløfting i 2016 og det faktum at VM skal avviklast i Førde, betyr at vi har fått ein eineståande sjanse til å oppnå status som eit nasjonalt senter for vektløfting for Førde Arena. Men det betyr at berre 350 kvadratmeter av totalt 10 000 kvadratmeter skal bestå av styrke/vektrom, medan det resterande skal vere hallar for handball, volleyball, friidrett, turn, toalett, garderobar og anna areal til kulturformål. Førdehuset er snart 50 år gamalt, og treng opprusting. Vi kan etablere eit nytt kraftsenter for idrett og kultur med desse planane, der om lag 50 prosent av kostnadane i så fall blir dekka av staten.
Dette er faktisk ein sjanse vi ikkje kan la gå frå oss!
Idretten har i alle år stått samla ved alle utbyggingane i Førde, og no står vi i Førde idrettslag samla om at vi skal realisere først ein storhall i Hafstadparken, før vi går «laus» på å rehabilitere Førdehuset. Skal vi oppnå folkevekst i Sunnfjord og Førde handlar det om å framstå attraktive og skape utvikling, noko vi gjer via slike etableringar. Vi i Førde idrettslag har i alle år hatt eit konstruktivt og funksjonelt samarbeid med kommunen, og har ikkje minst veldig mange gode samarbeidspartnerar som velvilleg stiller opp med kapital – med bakgrunn i at dei ser behova for idretten og Førde-samfunnet.
No handlar det i praksis om at vi har politikarar som ser dei same behova – og som vil bidra til å legge til rette for ei heilt nødvendig anleggsutvikling i Førde sentrum, i tillegg til å serve dei lovpålagte tenestene innan mellom anna helse og eldreomsorg.
Det eine utelukkar ikkje det andre – tvert imot!
Helsing Arne Helgheim og Knut Folkestad, Førde idrettslag/prosjektgruppa for storhall