-DET VAR ALTFOR LITE MED 3-0

Publisert 29.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde utklassa Hødd sine neste beste, og burde heilt klart ha vunne med meir enn tre mål. -Ja, utover i 2. omgang var det klasseskilnad på laga, seier Terje Rognsø. Førde-trenaren og spelarane hadde på mange måtar kniven på strupehovudet etter to tap og ein uavgjort på dei tre første kampane i årets sesong, og…

Førde utklassa Hødd sine neste beste, og burde heilt klart ha vunne med meir enn tre mål. -Ja, utover i 2. omgang var det klasseskilnad på laga, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren og spelarane hadde på mange måtar kniven på strupehovudet etter to tap og ein uavgjort på dei tre første kampane i årets sesong, og dei kjente på presset føre møtet med Hødd 2 laurdag. Men trass regn- og snøbyger på tvers inn frå nordvest, så kunne Rognsø og Førde-spelarane sende sunnmøringane tilbake i motvinden etter 90 minutt etter stort sett einvegskøyr mot sunnmøringane.

Litt feige

-Bortsett frå dei siste 15 minutta i 1. omgang kor vi blir litt feige, så var dette ein bra kamp av oss. Vi har hatt berre ei trening på naturgras i år, og då var bana heilt tørr. I dag var det ei våt og sugande grasmatte som møtte oss. Og spesielt i 2. omgang, så let vi ikkje Hødd-spelarane få fred og nedkjempar dei effektivt, seier Førde-trenaren og ser at det lett kunne ha blitt bortimot tosfra viss utteljinga hadde vore betre.

-Ja, i 2. omgang skapar vi så mange sjansar at eg fell ut av teljinga. Då herja midtbana vår med dei, og Peter Aase var ein sluggar på midten. Når dessutan Magne Aarøen kom inn for Vegard Savland, så dominerte vi fullstendig, seier Rognsø og gjev skryt til midtspissen sjølv om det ikkje vart nettkjenning på han i dag.

Viktig spiss

-Vegard er heilt unik og kjem til sjanse på sjanse. Før eller seinare vil det smelle. Men vi må hugse at han har vore lenge ute, og valde vi å bytte han ut for å vere på den sikre sida. Vi toler ikkje fleire skader no, smiler Rognsø og ruslar av den gjennomblaute grasmatta.

-No skal vi ha Sogndal 2 neste helg, før vi skal ha to heimekampar på rad. Nemleg Volda 13. mai og Florø 16. mai. Det kan nok bana ha godt av, seier han og rosar spelarane på veg inn i garderoben.

Første siger

-Vi hadde kniven på veg mot strupen, og denne sigeren gjorde godt for sjølvtilliten vår. Vi er klar over kva kvalitetar vi har i laget, og i dag fekk vi det endeleg ut. Det blir kjekt å reise ut igjen til Florø i kveld, sjølv om det er fare for at snøbygene står rett i mot. Men no har vi årets første siger, og då kan vi puste ut litt i helga, seier Terje Rognsø.

Målscorarar for heimelaget i dagens kamp mot Hødd 2 var Edvin Brattreit, Jacob Bergset og Magne Aarøen, og førstnemnde var kåra til dagens Førde-spelarar. På det øvste bildet ser vi dei tre juble etter Førde si andre scoring. Frå venstre ser vi Edvin Dvergsdal Brattreit, Øystein Riksheim Østvik, Mathias Helgheim, Jacob Bergset og Magne Aarøen.

Vi kjem tilbake med fleire bilder og stoff frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert