-DET ER EIT UTRULEG TRONGT NÅLAUGE

Publisert 04.11.2024 av Stig Roger Eide

Del via

-Waw. Dette hadde eg eigentleg ikkje trudd var mogleg. Men fy søren så kjekt, er Førde-trenar Alexander L. Lekva sin kommentar på at han har fått plass på fotballforbundet sitt UEFA A-kurs. I følgje Norges Fotballforbund er målgruppa for UEFA A-kurset trenarar som er venta å prege lags- og spelarutviklinga i norsk toppfotball i åra…

-Waw. Dette hadde eg eigentleg ikkje trudd var mogleg. Men fy søren så kjekt, er Førde-trenar Alexander L. Lekva sin kommentar på at han har fått plass på fotballforbundet sitt UEFA A-kurs.

I følgje Norges Fotballforbund er målgruppa for UEFA A-kurset trenarar som er venta å prege lags- og spelarutviklinga i norsk toppfotball i åra som kjem. Denne utdanninga er også eit trinn på stigen til dei som siktar vidare mot Pro-lisens og hovudtrenaryrket i nasjonal og internasjonal toppfotball i åra som kjem.

Kunne ikkje seie nei

-Eg kunne kort og godt ikkje seie nei til dette tilbodet. Sjølv om det kan bli svært travelt å kombinere denne utdanninga med trenarjobben i Førde. Men det må vi få til, seier Alexander L- Lekva offensivt og skal allereie mot slutten av februar på si første samling med dei andre trenarane.

-Eg fekk tilbodet frå NFF på fredag, og svarte bekreftande med ein gong. Så eg veit ikkje så mykje meir før det kjem informasjon til alle deltakarane. I utgangspunktet trur eg dei brukar å plukke ut 30-40 trenarar frå heile landet. Så eg reknar med at det blir mange gode trenarar samla, seier Alexander L. Lekva då Førde-patrioten sin skribent slår av ein prat med trenaren etter at han personleg har gjennomført ei treningsøkt på PULS Førde.

Berre to før

-Då eg fekk forespurnaden på fredag måtte stille meg spørsmålet om eg var klar for dette, og svarte momentant ja. Det blir mykje arbeid i tillegg til trenarjobben i Førde, men ser på det som utruleg utviklande. Noko som også vil komme klubben til gode, seier Førde sin hovudtrenar.

Førde-patrioten kan vise til at det tidlegare berre er Knut Erik Folland (2010) og Bjørn Totland (2017) frå klubben Førde il Fotball som har denne utdanninga.

Skriftlege oppgåver

-Det var eg ikkje klar over. Eg veit jo at det først og fremst er toppklubbane som har blitt sikra plass på UEFA A og Pro-lisens-utdanninga tidlegare. Så det er utruleg kjekt at eg får plass no. Sjølv om eg allereie no har begynt å grue meg til dei to store skriftlege oppgåvene eg skal levere. Og tema på desse oppgåvene er ikkje avgjort enda. Det beste er sjølvsagt å finne på noko som også kan vere relatert til jobben min i Førde, seier Lekva om uttaket.

Norges Fotballforbund har så langt ikkje gått ut med informasjon om kven som har fått plass på UEFA A-kurset i 2025.

Førde il Fotball gratulerer Alexander med uttaket til UEFA A-lisens!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert