DESSE JENTENE UTKLASSA FLORØ
I helga herja dei innandørs i kvalifiseringa til KM, og tysdag kveld var det Florø som fekk gjennomgå. Då vann dei 14-0! Med heile 14-0 over Florø i laget sin andre kamp i vinterserien er Førde sitt J16-lag på stø kurs denne sesongen. I den første kampen i årets vinterserie vann Førde-jentene heile 9-1 over…
I helga herja dei innandørs i kvalifiseringa til KM, og tysdag kveld var det Florø som fekk gjennomgå. Då vann dei 14-0!
Med heile 14-0 over Florø i laget sin andre kamp i vinterserien er Førde sitt J16-lag på stø kurs denne sesongen. I den første kampen i årets vinterserie vann Førde-jentene heile 9-1 over Måløy, og det skal svært mykje til om ikkje Førde spelar finale i vinterserien i mars månad. I den tredje og siste kampen i den innleiande pulja skal Førde møte Askvoll/Holmedal i Skei storhall 14. mars.
Forskjellige med mål
Oppgjeret mot Florø vart aldri spennande då Førde var fullstendig suverene frå avspark til dommaren bles av kampen. For Førde scora følgjande spelarar: Kristina Hjelmeland Berqvam (4), Kaja Johannessen Skrede (2), Kaja Ørjansen Lervåg (2), Vilde Sunde Wie (2), Sara Elise Holme (2) og eitt sjølvmål av ein Florø-spelar.
Alle fekk spele
På Førde sitt suverene lag spelte følgjande kampen i Skei storhall tysdag kveld: Ingvild Haugland, Lina Sunde Holsen, Lea Oline Aamot Fonn, Inga Hjelmeland Berqvam, Amanda Hancox Midtbø, Mia Aase Solnørdal, Eline Alværen Sund, Anne Hafstad Wennevold, Hanna Mielnik, Kaja Ørjansen Lervåg, Alette Slåtten Ulltang, Karoline Kvammen, Oda Paulen, Kristina Hjelmeland Berqvam, Vilde Sunde Wie, Kaja Johannessen Skrede og Sara Elise Holme.
Tekst: Stig Roger Eide/foto: Atle Paulen Hjelle