DESSE ER FULLSTENDIG SUVERENE
Sjekk desse spelarane. Dei har allereie sikra seg KM-tittelen, og går frå suksess til suksess. Onsdag kveld vann dei heile 10-0 mot Stryn. Trenar Ørjan Vikum kan verkeleg smile etter at Førde sitt G17-lag har feid all motstand til sides i 1.divisjon denne hausten. No er dei KM-vinnarar sjølv om sesongen på langt nær er…
Sjekk desse spelarane. Dei har allereie sikra seg KM-tittelen, og går frå suksess til suksess. Onsdag kveld vann dei heile 10-0 mot Stryn.
Trenar Ørjan Vikum kan verkeleg smile etter at Førde sitt G17-lag har feid all motstand til sides i 1.divisjon denne hausten. No er dei KM-vinnarar sjølv om sesongen på langt nær er ferdig. Dei har ikkje tapt ein einaste kamp denne hausten, og har resultat som 11-3 mot Jotun, 10-0 mot Sogndal og 10-0 mot Stryn å slå i bordet med!
Kalassigrar
-Ja, dette har vore ein fantastisk gjeng å trene. Det starta med at dei vann Førde Cup innandørs i fjor haust. Seinare har dei vunne Norway Cup og no altså KM-tittelen i G17. Noko det er lenge sidan Førde har gjort, seier Vikum og kan ikkje få skrytt nok av spelarane sine.
-Dei er utruleg treningsvillege og det er nesten 100 prosent frammøte på treningane. Dessutan spelar dei fleste av desse spelarane to kampar i veka, då dei også har seniorkampar med anten Førde 2 eller Førde 3. Og det er klart at erfaringane frå desse seniorkampane tek dei med seg når dei spelar G17-kampar. Vi ser det spesielt på slutten av kampane. Då kjem løpskapasiteten fram, og vi dominerer fullstendig, seier Vikum som etter kalassigeren i Stryn onsdag kveld, ser fram til dei to siste kampane.
Sjekk gjengen
-Vi har allereie sikra oss KM-tittelen, men har sjølvsagt lyst til å avslutte serien med kampen mot Sogndal i Hafstadparken. Den skal etter planen gå onsdag 26. oktober. Og så lenge Sogndal har 0-10-tap å hemne frå den første kampen, så håpar vi dei stiller med eit sterkt mannskap, smiler Vikum.
Dette er G17-laget som sikra seg KM-tittelen etter 10-0 mot Stryn onsdag kveld: Bak frå venstre: Jonas Frøiland Nistad, Hallvard Edvardsen Sagevik, Ørjan Vikum (trenar), Sander Myklebust Sægrov, Stian Vårdal Helle, Linus August Ness Hagenes og Håvard Sunde Sandal. Midten: Joachim Skrede Hervik, Arne Olai Orheim Vallestad, Elias Løkkebø Lekva og Markus Aase Solnørdal. Framme frå venstre: Nicolai Vie Berqvam, Simon Dobbe Personbråten, Sigmund Høyvik og Elias Grimseth Ravndal. Foto: Thomas Lekva.
Tekst: Stig Roger Eide