DEI SCORA SINE FØRSTE MÅL
-I dag har vi brote ei barriere, og vunne vår første kamp i den nye serien. Og så er dette dei første måla til Vilde og Anne også i denne serien, smiler Johan Pettersen etter at damelaget vann over Loddefjord i Bergen sundag. Med tre sterke poeng på bortebane mot Loddefjord, klatra Førde heilt opp…
-I dag har vi brote ei barriere, og vunne vår første kamp i den nye serien. Og så er dette dei første måla til Vilde og Anne også i denne serien, smiler Johan Pettersen etter at damelaget vann over Loddefjord i Bergen sundag.
Med tre sterke poeng på bortebane mot Loddefjord, klatra Førde heilt opp på 3. plass på tabellen for den nye 3. divisjon i Hordaland og Sogn og Fjordane. Noko som er ekstra motiverande for Førde-jentene.
I toppen
-I dag vinn vi ein svært sterk siger mot eit godt Loddefjord-lag. Det betyr at vi så langt har spelt jamt mot bergensklubbane, og dette motiverer oss også ekstra mykje med tanke på heimekampen mot Lyngbø komande sundag ettermiddag i Hafstadparken. Då kan vi for alvor henge med «der oppe», smiler Johan Pettersen medan spelarane er i ferd med å pakke inn i bussen.
-I dag scorar Vilde to flotte mål tidleg i oppgjeret, og midtbanemotoren vår, Anne Gyldenskog Kilnes, avgjer med vårt tredje mål i 2. omgang. Men det viktigaste er faktisk at alle spelarane som var med til Bergen, bidrege positivt. Innbytarane kjem inn med ny energi, som igjen smittar over på dei andre. På den måten skal vi alltid vere eit vanskeleg lag å spele mot, seier trenaren for damelaget etter lagsigeren på Alvøen kunstgrasbane.
Inn i bussen
-No ser vi fram til ei god treningsveke og deretter oppkøyring mot Lyngbø i Hafstadparken om ei veke. Vi ser allereie fram til den kampen, seier Pettersen og skundar seg inn i lagsbussen som skal plukke opp Førde sine G16-spelarar som har spelt kvartfinale mot Brann på nabobana, Varden Amfi.
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Terje Norevik
KAMPFAKTA
3.divisjon, Hordaland og Sogn og Fjordane
LODDEFJORD-FØRDE 2-3 (1-2)
Alvøen kunstgras
Mål:
1-0
1-1 26 Vilde Sunde Wie
1-2 41 min Vilde Sunde Wie
1-3 68 min Anne Gyldenskog Kilnes
2-3 83 min
Førdetroppen: Sofie Honningsvåg Aarnes, Lea Oline Aamot Fonn, Sofia Hagen Paulen, Vibeke Solhei.m, Sigrid Welle, Kristian Hjelmeland Berqvam, Anne Gyldenskog Kilnes, Dina Sande Søgnen, Martine Honningsvåg Aarnes, Inga Hjelmeland Berqvam, Vilde Sunde Wie, Linnea Levik Aamot, Johanne Støfring, Kaja Johannessen Skrede og Vikoria Zablotna.