DAMENE LAGA FEST I PARKEN

Publisert 21.09.2024 av Stig Roger Eide

Del via

Endeleg kom det ein Førde-siger til damelaget. Etter fem strake tap, slo Førde hordalandsklubben Os heile 4-1 i Hafstadparken laurdag ettermiddag. -Dette var jammen fortent, seier trenar Johan Pettersen. Damelaget til Førde har vore gjennom ein tøff periode i haust. Med ei rad av bortekampar og ditto tap, har den gode tabellposisjonen i vår blitt…

Endeleg kom det ein Førde-siger til damelaget. Etter fem strake tap, slo Førde hordalandsklubben Os heile 4-1 i Hafstadparken laurdag ettermiddag. -Dette var jammen fortent, seier trenar Johan Pettersen.

Damelaget til Førde har vore gjennom ein tøff periode i haust. Med ei rad av bortekampar og ditto tap, har den gode tabellposisjonen i vår blitt snudd på hovudet. Og no handlar det om å få nok poeng til å unngå nedrykk.

-Eg trur vi må ha to sigrar til i haust for å vere sikker. Derfor var det utruleg viktig med tre poeng i dag. Dette gjev ein ny giv og ikkje minst positivitet i gruppa. I dag boblar dei av entusiasme, og dei står fantastisk gjennom heile kampen, seier Johan Pettersen.

Vi kjem tilbake med meir stoff, både tekst og bilder, på facebook-sida til Førde il Fotball litt seinare.

Følg med, følg med.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert