Damelaget startar haustsesongen med seier
Vibeke Solheim gjekk foran og sikre at alle poenga blei med til Førde med to scoringar.

Søndag var våre beste jenter i Knarvik for å starta haustsesongen. På Knarvik kunstgras var det bortelaget som var best, som til slutt vann 3-0.
Fire jenter tatt opp i a-lagsstallen
Før sommarpausen takka vi av fleire viktige spelara for Førde, i tillegg har Martine Kvamme no meldt overgang til Sandane. Med fleire spelarar ut gir det plass til nye. Andrea Løkkebø Lekva, Johanne Olset Reidarsson, Emeline Grønli Ødegaard og Alette Slåtten Ulltang er alle nye faste medlemmer for a-lag damer. I tillegg er Marthe Gjerde Stølen tilbake frå eit låneopphold i Sogndal.
Sjølv om a-laget har fått ei større endring i troppen fortsetter jentene i samme driv som i vår. Fyrste omgang var mållaus, men i andre omgang avgjer Førde. Allerede etter 46 minutt scorar Vibeke Solheim Førde sitt fyrste mål. Det står 0-1 lenge, før Vibeke doblar leiinga etter 83 minutt og Lea Storøy setter 3-0 i det 90. minutt. Til slutt blir det ein komfortabel og fin seier.
Ein revansje ventar
Neste kamp er heime mot Sotra laurdag 23. august klokka 15:00 i Hafstadparken. Då er vi klare for å revansjere det sure 1-6 tapet frå i vår. Vi håpar å sjå flest mogeleg i Hafstadparken på kamp.