Cupeventyret over

Publisert 15.03.2025 av Helge Bjørke

Del via

Laurdagens cupkamp enda med tap.

Vegard fortsette der han slapp i 2024, men det holdt dessverre ikkje for Førde. Bildet er frå eit tidligare oppgjer.

Fyrste kvalifiseringsrunde mot Volda blei ei tøff nøtt. Kampen opna jamt, men etterkvart dominerte Volda meir og meir. Dei var rett og slett meir effektive og til stadighet farlege på kontringar. Førde prøvde på ein sluttspurt, men klokka tikka for raskt på slutten.

2-1 til pause

Fyrsteomgongen var jamn, der begge laga var farleg frampå. Volda tok leiinga 1-0 etter 18 minutt. Andreas Hvidsten blei skada i ein løpsduell, og Volda får då heile høgresida si fri og kan lett utfordre framover. Angrepet blei avslutta av Kenneth-Andre Hole som satt inn det fyrste målet i kampen. Hvidsten må ut, og inn kjem Sander L. Lekva.

Vegard Savland opna målkontoen og får balanse i rekneskapet etter 30 minutter. Mathias Helgheim får ballen ute på venstresida, legg eit lurt innlegg inn på bakre stolpe som Savland snappar opp og bankar ballen i mål.

Dessverre holdt ikkje det til pause. Etter 42 minutt rulla Volda opp på nytt eit flott angrep. Fredrik Hanssen stoppar det fyrste forsøket, men på returen set Thomas-Sander Hole inn 2-1.

Sander tilbake

Andreomgongen starta med eit gjensyn med Sander Aamelfot, då han kom inn for Mathias Helgheim. Bytte gav ingen umiddelbar effekt, men det skulle bli mange mål i omgangen. Omgangen var prega av eit Volda-lag som var farlege framover. Etter 54 minutt kontra dei inn 3-1 ved Andreas Brandal og etter 79 minutt lurer samme mann offsidefella og bankar inn 4-1.

Så skulle Sander vise seg fram. Han bankar inn eit hardt innlegg som Tobias Vassbotn Evebø må sjå gå i eige mål. I sluttminutta blei Thomas Hallstensen flytta opp og trekket svarte seg raskt. Nicolai Hvidsten svinga inn eit presist innlegg som Thomas headar kontant i mål.

Målet blei det siste, og oppgjeret enda dessverre med eit kjedeleg 4-3 tap for Førde. Vi gratulerer Volda med avansement i cupen og takkar for eit spennande og godt oppgjer i ekte veslandsver.

Kampfakta

Volda – Førde 4-3 (2-1)
Gule kort:
Nikolai Hvidsten (Førde), Thomas Hallstensen (Førde), Mathias Lambrechts Sagevik (Førde)
Dommar: Daniel Refsnes (Sportsklubben Herd)
Ass.dommar 1: Eline Constanse Flem (Blindheim Idrettslag)
Ass.dommar 2: Rohollah Ahmadzai (Langevåg Idrettslag)

Relatert