Førde fortball - førdepatrioten

Lokaloppgjer mellom Førde og Florø

– EG ELSKAR DESSE LOKALOPPGJERA

 
 
Eirik Flatjord har spelt fotball på seniornivå i snart 20 år, og har spelt eit utal av lokaloppgjer mellom Førde og Florø. – Difor ser eg verkeleg fram til kampen på måndag, seier forsvarsspelaren.
Lokaloppgjera mellom Førde og Florø har ei lang historie bak seg, og har i periodar vore den 16.mai-kampen i norsk breiddefotball som har hatt størst appell hos publikum. 1000 tilskodarar er langt meir vanleg enn uvanleg, og fleire gonger har det vore godt over 2000 tilskodarar. Seinast under den siste 16. mai-kampen mellom sunnfjordbyane, i 2016, var det 2503 tilskodarar i Hafstadparken.
 
Jubileum
– Det er jo gjerne på grunn av desse kampane at vi held på. Dette er sjølvsagt motiverande for oss som spelarar, seier 35-åringen som på måndag faktisk kan jubilere med å spele sin 10. 16.mai-kamp mot Florø. Grunnen til at det ikkje er eit høgare tal for spelaren, som har langt over 300 kampar for Førde, er at naboklubbane i nokre sesongar ikkje har spelt i same divisjon, grunna nedrykk eller opprykk (sjå statistikken under).
Og grunna Florø si storheitstid med opprykk til OBOS-ligaen og Førde sin ditto nedrykksperiode til 4. divisjon, så har det ikkje vore lokaloppgjer mellom desse to klubbane sidan 2016.
Faktisk seks år sidan!
 
Opp og ned
– Den kampen i 2016 er ikkje noko å hugse. Vi hadde akkurat slått ut Brann i NM-cupen og spelt jamt med Sogndal. Så vi trudde nok at vi var gode då vi skulle møte Florø. Og det er aldri lurt i fotball. For Florø var på motsett kurs som oss, og knuste oss 0-4 i Hafstadparken. Då starta Florø si klatring på tabellen, medan vi sank djupare og djupare, og rykka til slutt ned, minnest forsvarspelaren om det siste møtet mellom desse to klubbane.
Derimot har han hatt mange flotte opplevingar på 16. mai-kampar i Florø. I 2015 vart det 1-1 etter scoringar av Vegard Savland og Peter Aase, medan det vart 0-1-siger i 2012. Då var det Kristian Fardal Opseth som vart matchvinnar føre 2000 tilskodarar på Florø stadion.
– Eg hugsar ikkje sikkert når eg var med på den første 16.mai-kampen mot Florø. Hugsar berre at det vart Førde-siger, så det kan ho vore i 2003 eller 2004. Eller kanskje 2005. Det er uansett lenge sidan, smiler den fotrappe forsvarsspelaren.
 
I toget
– Ein siger på 16. mai betyr alt med tanke på nasjonaldagen vår, 17. mai. Det er alltid lettare å gå i 17. mai etter ein siger, smiler Flatjord og veit at slike kampar har ein tendens til «å leve sitt eige liv».
– Ja, dette er alltid spesielle kampar med høg temperatur og mykje blest rundt. For vår eigen del har vi hatt god poengfangst hittil i sesongen, men er samstundes veldig klare på at prestasjonane må opp fleire hakk. Og eg både håpar og trur at det skal skje mot Florø 16. mai. Då skal det iallfall ikkje stå på motivasjonen, seier veteranen over alle i lokalfotballen, Eirik Flatjord.
Så kom på kamp DU også!!
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Statistikk for 16. mai-kampar i dette tusenåret:
2000: Førde-Florø 1-2
2001: Florø-Førde 1-3
2002: Førde i 2. divisjon.
2003: Førde-Florø 2-1
2004: Florø-Førde 0-3
2005: Førde-Florø 4-1
2006: Florø i 4. divisjon
2007: Førde-Florø 1-2
2008: Florø-Førde 2-0
2009: Førde-Florø 2-1
2010: Førde i 2. divisjon
2011: Førde i 2. divisjon
2012: Florø-Førde 0-1
2013: Førde i 2. divisjon
2014: Førde-Florø 0-1, mål ved Stefan Aase.
2015: Florø-Førde 1-1, mål ved Peter Aase og Vegard Savland.
2016: Førde-Florø 0-4, mål ved Endre Kupen (2), samt brørne Erlend og Runar Hove.
2017: Florø i OBOS-ligaen
2018: Florø i OBOS-ligaen
2019: Florø i 2. divisjon
2020: Florø i 2. divisjon
2021: Florø ned i 3. divisjon, Førde opp frå 4. divisjon
2022: NYTT LOKALOPPGJER!!!!!!
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide
 
 
 

Førdepatrioten - vookal - digital - nettavis

No er Førdepatrioten digital

Velkomen til Førdepatrioten

 

Førde Stadion er den fysiske heimen til Førde Fotball, der vi kjempar om poeng. Fordepatrioten.no blir den digitale arenaen, der vi skal kjempe om Førde-hjarter, spreie entusiasme og dele dei gode historiene om mangt og mykje. 

 

– Førdepatrioten har i ei årrekkje vore Førde Fotball sitt sponsormagasin. Her har vi delt historier, både om fotballen og våre støttespelarar. No blir fordepatrioten.no eit nettmagasin, som skal modernisere kommunikasjonen vår ut mot publikum. Vår digitale heimebane, som skal spreie det gode bodskap om Førde Fotball og deira samarbeidspartnarar, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag.  


Ein må kommunisere godt digitalt i dag 

– Førdepatrioten som papirmagasin har vore eit godt samarbeid mellom Førde Fotball og deira sponsorar, men no er tida er kommen for å tenke nytt. Den digitale kvardagen grip stadig meir om seg, og det er viktig å henge med. Førde Fotball og VOOKAL har i fellesskap komme fram til at tida er moden for å digitalisere meir av kommunikasjonsflyten frå Førde Fotball ut mot publikum og sponsorar. Fordepatrioten.no blir ei digital nettavis for fotballen, sponsorar og samarbeidspartar, med artiklar, videoar og informasjon. Vi bygger ein SoMe-fauna rundt, som skal bidra med å bygge merkevara Førde Fotball, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i VOOKAL. 


– Vi må vere der publikum er 

Lene Ellingsund er digital byråleiar i VOOKAL. Ho har ein master i digital marknadsføring og analyse, og jobbar dagleg med digital kommunikasjon. 

– Det er viktig å oppsøke ditt publikum der dei er. I dag er så godt som alle, både eldre og yngre, til stades i ulike sosiale medium. Kva kanalar som er rett å bruke varierer ut frå kva målgruppe du skal nå. Til dømes brukar flest vaksne Facebook, dei yngre finn du gjerne på TikTok og Snapchat, seier Lene og held fram. 

– Det er stor konkurranse om merksemda til brukarar i sosiale medium. For å skilje seg ut må ein målrette bodskapane sine mot konkrete målgrupper. Sidan Førde Fotball ønskjer å nå både dei yngste og dei eldste patriotane, vil dei bruke ulike sosiale medium, med innhald og bodskap tilpassa ulike målgrupper. På sikt er målet å digitalisere det meste av informasjonsflyten deira ut til publikum. Til dømes i form av QR-koder som sender deg til eit digitalt kampprogram, med videointervju med trenar/spelarar osv.

 

– Vi ser alltid framover 

Målet til fordepatrioten.no er å styrke merkevara Førde Fotball, og skape moglegheiter for større sponsorinntekter. 

– Som klubb ønskjer vi å alltid sjå på kvar vi kan bli betre. I dag skjer det meste av informasjonsflyt digitalt. Ved å styrke oss på digital kommunikasjon, håpar vi å kunne bli i stand til å gi enno meir tilbake til våre sponsorar og støttespelarar, året rundt. Førdepatrioten kom på papir to gongar i året, no kan vi spreie gode historier året rundt om vi  ønskjer det. Då er vi alltid er på ballen. Det gir både oss og våre samarbeidspartar store moglegheiter framover, seier Arild Sandvoll, styreleiar i Førde Fotball. 
– Vi snakkar mykje om sponsorar og fotball generelt. Men ein viktig ting med Førdepatrioten er også å bygge patriotisme rundt fotballen og ikkje minst byen. Ein informativ nettside, der ein spreier glede, patriotisme og gode saker om næringslivet og fotballen gjennom ulike sosiale medium gjer oss meir synleg for folk flest. Vi må vere der publikum er. Og i dag er det i den digitale sfæren ein finn dei, avsluttar den patriotiske gjengen
 
 
 
 

Vegard Savland

Endelig tilbake i trening

Vegard Savland er tilbake

 
 
 
 
Fjorårets toppscorar for Førde, Vegard Savland, er tilbake i full trening. – Det er utruleg godt å vere i gang igjen, seier spissen.
Dei siste åra har Vegard Savland vore ein notorisk målscorar, om det så har vore for Tambarskjelvar, Tertnes, Stryn, Florø eller Førde. I år står han så langt utan seriemål mål etter at han vart skadd tidleg i årets første seriekamp mot Brumunddal. Sidan då har det vore alternativ trening for Førde-spissen.
 
I trening
Men denne veka har Savland vore med på dei vanlege treningsøktene igjen, og meldt seg speleklar til oppgjeret mot Florø måndag 16. mai.
– 16. mai-kampane mot Florø er sjølvsagt det store. Sjølv om eg hadde 1 ½-sesong for Florø i 2018 og 2019, så er det alltid ekstra kjekt å slå Florø. Eg har jo vore med på fleire slike 16.mai-kampar tidlegare. Faktisk scora eg Førde sitt mål då vi spelte 1-1 i 2014, smiler Savland etter treninga torsdag kveld.
 
Mykje folk
Torsdag er det berre fire dagar igjen til lokaloppgjeret, og Savland håpar sjølvsagt at han skal kunne vere aktuell for spel.
– Det kan hende det blir litt i tidlegaste laget for meg, men vi får sjå. Det har iallfall gått veldig bra etter treningane denne veka, smiler den kjappe midtspissen og håpar lokaloppgjeret nok ein gong skal fylle tribunene.
– Ikkje noko er så kjekt som når Førde og Florø møtest. Eg hugsar “Stimen” frå perioden min i Florø, og veit dei kan skape god stemning. Og det samme gjeld for “Førdianarane”. Så eg trur kampen på måndag skal bli ei flott oppleving uansett. Vi er iallfall veldig klare for ein ny duell mot Florø, seier Savland.
 
Sist
Førde og Florø har ikkje møtt kvarandre i serien sidan 2016, og 16. mai-kampen det året vart spelt føre 2503 tilskodarar i Hafstadparken. Då vann Florø 0-4 etter scoringar av brørne Erlend og Runar Hove, medan Endre Kupen scora to mål på kunstgraset i Hafstadparken.
– Og det verste var at Florø vann heile 7-0 på heimebane på hausten det året. Det stortapet gløymer eg aldri, seier Savland om sesongen Førde rykka ned ein divisjon, medan Florø på side tok steget opp i OBOS-ligaen.
– På måndag er det heilt ope, og slike lokaloppgjer lever gjerne sitt eige liv. Eg ser verkeleg fram til kampen, seier Savland.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

3 nye poeng

LØPSMASKINA VÅR AVGJORDE I DAG

Førde sikra seg tre viktige bortepoeng mot Lillehammer laurdag, og trenar Terje Rognsø kan ikkje få fullrost spelarane for sin innsats.- Ja, dette var verkeleg ein slitesiger. Lillehammar var faktisk langt meir spelande enn kva vi hadde førebudd oss på. Difor vart defensiv jobbing og kontringar vårt våpen, seier Terje Rognsø etter kampen på Jorekstad nord for Lillehammer. Pangstart

Kunstgrasbana på den gamle stadion på Fåberg var knusktørr, og gjorde det spesielt vanskeleg for Førde når dei satsa på kontringar.- Lillehammer var utruleg ballbesittande og trilla og trilla ball. Og når vi prøvde oss på å kontre når vi fekk brot, så stoppa anten ballen opp eller så vart vi feige og torde ikkje prøve. Så offensivt var ikkje dette all verda, smiler Rognsø og vedgår at ti poeng etter fire kampar sjølvsagt er å sjå på som ein pangstart på sesongen.- Ja, det må vi absolutt kunne seie. Vi har komponert eit heilt nytt forsvar og ei heilt ny midtbane på kort tid. Då står det verkeleg respekt av denne poengfangsten så langt, seier Rognsø og rosar spesielt Magne Aarøen for kampen mot Lillehammer.Magne med motoren

– Magne verkar nesten å vere uuttømmeleg når det gjeld løpskraft. Eg måtte faktisk la han kvile litt på slutten då han allereie hadde fått eit gult kort. Viss ikkje så hadde han sikkert halde fram enda, smiler Rognsø og såg at midtbanemotoren også scora Førde sitt andre mål. Det første målet kom på straffespark ved Sander Aamelfot etter at Jacob Bergset vart felt minst to gonger.- Det var iallfall minst eit straffespark der. Og Sander gjorde det han skulle frå 11-meteren, seier Rogsnø og ser at kantspelaren sin er toppscorar med totalt sju mål etter fire kampar i Norsk Tipping-ligaen.Kom på kamp!

-Tre poeng på bortebane mot eit sterkt Lillehammer-lag viser at vi har utvikla ein god porsjon taktisk klokskap. Og i dag er det verkeleg grunn til å framheve dei som tok dei tyngste taka defensivt. Det viser berre kor viktig det er å ha klokskap i troppen, seier Rognsø etter den sterke 0-2-sigeren på Jorekstad.Neste kamp for Førde sitt A-lag er mot Kongsvinger 2. Den kampen vert spelt på Førde stadion søndag 8. mai klokka 13.00.Det er berre å førebu seg på den kampen.

Tekst og foto (arkiv): Stig Roger Eide

Første seriekamp for damelaget

OPNAR MED TØFF BORTEKAMP

 
 
 
I fjor vann Førde sitt damelag 3. divisjon. Målet er å vere i toppen i år også. – Ja, det skulle berre mangle, seier hovudtrenar Bjørn Totland.
Trenartroikaen Bjørn Totland, Terje Norevik og Ottar Klopstad rår over ei stor tropp til årets sesong i 3. divisjon for kvinner, og har som mål å vere med å prege det øvre sjikt av tabellen.
– Ja, dei fleste av våre spelarar var også med i fjor, og har utvikla seg gjennom vinteren. Så vi bør absolutt vere med i toppen. Dessutan er vi opptekne av at spelarane skal utvikle seg, og at resultatet av det er at laget som heilskap skal prestere bra, seier Totland.
 
Utsett den første
 
Den første seriekampen skulle eigentleg ha blitt spelt sist fredag, men då det rir ei influensa-bølgje i Sogndal for tida, så akseptere Førde-leiinga å utsetje opningskampen til førstkomande tysdag.
– Allereie i den første bortekampen, så møter vi kanskje eit av laga som vil vere med i toppen i vår avdeling. Samstundes er vi usikre på kva tropp dette nye laget mønstrar, så lenge den nye klubben Sogndal FK endå ikkje har komme skikkeleg i gang. Dei har overteke Kaupanger sin plass i 2. divisjon, og planen er at dei skal ha eit tilbod til dei nest beste spelarane sine i 3. divisjon. Så dei vi skal møte er nok ei blanding av Sogndal FK 2 og Sogndal, seier Bjørn Totland føre den første kampen som blir spelt på Kvåle stadion i Sogndal tysdag klokka 19.30.
 
I toppen
 
I tillegg til spelarane som er avfotograferte her, så mangla trioen Inga Hoff, Ida Kristine Rotnes og Marit Hjelmeland Berqvam på trening denne kvelden.
– Vi har spelarar frå heile kommunen, og eg håpar vi kan gje eit godt tilbod til dei beste spelarane utan at det verkar negativt inn på dei mindre klubbane i området, seier Totland og viser til at spelarane har bustadadresse på plassar som Holsen, Sande, Kvammen, Naustdal, Eikefjord, Jølster og Førde.
– Dette er ein flott gjeng med utviklingsorienterte spelarar. No lengtar vi etter å komme skikkeleg i gang, seier hovudtrenaren.
I Førde si avdeling spelar følgjande klubbar: Måløy, Stryn, Eid, Sandane, Sogndal FK 2/Sogndal og Førde.
Dette er troppen: Bak frå venstre: Terje Norevik, May-Linn Honningsvåg, Stina Hillersøy, Kaya Bird Fonn, Viktoria Zablotna, Bea Hallstensen, Maria Høyvik, Una Claussen Thingnes, Astrid Bolstad Blikra, Sofia Paulen, Lea Storøy, Thea Holsen, Anne Gyldenskog Kilnes, Andrea Myren, Bjørn Totland og Ottar Klopstad.
Framme frå venstre: Linnea Aamot, Martine Aarnes, Agathe Slettehaug, Synne Bell Folland, Ingrid Sande Søgnen, Sofie Aarnes, Frida Skilbrei, Sigrid Welle, Nora Flatjord Gjelsvik og Eline Botnen.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

SOVE MED DRAKTA PÅ

FLEIRE HADDE SOVE MED DRAKTA PÅ

 
 
Gløym den første skuledagen! Den første fotballdagen er minst like spennande! – Gutungen min nekta å ta av seg drakta i går kveld. Han skulle vere klar til si første samling då han vakna!
Desse orda kjem frå ei av mødrene som hadde barn som deltok på si første samling for 6-åringar i Hafstadparken laurdag. Her myldra det av eit 60-tals hopefulle seksåringar, som skulle stifte eit første kjennskap med fotballen og dessutan få vere saman med heilt nye venner.
Ikkje så underleg at det var sommarfuglar hos dei fleste då.
 
– Ja, dette er stort for dei fleste. For både besteforeldre, foreldre og barn. Men vi har mange dyktige instruktørar og deler ungane inn i grupper etter kor dei bur. Dessutan har vi ei eiga gruppe for jentene. Det betyr at dei fleste mest sannsynleg kjem i gruppe med nokre som dei allereie kjenner. Og når dei først kjem i gang, så gløymer dei fleste at dei er usikre, seier Geir Vindheim.
Han er ansvarleg i Førde-fotballen for dette arbeidet, og med seg i i ansvarsgruppa for 2016-årgangen har han treningsrettleiar Karl Martin Norbom samt Mariann Flo og Thomas Fraas. Dessutan stiller følgjande åtte opp som foreldretrenarar:
Plass til fleire
 
Akitivitetsopplegg for 6-åringane starta opp i 2015 i Førde, og etter eit par sesongar med korona, var Vindhem usikker på responsen.
– Men det er tydeleg at det har ryktast blant dei unge, og i dag er vi omtrent 60 aktive. Og minst dobbelt så mange vaksne, smiler Vindheim og viser til at dei framleis har plass til fleire.
– Ja, det er berre å ta kontakt, og vi har stor boltreplass. Vi legg treningane til dei yngste til kunstgrasbana ved Førdehuset og slik blir opplegget framover:
⚽️Tirsdagar klokka 16.30-17.30: Gutar 6 år
⚽️Onsdagar klokka 16.30-17.30: Jenter 6 år
Det er som sagt plass til fleire, så viss du har ein 6-åring som vil begynne, tar du kontakt med Førde il Fotball på epost: barnefotball@forde-fotball.no
Dessutan vil desse seksåringane få tilbod om å vere med på dei populære Kongleriketurneringane. Den første for 2016-årgangen kjem allereie i Eikefjord 8. mai.
 
Dette er viktig
– Vi kjem til å koordinerte tilbodet for denne gjengen opp mot 7- og 8-åringane, som også har eit tilsvarande opplegg. Vi er opptekne av å gje eit tilbod til alle barn i fotballen. Aktivitetstilbodet er viktig fysisk og sosialt. Og berre ut frå å sjå deg rundt, så forstår du kor kjekt ungane har det. Og jammen trur eg mange foreldre storkosar seg også, seier Geir Vindheim og veit av erfaring at når den første timen er over, så er det få som har lyst til å gå heim igjen.
– Då er det godt å vite at det er ny samling allereie om nokre dagar, ler han.
På bildet er dei ansvarlege for årets aktivitetstilbod for 6-åringane. Frå venstre: Malene Lundøy, Thomas Fraas, Geir Vindheim, Karl Martin Norbom, Øystein Sellevold, Lennart Nyhammer, Finn Øve Øen, Terje Sande Solheim og Florin Nechita.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

Savland

Nettmaskene betyr alt for meg

Han har scora 28 mål på dei siste 14 kampane. På laurdag er han i gang igjen. – Det einaste som betyr noko for meg er å finne vegen til nettmaskene, smiler Vegard Savland lurt.

Gløym Erling Braut Haaland og hans scoringsrekordar ei stund. For Vegard Savland på Førde har eit gjennomsnitt av scoringar som går langt utanpå det norske spiss-ikonet. I år etter år har Savland scora mål for forskjellige klubbar i området, og han går nesten aldri av bana utan at det har blitt nettkjenning.

Bøttevis med mål
-Ja, det har vel blitt nokre mål gjennom åra. Viss eg ikkje tek heilt feil, så er det minst 138 mål, gliser Savland som er ein av trenar Terje Rognsø sine viktigaste spelarar når Norsk Tipping-ligaen startar opp på laurdag.
Klokka 14.00 startar oppgjeret mot Brumunddal i Hafstadparken i Førde, og som midtspiss vil Førde-trenar Terje Rognsø garantert stille med Vegard Savland. 28-åringen er ein notorisk målscorar, og har hatt suksess i dei klubbane han har spelt.
-Sidan eg starta for Tambarskjelvar som 16-åring har det blitt nokre klubbar, ja. Og ikkje minst mål, smiler Savland under ei av dei siste treningane føre seriestart.

To i snitt
-Etter Tambarskjelvar-debuten har eg fortløpande spelt for klubbane Førde, Saga, Tertnes, Tambarskjelvar, Stryn, Førde, Florø og så Førde igjen. Det flotte er at eg har fått spele på forskjellige nivå. No ser eg verkeleg fram til å spele for Førde i 3. divisjon igjen, smiler Savland som i fjor også vart lagets toppscorar med 25 mål på 12 kampar i Kretsligaen.
-Du veit, eg elskar å spele fotball, og eg er framleis svolten på å utvikle meg. Det å score mål triggar meg framleis mykje. Desse nettmaskene er alt eg er oppteken av. Så når kampen startar på laurdag, så er det ein ting som betyr noko for meg. Det kan du vere trygg på, understrekar Savland føre møtet med ein av seriefavorittane i årets Norsk Tipping-liga, Brumunddal.
Så kom deg på kamp og opplev Vegard Savland, du også!

Tekst og foto: Stig Roger Eide