KLARE FOR NY FINALE I ADIDAS CUP

Førde sitt G2007 kull er klar sin tredje strake finale i Adidas Cup. Dei to første har endt med siger. Søndag kl 0900 møter dei Fana i finalen.

Kongsberg slått 3-2 i semifinalen

Trenar Ørjan Vikum og resten av trenarteamet såg at laget tok leiinga tre ganger laurdag. Kongsberg var eit godt fotballag, så vi måtte verkeleg grave djupt for denne sigeren. Vi får det viktige 3-2 målet ca 10 minutt før slutt, og det blir mykje hawai dei siste minuttane. Pulsen på benken var heilt i taket, men gutane stod i mot presset og kan juble over nok ein finale i adidas cup.

Fantastisk prestasjon

Det er berre å gratulere gjengen med nok ein finale. No blir det eit skikkeleg vestlandsoppgjer i finalen. Kampen blir forsøkt streama i morgon, så vi kjem til å legge ut link når dette er klart.

Fakta:

Mål 1-0 – Kasper Haaland Furelid 6min 1-1 – 14min 2-1 – Vegard Lorgen 34min 2-2 – 47min 3-2 – Sjølmål 58min / innlegg av Daniel Gjelsvik 😮‍💨

-I DAG VAR DET MANNFOLK MOT GUTAR

Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug sine ord vart meir og meir forståelege etter at Førde utklassa sogningane heile 6-0 i Hafstadparken laurdag.

Det som i utgangspunktet skulle vere ein tett og jamn duell mellom to lag som kjempar for å unngå nedrykk, vart i staden einvegskøyr utover i kampen. Førde dominerte meir og meir, og utover i 2. omgang var det eigentleg berre spørsmål om kor stor sigeren til Førde skulle bli.

Ros til alle

-I dag skal alle spelarane ha ros for intensitet og løpsvilje begge vegar. Vi har hatt jamn stigning i mannskapet i det siste, men har fått altfor dårleg utteljing med tanke på poeng i dei siste kampane, seier ein tydeleg letta og glad Knut Erik Folland etter 6-0-sigeren. Og han er raskt framme med å rose alle spelarane som var i aktivitet i plaskregnet.

-Vi ser at denne viljen smittar over på alle. Også innbytarane som kjem inn har lyst til å bidra. Men det er klart at til dømes ungguten Nicolai Hvidsten gjer ein strålande jobb sentralt på midtbane. Han blir berre betre og betre. Og så har vi Jacob som duellerer som berre det, og Magne som er som ein virvelvind. Og så har vi Vegard som stikk i bakrom heile tida. Og så har…… Nei i dag fortener absolutt alle å få skryt. Dette var ein fantastisk dag, smiler Folland og vil helst flytte fokuset fra til dei to siste kampane.

Audmjuk sogning

-Det er dei to siste kampane som er viktig no. Vi skal kose oss med denne sigeren, men eg forventar same innsats i dei to siste kampane, mot Brumunddal og Elverum. Det er det alt handlar om, seier Folland og takker Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug for oppgjeret.

-Dette vart akkurat slik eg forventa. Våre unggutar har ikkje sjanse til å vinne desse duallane som Førde legg opp til. Eg rekna med at det vart langpasningar frå den bakre firaren deira. Og det stemte. Då hadde vi eigentleg ikkje sjanse. Og det er klart at hadde eg hatt dei same spelarane som Førde har, så hadde eg gjort det samme, seier Krosshaug og er audmjuk med tanke på at Førde fekk dominere banespelet utover i 2. omgang.

Kniven på strupen

-Resultatmessig var ikkje dette ein 6-0-kamp, men Førde lukkast med det meste i dag. Og det skal dei ha all ære for. Mine unggutar må lære av denne kampen. Slik er vaksenfotballen, og då må du gå i duellane. No har vi Spjelkavik og Hødd 2 igjen. Så vi har absolutt kniven på strupen, seier sogningen med ansvar for Sogndal 2.

-Eg håpar at både Florø, Førde og Sogndal 2 vil overleve, men akkurat no ser det mest alvorleg ut for vår del. Vi må iallfall gjere som Førde, og vise vilje til å vinne. Og akkurat der var Førde gode i dag. Så fullt fortent tre poeng til Knut Erik Folland og Førde i dag, seier Krosshaug og gjer klar for heimreisa til fruktbygda med null poeng i bagasjen.

Etter kampane i dag, ser botnstriden slik ut i Norsk Tipping-ligaen. Tre av desse laga vil rykke ned:

Brumunddal        31 poeng

Florø      27 poeng

Førde    25 poeng

Volda     25 poeng

Sogndal II           24 poeng

Spjelkavik            23 poeng

Hødd II                22 poeng (har spelt ein kamp mindre)

Raufoss II            10 poeng

Vi kjem med meir frå 6-0-kampen mot Sogndal 2 litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

FEKK DEBUTEN PÅ G16-LANDSLAGET I DAG

-Kjekt å få debuten på G16-landslaget i dag, ja. England er jo eit av dei betre laga, så vi er godt nøgde med 2-2, smiler Førde-spelaren Elias Grimeland etter kampen på dei britiske øyane.

Og som om det ikkje var kjekt nok å spele dei siste 45 minutta i oppgjeret mot England, så var opplevingane av å ferdast med dei dei beste engelske spelarane på hotellet ei stor oppleving for 16-åringen.

Med verdsstjerner

-Ja, det var faktisk litt rått å sjå mange av dei verdsstjernene du ser på TV. Her møtte eg mellom anna på både Jude Bellingham, Jack Grealish, Trent Alexander-Arnold og Kieran Trippier. Berre for å nemne nokre av dei mest kjende. Vi hadde forskjellige matsalar på hotellet, men kunne treffe på desse store stjernene i fellesarealet her, smiler Elias Grimeland om opplevingane med å bu på same hotell som det engelske A-landslaget, U21- laget, U17-laget og U16-laget.

-Det var ganske flott opplegg på det engelske forbundet sitt nasjonalanlegg for fotball. Men det viktigaste var sjølvsagt kampen i dag. Dessverre måtte eg stå over kampen på onsdag då eg budde på rom med ein av spelarane som måtte i karantene, fortel Førde-spelaren om opplevinga som medførte at totalt seks spelarar var indisponible til den første landskampen mot England.

I karantene

-Onsdag tapte vi 3-0, og var prega av at seks av spelarane var i karantene grunna noko som truleg kunne ha vore matforgiftning. Eg merka sjølv ikkje noko til sjukdommen, men måtte i karentene då romkameraten min vart sjuk. Men i dag fekk eg heldigvis spele heile 2. omgang. Og sjølv om vi ikkje har fått individuelle tilbakemeldingar endå, så var lagprestasjonen vår langt betre i dag, seier Elias etter kampen på St. Georges Park som ligg i Burton Upon Trent i Staffordshire, ikkje langt frå byen Stoke.

Kanskje til Gjøvik

-Eg gjekk glipp av landskampen på onsdag, men følte det gjekk ganske bra i dag. No skal vi ha felles middag i kveld, før vi set oss på flyet heim tidleg på laurdag. Så får eg da vurdere om eg skal vere med på Førde sitt G16-lag som i helga kjempar om siger i Adidas Cup på Gjøvik. Då eg stod over kampen onsdag, og berre spelte ein omgang på fredag, så kan eg sjølv bestemme kva eg skal gjere på sundag. Eg har iallfall ikkje hatt noko tøff beslastning, seier Elias Grimeland som heller ikkje får sjansen til å spele den viktige 3. divisjonskampen mot Sogndal 2 i Hafstadparken på laurdag.

-Nei, eg skulle gjerne spelt den kampen, og håpar sjølvsagt på ein trepoengar. Det treng vi, seier Elias og gjer seg klar for å ete middag med spelarane på det norske G16-landslaget i England.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

DET BLIR IKKJE KAMP HER

Det er allereie no bestemt at den viktige 3.divisjonskampen mellom Førde og Sogndal 2 på laurdag blir spelt i Hafstadparken. -Med den nedbøren som har vore i det siste er det sikkert ikkje vanskeleg å forstå, seier Per Øyvind Storevik.

Dagleg leiar i Førde il Fotball viser til at det allereie på torsdag vart avgjort at oppgjeret mot Sogndal 2 ikkje skal bli spelt på Førde stadion. Avgjerda er tatt såpass tidleg då det ikkje er utsikter til at bana skal tørke opp nemneverdig fram mot kamp-tidspunktet.

Kliss, klass

-I dag er det overvatn på store deler av bana, og med dei verutsiktene vi har fram til laurdag, er det like greitt å ta ei avgjerd no. Dette er ei avgjerd som også baneeigar, Sunnfjord kommune, er samd i, seier Storevik og viser til bana ved store nedbørsmengder ikkje maktar å ta unna vatnet som kjem “frå oven”.

-Det handlar mest sannsynleg om at den ligg på same kote som elva Jølstra når den går flaumstor. Slik den gjer no, seier han etter synfaring på bana.

Tre kampar igjen

-No er det rapportert inn til både Sogndal il Fotball, fotballkretsen og fotballforbundet at kampen er flytta. Vi skulle helst ha spelt på Førde stadion, men har bestemt at det er like greitt å ta ei avgjerd i god tid. Vi vil heller ikkje øydeleggje bana med å gjennomføre ein kamp her no. Vi har også ny heimekamp om 16 dagar, og då kan det sjølvsagt hende at bana har tørka nok inn. Det er det berre vergudane som kan hjelpe oss med, seier Storevik.

Thriller

Dermed er det slått fast at den svært viktige kampen om å unngå nedrykk frå Fair Play-ligaen etter årets sesong blir spelt på bane 1 i Hafstadparken laurdag klokka 14.00. Sogndal 2 har 24 poeng, medan Førde, Volda og Hødd II alle har 22 poeng når det er tre kampar igjen av årets serie. Minst eit av desse fire laga vil venteleg måtte ta den tunge vegen ned etter siste serierunde. Samstundes skal heller ikkje Florø på 27 poeng føle seg 100 prosent sikre.

Uansett går det mot ein nedrykksthriller av dimensjonar med mange lag frå Nordvestlandet involverte.

Kom i Hafstadparken laurdag klokka 14.00 DU også.

Førde-spelarane treng all mogleg støtte.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Klar for finalehelg i Adidas Cup

Førde sitt G16 lag spelte sundag kvartfinale i Adidas Cup på Gol mot Rælingen. Det var før kampen knytt spenning til om laget kunne klar finalehelg for tredje året på rad.

Tett og spennande

Førde vant ein fortent siger, men spenninga varte heilt dommer blåste av kampen. Det var først etter 55 min at Daniel Gjelsvik satt inn eit skudd som skulle vise seg å bli det einast målet i kampen.

Dermed kan 2007 kullet nok ein gong gjere seg klar til finalehelg på Gjøvik. Finalehelga er 14-15 oktober. Her møter dei Kongsberg i semifinalen laurdag, mens det blir finale eller bronsefinale sundag mot enten Fana eller Myra UIL.

Gratulerer til alle spelare, trenare og heiagjengen.

-NO BLIR DET BÅDE BETRE OG BILLEGARE

-Haustens akademi-treningar blir både billegare og betre enn tidlegare, seier Bjørn Totland. No er allereie 10 trenarar klare for dei første øktene som startar opp i veke 41.

Frå 9.oktober startar Førde il Fotball opp med akademiøkter for spelarar fødde i åra 2011, 2012, 2013 og 2014. Den første veka vil øktene vere på dagtid. Nytt av året er at det i tillegg til to grunnøkter i veka, så vil det frå november komme tilbod om ekstra futsal-økt inne i Førdehuset. Det kan også bli aktuelt med både helgesamling og morgontreningar for dei ivrigaste.

Puslespel

-Vi er i ferd med å leggje på plass dei siste brikkene i planleggjinga, og kjem til å gje eit betre tilbod enn kva som har vore tilfelle tidlegare. Dessutan er det planar om å gjennomføre ei eiga akademi-turnering i slutten av november med deltakarar frå klubbane Eid, Sogndal og Florø.

-No er vi i ferd med å få på plass eit stort og godt team rundt akademi-satsinga. Dette opnar også opp for at viss det er trenarar i barnefotballen som har lyst til å hente inspirasjon og anna, så er det berre å ta kontakt. Vi håpar på den måten å involvere mange trenarar, som også vil fungere som trenarskulering i klubben, seier Totland som står fagleg ansvarleg for akademiet som går under namnet Åsen & Øvrelid-akademiet.

Billegare

-Dessutan trur eg det er mange som vil like at vi set ned prisen på Akademiet med 500 kroner i haust. Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at prisen har vore for høg, og dette har vi prøvd å komme i møte. Vi har mellom anna kutta ut Akademi-gensaren, og har fokusert på innhaldet i øktene. Vi opnar dessutan opp for at spelarar frå andre klubbar i nærleiken også skal kunne få plass. Ikkje minst håpar vi at god dialog med andre særidrettar skal gjere det lettare for dei unge å finne tilbod som passar for dei. Det er alltid mogleg å finne gode løysingar på slikt, seier Totland og trur årets akademi blir eit populært tiltak.

-Vi har allereie god påmelding, og trur vi får mange gode grupper i haust. Det er ganske store barnekull i området, og vi reknar med at mange vil finne dette interessant. Ikkje minst håpar vi at mange jenter vil søke, seier Totland om årets Førde-akademi.

Treningane vil stort sett vere i Hafstadparken, men frå november månad får Førde il Fotball også tilgang til Førdehuset. Basisdagar er måndag, onsdag og torsdagar, og treningane vil gå frå 15.30 til 16.45.

På bildet ser vi instruktørane i årets Åsen & Øvrelid-akademiet: Bak frå venstre: Elise Astad Sygna, Frank Robert Værn, Alexander Lekva, Bjørn Totland og Jonas Nistad. Framme frå venstre: Frida Skilbrei, Marit Hjelmeland Berqvam og Viktoria Zablotna. Dessutan skal både Karl Martin Opseth Norbom og Thomas Fraas vere instruktørar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Sterk siger til Førde 3

Førde 3 tok måndag kveld turen til Årdal for å møte opprykksjagande Årdal 2. På forhånd sett på som ein meget vanskeleg kamp.

Ingen ting å tape alt å vinne 😊

Strategien til Benny Rivedal før kampen var klar – Her skulle Førde være offensiv og spele angrepsfotball. Benny kunne etter kampen konstantere at dette er spelemessig den beste kampen i år. Vi produserte fleire store sjanser og ein mengde med nesten sjanser. Sjølv om Årdal også hadde sine moglegheiter vinner vi fortent, men sigersmålet satt langt inne. I det 95 minutt ble vi tildelt straffe etter at Hallvard Sagevik ble felt etter en kontring – Straffen satte Elias Lekva kontant i mål på kampens siste spark.  Dermed enda kampen med 2-1 siger til Førde 3. Førde 3 sitt første mål blei skora av Linus Hagenes etter 31 minutt, mens Årdal utlikna etter 75 minutt. Årdal pådro seg også to raude kort i situasjonen rundt straffesparket i det 95 minutt.

Imponerande resultat av Førde 3 som stilte med følgande lag:

Nikolai Berqvam, Linus Hagenes, Markus Solnørdal, Henrik Strømmen, Oscar Sørheim, Elias Lekva, Tobias Vikøren, Hallvard Sagevik, Norfinn Tonning, Arne Olai Vallestad, Miguel Garfors, Matias Steen

Neste kamp til Førde 3 er borte mot Hafslo/Bjørn/Fanaråk søndag 1 oktober. Dette er nest siste kamp for sesongen før dei avslutter sesongen heime mot Kaupanger måndag 9 oktober kl 1900.

Sluttspurten starta for seint

Det enda med tap 3-2 for J14 i kvartfinalen mot KFUM-Kam Oslo lørdag på Gol. Jentene var i 2022 i sluttspelet, men grunna kolliderande kretsaktivitet fekk ikkje alle bli med. Dei var derfor veldig motivert for eit nytt sluttspel i år.

Kamplan var klar

Trenar Rasmus Faleide fortel om at dei hadde ein klar kampplan med å være direkte i starten, få ballen opp til deira mål og trykke dei bakover. Det lykkast vi ikkje heilt med, og slepp inn eit “merkeleg mål” etter 2 miniutt. Vi prøver å kjempe oss tilbake, og vi veit vi kan komme tilbake i kamper. Seinast onsdag henta vi inn 3 mål mot Sogndal.

I pausen vart vi einige om å på nytt prøve å ta tak i kampen, men i staden vart det KFUM som tok meir og meir over. Dei rundspeler oss nesten ein liten periode, og då står det brått 3-0 etter to dødballer. Vi legg då om formasjon, og får to reduseringsmål ved Andrea Løkkebø Lekva, Solveig Hoff. Desse måla kom dessverre for seint til å skaffe ekstraomgonger, men jentene skal ha ros for å ha gjort eit iherdig forsøk og kjempe heilt inn. Dermed var årets adidascup eventyr ute, og no må vi berre brette opp ermane til resten sesongen i lokal serie.

Vi ynskje KFUM-Kam Oslo lykke til i sluttspelet. Eit godt lag som var eit steg opp frå lokal serie, og vi håpar dei vinner heile adidas cup oppsummerer Rasmus Faleide.

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet 2023

Åsen & Øvrelid Fotballakademiet 2023

Er du klar til å støtte våre seniorlag?

Denne helga har alle våre fire seniorlag heimekampar, og alle håpar å få god støtte frå publikum.

Først ut er A-lag herre når dei lørdag møter topplaget Eidsvoll Turn til kamp på Førde Stadion lørdag kl 1300. Eidsvoll Turn er favoritter, men her har Folland sine menn planer om å revansjere tapet i vårsesongen.

SUPER SØNDAG I HAFSTADPARKEN

Søndag er det berre å komme i Hafstadparken. Her blir ikkje mindre enn tre kampar.

Kretsligaen Førde 2 – Årdal kl 1400

Førde 2 imponerte stort i førre serierunde med å slå Eid på heimebane. Denne gang er det serieleiar Årdal som kjem til parken. Førde sine nest beste har vist at dei kan slå kven som helst. Førde 2 har i mange kamper slitt med å skore, men no ser det ut som Sander Kapstad har funne skoringsformen. Med fire mål på dei tre siste kampane håpa vi at han fortsette mot Årdal.

3 Divisjon Damer Førde – Lyngbø kl 1630

Damene har allereie vist at dei tar nivået i felles serie med Hordaland. Det skiller kun tre poeng mellom 1 og 6 plass i serien, så blir det tett. Klare Vilde Wie og damene å følge opp 3-2 sigeren mot Loddefjord førre helg? Wie opna sin skoringskonto med to mål førre helg, og er klar for nye mål. 🙂 Damene håpar at mange vil ta turen for å støtte laget mot tre nye poeng.

5 Divisjon Førde 3 – Florø 2 kl 1900

Søndagens siste kamp er lokalderby i 5 divisjon mellom Førde 3 og Florø 2. Førde 3 har levert solide prestasjoner i årets sesong sjølv om det har vore stor rotasjon på laget grunna mykje skader. Det har vært mange unge som har fått prøve seg, og viser at det er mange talent i klubben. Ingen vil vel tape mot Florø ? Dei er også naboer på tabellen , så her blir det garantert ein spennande kamp.

KOM OG HEIE FRAM VÅRE LAG – HEIA FØRDE