BRØDRE-LAGET
Sjekk dette bildet! Då Førde slo Florø 4-0 i dag, så var heile fire brødrepar i aktivitet. -Brørne er jo snart heile laget, ler Førde-trenar Alexander Lekva etter storsigeren. Sjå desse åtte spelarane. Dette er brørne Rognebakke, Hvidsten, Sunde Sandal og Hanssen. I dag var alle desse spelarane i trenar Lekva sin tropp, og heile…
Sjekk dette bildet! Då Førde slo Florø 4-0 i dag, så var heile fire brødrepar i aktivitet. -Brørne er jo snart heile laget, ler Førde-trenar Alexander Lekva etter storsigeren.
Sjå desse åtte spelarane. Dette er brørne Rognebakke, Hvidsten, Sunde Sandal og Hanssen. I dag var alle desse spelarane i trenar Lekva sin tropp, og heile seks av dei fekk speletid då dei møtte naboklubben Florø.
Mange brør
-Det er ganske spesielt at vi har så mange brør i troppen. Det kan godt hende at det kan gå litt i surr for enkelte som skal følge med, ler Lekva som etter dagens kamp mot Florø for fjerde gang gjekk av bana som vinnar.
-Ja, det er litt spesielt, men eg har aldri tapt dette lokaloppgjeret. Då eg var trenar i Florø så vann vi begge kampane, og no har vi også vunne to på rad med Førde. Det er jo ein god statistikk da, ler Alexander Lekva etter at han har delteke i jubelropet i Førde-garderoben.
Gunstige tidspunkt
-I dag var vi spesielt gode dei første 20 minutta. Elles var det ein heilt okey dag spele- og prestasjonsmessig, men eg føler vi har god kontroll heile tida. Sjølv om keeper Fredrik Hanssen heldt oss inne i oppgjeret i 1. omgang, seier Lekva og viser til at scoringar på gunstige tidspunkt var viktig.
-Det tidlege målet roa nok ned litt nervar, og dei to kjappe midt i 2. omgang punkterte kampen. Dette var ein fullt fortent siger, og er vår tredje på rad utan baklengsmål. Det er tilfredsstillande, seier Lekva etter kampen.
På bildet ser vi bak frå venstre Elias og Ola Rognebakke, Andreas og Nikolai Hvidsten samt Gaute og Håvard Sunde Sandal. Framme frå venstre brørne Kristoffer Dale Hanssen og Fredrik Hanssen. Fire brødrepar i ein og same kamp for Førde!
Det kjem meir om kampen, både tekst og bilde, seinare.