BEST I NORGE FOR ANDRE GONG

Publisert 09.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Førde ser ut til å ha lagt beslag på 1.plassen i Adidas Cup. Sundag vann dei 3-1 over Kolbotn i finalen på Gjøvik, og kunne juble over sin andre strake siger. -I dag skal LAGET med store bokstavar framhevast. Eg trur nesten ikkje eg har sett eit lag spele så fin og god fotball som…

Førde ser ut til å ha lagt beslag på 1.plassen i Adidas Cup. Sundag vann dei 3-1 over Kolbotn i finalen på Gjøvik, og kunne juble over sin andre strake siger.

-I dag skal LAGET med store bokstavar framhevast. Eg trur nesten ikkje eg har sett eit lag spele så fin og god fotball som det denne 2007-gjengen (med ein spelar, Gaute Sunde Sandal, fødd i 2008) gjorde i dag. Den første omgangen gjorde vi Kolbotn til statistar, og i tillegg til tre mål var det heile fem gonger at ballen smalt i treverket bak keeperen deira, fortel trenar Lars Ove Nistad etter at feiringa er avslutta på Gjøvik.

Alle på bana

Nistad er spesielt oppteken av å framheve at alle 19 spelarar i troppen vart nytta i finalekampen, og at alle bidrog på sin måte.

-Vi snakka på førehand om spurt og tempo som to viktige element. Her responderte alle 19 spelarar på ein heilt fantastisk måte. Spelvendingar og kantovergangar sat som smurt, og vi leika oss faktisk med Kolbotn. Publikum, motstandarlag og arrangørar kom bort til oss etter kampen og gav oss skryt for fantastisk underhaldning. Det er slikt som varmar eit trenarhjarte, seier Lars Ove Nistad og sender kjapt ballen tilbake:

-Dessutan har desse to årskulla ei fantastisk foreldregruppe og eit unikt støtteapparat rundt laget. Og det er ikkje mogleg å unngå og trekkje fram lagleiar Kariann Husevåg Løland sin innsats. Ho er berre heilt fantastisk, strålar Førde-trenaren medan bilen hans med spelarar er på veg mot Fagernes og Filefjellet på returen.

Andre på rad

Målscorarar i oppgjeret var Daniel Gjelsvik (2) og Vegard Fløholm.

-Dessutan vart Teodor Aamot kåra til banas beste spelar i finalen. Han var ekstremt god, men jammen var det mange som kunne ha fått ei slik utmerking på dette Førde-laget i dag, understrekar Nistad.

No er dette andre året på rad at Førde vinn med dette laget, og dermed på veg mot å bli historisk.

-Ja, vi fekk høyre det at Fyllingen vann fire år på rad. Då er vi halvveges mot det målet, ler Nistad etter sin andre siger i denne landsomfattande cupen.

-Klart at vi er stolte over denne bragden. Det skulle berre mangle. Det å gjennomføre ein så tøff cup utan tap to år på rad er heilt unikt. Så desse gutane fortener faktisk all den ros dei kan få, avsluttar Nistad.

Førde il Fotball gratulerer sjølvsagt også.

Vi kjem tilbake med meir stoff om finalen i Adidas Cup seinare.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kariann Husevåg Løland

Relatert