Avsparket er tatt – sesongen kan begynna

Publisert 04.04.2025 av Helge Bjørke

Del via

Torsdag arrangerte Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Førde IL Fotball kick-off på Scandic Sunnfjord.

Eg satt igjen med frysningar etter arrangementet. Det var ei stor oppleving og viktig møteplass, oppsummerar dagleg leiar Per Øyvind Storevik årets kick-off.

Årets kick-off som var eit samarbeid mellom Førde IL Fotball og Sparebank 1 Sogn og Fjordane blei ein stor suksess. Det var mange frammøtte som fekk servert inspirasjon inn mot ein ny fotballsesong. Headliner Knut Skeie Solberg engasjerte og skapte ein magisk stemning i salen då han snakka om kultur og lagsbygging. Ei retning Førde som klubb ynskjer å jobba for.

Sponsorane er vår grunnmur

Programmet blei åpna av dagleg leiar Per Øyvind Storevik og styreleiar Finn-Ove Øen. Verdien av våre gode samarbeidspartanar blei løfta fram og i den samanheng fekk Sparebank 1 Sogn og Fjordane ordet. Der overraska dei klubben med fleire gode nyheter.

Tidligare denne veka fekk vi tildelt 300 000 kroner frå Sparebankstiftinga, medan torsdag fekk vi overrekt to sjekkar frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane på 150 000 og 175 000 kroner. Tre fantastiske gåver som vi er ydmyke og svært glad for. Det gir oss rom til å skape eit midlertidig takoverbygg på Førde Stadion, som Åsen & Øvrelid AS allereie er i gang med, og kioskvogn.

Som ei avslutning på denne sekvensen blei årets dame- og herredrakt lansert.

Menneske- og spelarutvikling

Knut Strand Løseth var neste på programmet, som la fram dei overordna måla våre knytta til fotballaktiviteten i klubben. Vi ynskjer og jobbar kvar dag for at flest mogleg spelar fotball lengst mogleg i vår klubb, og at enkeltspelaren blir best mogleg. Knut la fram vår visjon og våre nye verdiar glede, utvikling, trivsel og samhold. Vidare snakka han om korleis vi ynskjer at våre leiarar og spelarar skal framstå.

Hovudattraksjonen i programmet kom til slutt. Då fekk vi eit forrykande innlegg av Knut Skeie Solberg. Han dykka ned i kultur og lagsbygging. Klubben og bankens mål var å servera dei frammøtte inspirasjon til å skapa gode lagsmiljø. Knut svarte til dei grader til våre forventningar og gav oss alle den energien vi treng inn mot ein ny og spennande fotballsesong. Vi tar med oss budskapet om lagets kraft og korleis individ kan bygge lag og laget igjen hevar individets prestasjonar. Eksemplar som Warholm, orienteringslandslaget og alpintlandslaget vart trukke fram. Solberg avslutta sitt foredrag med eit eige epos til Førde.

Vi i Førde takkar Sparebank 1 Sogn og Fjordane for eit godt arrangement og alle dei frammøtte for eit godt avspark. Takk også til Knut og Knut for to gode innlegg.

Vi ynskjer alle lag i Sogn og Fjordane lykke til med fotballsesongen 2025 – Husk Fair play.

Relatert