Damelaget - dame fotball - førde fotball - førde il

KAPTEINEN BLIR SNART MENIG SOLDAT

KAPTEINEN BLIR SNART MENIG SOLDAT

Med 8-0-siger over Sogndal, hadde midtstoppar og kaptein Una Claussen Thingnes ein roleg kveld på bana. Snart skal ho inn i miltæret og passe grensa mot Russland, men då som menig soldat.

 

-Ja, eg skal i militæret frå nyttår. Då skal eg gjennomføre 12 månadars førstegangsteneste på grensa til Russland. Det blir garantert ei stor endring, seier Una Claussen Thingnes rett etter at Førde-damene har vunne heile 8-0 over Sogndal.

 

Kaptein

-Dette var ein svært god kamp av oss, og vi hadde eigentleg god kontroll gjennom heile oppgjeret. Og det er artig å spele fotball når det fungerer så godt, smiler 2003-årgangen som denne sesongen har vore lagets kaptein.

 

-Ja, eg var kaptein når eg spelte for Tambarskjelvar også, og har fått same oppgåva her dette året. Det er kjekt. Men når eg skal i militæret, så blir eg berre vanleg menig soldat, ler midtstopparen og såg at lagvenninnene på laget score heile åtte mål mot Sogndal. Dermed revansjerte dei det forsmedelege tapet dei hadde mot Sandane i siste serierunde.

 

God midtbane

-Ja, det var godt at vi fekk det skikkeleg til å svinge i dag. Midtbana med Lea Storøy, Thea Holsen og Stine HIllersøy tok fatt i oppgjeret tidleg, og vi kom til mange sjansar. Ja, dette var ein flott fredagskveld, smiler kapteinen.

 

Førde sine mål vart scora av Sigrid Welle (2), og ho vart også kåra til banas beste, Lea Storøy (2), Inga Hoff (2) og eitt mål på både Sofia Hagen Paulen og Thea Holsen.

 

Neste kamp for 3. divisjonslaget Førde er ein utsett kamp på Fosshaugane Campus førstkomande måndag mot same lag som dei møtte fredag kveld, Sogndal/Sogndal FK 2.

 

Kampfakta

Førde-Sogndal/Sogndal FK 2 8-0 (4-0)

100 tilskodarar

 

Mål:

  1. 8 min Inga Hoff
  2. 18 min Sigrid Welle
  3. 28 min Inga Hoff
  4. 41 min Inga Hoff
  5. 59 min Lea Storøy
  6. 61 min Lea Storøy
  7. 83 min Sofia Hagen Paulen
  8. 89 min Thea Holsen

Førde: Sofie Honningsvåg Aarnes (Ingrid Sande Søgnen i 45. min), Marit Hjelmeland Berqvam (Synne Bell Folland i 45. min), Viktoria Zablotna, Linnea Lervik Aamot (Martine Honningsvåg Aarnes i 74. min), Una Claussen Thingnes, Lea Storøy, Stina Hillersøy (Nora Flatjord Gjelsvik i 60. min), Thea Holsen, Sigrid Welle, Inga Hoff

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

 

 
 

Førde fotball - førdepatrioten - Førde IL - Førde

FOTBALL HEILE DØGNET OG ALLE DAGAR

FOTBALL HEILE DØGNET OG ALLE DAGAR

 

Når andre snakkar om fridagar og frikveldar, ler Elias Øvretveit Larsen. – Eg får energi av å vere saman med unge menneske som vil lære noko, seier trenaren.

Elias Øvretveit Larsen er limet for dei vaksne spelarane på herresida i Førde-fotballen. Han trenar alle seniorspelarane i klubben, og er dessutan med på dei fleste kampane til desse. I løpet av den siste månaden har han hatt tre fridagar. Elles er det fotball og trening frå tidleg morgon til seine kvelden.

 

 

Stort ansvar

-Ja, det kan kanskje bli litt mykje. Eg hadde fri 1. mai, og då reiste eg på cupfinalen for å sjå favorittklubben min, Bodø/Glimt. Dessutan hadde eg fri måndag 9. mai og 17. mai. Det var to dagar utan fotball, ler fotball-entustiasten som er logistikkansvarleg for alle seniorspelarane på dei tre herrelaga i klubben.

-På A-laget er eg assistent under Terje Rognsø, medan eg sjølv har hovudansvaret for Førde 2. Når det gjeld Førde 3 har Benny Rivedal og Ørjan Vikum hovudansvaret, medan eg har mange av treningane, fortel Elias om jobben sin i Førde il Fotball som i løpet av den siste månadane har reist til bortekampar påfølgjande plassar Lillehammer, Florø, Volda, Sogndal og Øvre Årdal.

-Heimreisene er alltid lettare med siger, smiler 25-åringen.

 

Jobbar på Hafstad

Dessutan har han sidan vinterferien vore tilsett i 70 prosent stilling som lærar ved Hafstad vidaregåande skule.

-Der har eg faga kroppsøving og breiddeidrett. Heldigvis litt «i same gate» som det eg held på med elles, seier 25-åringen etter A-lag sin trening på Førde stadion føre kampen mot Raufoss laurdag klokka 13.00.

-A-laget hadde poengmessig ein god start på sesongen før det butta litt imot. Men prestasjonane har totalt sett ikkje vore gode nok, og vi håpar å heve botnnivået. Skade på erfarne spelarar har hatt mykje å seie, og når til dømes både Vegard Savland og Sander Aamelfot i angreppsleddet har vore ute med skade, betyr det mykje. Samtidig er det mange med lite erfaring som har tatt nivået raskt, seier Elias og ser med glede at begge desse to til dømes er i trening igjen.

 

Kamp på laurdag

-Ja, det ser mykje betre ut no. Sjølv om vi tapte bortekampen mot Volda sist helg, så var vi det beste laget. Dette er noko vi tek med oss inn til denne kampen. No skal vi vise oss frå ei betre side igjen. Og hugs vi har enda ikkje tapt ein einaste seriekamp på Førde stadion på lenge, lenge. Noko vi skal halde fast på, seier trenaren som har ansvar for eit 40-tals seniorspelarar i klubben.

Så husk kampen mot Raufoss 2 på Førde stadion laurdag klokka 13.00!

 

 

Førde fotball - førdepatrioten - førde IL

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

 

 
 

Førde Hødd fotballkamp

VI VART HARDT STRAFFA

-VI VART HARDT STRAFFA

 
 

Førde er ute av årets NM-cup, etter at Hødd vart for sterke på Førde stadion torsdag kveld.

-Det var kort og godt brutalt i 1. omgang. Då scorar Hødd på alle dei fire sjansane dei har, medan vi mislukkast på dei vi har. Så hardt og brutalt kan det vere, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter 1-5-tapet mot sunnmøringane.

 

Ute av NM

Og sjølv om det resultatmessig vart langt betre i 2. omgang, med 1-1 i målprotokollen, så må Førde takke for seg i cupen. På same måte som både Florø og Fjøra også måtte gjere det mot Sogndal og Aalesund.

-Ja, dette vart resultatmessig nedtur for dei tre lokale klubbane. Vi kan no ha fokus på serien og ikkje noko anna. Noko vi eigentleg også la til grunn i dag, seier Rognsø og tok ikkje sjansen på å nytte spelarar som Eirik Flatjord, Sander Aamelfot eller Vegard Savland i oppgjeret mot Hødd. Og truleg er dei alle klare til seriekampen mot Volda på bortebane søndag.

 

Serien neste

-Ja, eg håpar dei er klare då. Og dei som kom inn i dag gjer ein god jobb. Spelemessig var det langt betre enn mot Florø, sjølv om vi ikkje fekk utteljing på samme måte som Hødd. Eg trur faktisk ikkje keeperen vår,Fredrik Hanssen, har ei einaste redning i dag. Det fortel eigentleg alt om kor effektive Hødd var, seier Rognsø etter oppgjeret på ei tørr og humpete Førde stadion.

-Det er ikkje lett å spele fotball på ei slik bane, men det er jo samstundes likt for begge lag. Og i dag er det tydeleg at Hødd profiterer på at dei er fysisk sterkare og tøffare enn oss. Men det visste vi jo på førehand. Dei er trass alt eit topplag i 2. divisjon med klare ambisjonar om å rykke opp til OBOS-ligaen. Men eg føler at resultatet lyg litt i dag, sjølv om det sjølvsagt er fortent at Hødd er vidare i NM-cupen, seier Førde-trenaren og ruslar av grasmatta på Førde stadion.

 

 

Kampfakta

1.runde i NM-cupen

FØRDE-HØDD 1-5 (0-4)

250 tilskodarar

Mål:

    1. 3 min Oskar Sira Sivertsen
    2. 11 min Oskar Sira Sivertsen
    3. 30 mon Ola Heltne Nilsen
    4. 35 min Robin Hjelmeseth

1-4 46 min Mathias Sagevik (str)

1-5 86 min Alfred Schriven

Dommar: Sivert Endestad Orheim, Florø

Gult kort: Andreas Årseth , Førde

Førde sitt lag: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Ole Petter Hjelle Larsen, Andreas Årseth, Kim Vik (Andreas Tefre i 45.min), Magne Aarøen (Stefan Aase i 45.min), Mathias Sagevik (Mathias Helgheim i 82.min), Elias Vindheim, Ntege Kone (Lasse Aamelfot i 65.min), Jacob Bergset (Kristian Henrik Lilleaasen i 73.min), Kristian Bell

 

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

førde fotball

MÅ GJERE FLEIRE ENDRINGAR MOT TOPPLAGET

– MÅ GJERE FLEIRE ENDRINGAR MOT TOPPLAGET

 
 

Førde møter den norske meistaren frå 2012 på Førde stadion torsdag kveld. –Med tett kampprogram må eg gjere fleire endringar på laget, seier Terje Rognsø.

Førde-trenarenog spelarane har ikkje fått mange dagane på å slikke såra sine etter det forsmedelege tapet mot Florø 16. mai. Allereie torsdag klokka 18.00 kjem Hødd for å spele 1. runde i NM-cupen, og sunnmøringane har sjølvsagt ambisjonar om å kopiere bragden sin frå 2012, då dei vann sjølve cupfinalen på Ullevaal. Dessutan har laget fått ein pangstart på årets sesong, og leiar avdelinga si i Post Nord-ligaen. Som er divisjonen over det nivået Førde spelar i denne sesongen.

 

Tøft program

-Ja, det er vel ingen tvil om kven som har favorittstempelet i denne kampen. Dessutan må vi vere forsiktig med nokre spelarar, då tre kampar på under seks døgn kan vere for tøff belastning på nokre. Så det blir nokre endringar i start 11´aren frå kampen mot Florø, seier Rognsø som fekk gjennomfært ei lett økt på grasmatta på Førde stadion onsdag kveld.

-Vi har fått lagt Florø-kampen bak oss, og ser offensivt på kampen mot Hødd. Dei har hatt ein god start på sesongen i 2. divisjon, sjølv om det «berre» vart 1-1 mot Vegard Forren og Træff på dei sist helg. Men dei har fått kvile sidan då, og kjem sikkert spelesugne til Førde, seier Rognsø om det som blir årets andre kamp mot sunnmørsklubben.

 

Slo Hødd 2

-Ut frå det eg har sett, så spelar både Hødd 1 og Hødd 2 ganske likt. Vi hadde god kontroll då vi vann 5-0 mot Hødd 2 i årets første seriekamp på Førde stadion, men møter nok eit lag som er noko betre på torsdag. Men eg har nok av erfaringar på at i ein enkelt kamp, så kan det meste skje, seier Rognsø som mest sannsynleg vil spare spelarar som Eirik Flatjord, Sander Aamelfot ogStefan Aase i dette cup-oppgjeret.

-Nokre spelarar treng litt lenger restitusjonstid, og du veit at allereie på søndag skal vi møte Volda i seriekamp på Sunnmøre. Men målet er uansett å lage ei aldri så lita cupbombe på Førde stadion torsdag, seier Rognø og set spelarane i aktivitet på ei formasjonstrening onsdag kveld.

-Det blir nokre endringar på laget, og då er det viktig å gjere spelarane bevisste på kva val dei skal ta. Og vi skal bite godt frå oss på torsdag, avsluttar Førde-trenaren.

Husk kampstart på Førde-Hødd torsdag 19. mai klokka 18.00.

 

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

Florø førde fotball

VI HAR BERRE OSS SJØLVE Å SKULDE PÅ

– Vi har berre oss sjølve å skulde på

 
 

Medan det var ekstatiske scener på Florø-spelarane etter kampen, rusla Førde tafatte og slukøyra inn i garderoben. -Ja, dette var ikkje akkurat det vi hadde håpa på, seier Terje Rognsø.

Førde tapte lokaloppgjeret mot Florø med 2-0, og få på tribunen kunne påstå at det var ufortent at heimelaget tok alle tre poenga. Florø fekk ei tidleg (og noko heldig) leiing, og etter det styrte dei kampen inn i sitt spor.

-Ja, vi har snakka heile veka om at vi skal gå ut på bana og ikkje vere redde for å ta kommendoen. I staden gjer vi akkurat det motsette, seier Rognsø sjølvransakande etter tapet i sin heimby.

 

Viktig siger

-Ja, vi ser at fotball er følelsar, og at ein siger mot Førde er viktig. Og Florø brukte sjølvsagt alle dei triksa som dommaren tillater, seier Førde-trenaren og siktar til at dei siste 45 minutta stort sett bestod av Florø-spelarar som låg nede med krampe og spelarar som hala ut tida. Effektiv spelegtid var det lite av.

-Men så lenge dommaren aksepterer det, så må vi lære. Så sjølv om vi leverte ein betre 2. omgang, så var det nesten umogleg å få noko rytme på spelet. Så dette har vi verkeleg grunn til å vere skuffa over, seier Rognsø og høyrer at i nabogarderoben så rungar «Florø by, stolt og kry» lenge, lenge etter kampslutt.

 

Ferskvare

-Det var tydeleg at for Florø så var dette viktig, både med tanke på lokaloppgjeret og tabellsituasjonen. No er dei oppe i ryggen på oss, og kan puste litt ut. Medan vi verkeleg må gå i oss sjølve. Dette er ikkje noko å vere stolte av. Men heldigvis er fotball ferskvare, og eit tap er fort gløymt. Ikkje minst fordi det om tre dagar er ny kamp, seier Rognsø og viser til at leiaren i divisjonen over, Hødd, allereie 19. mai entrar Førde stadion til 2. runde i NM-cupen.

-No må vi bruke kvelden i dag og 17. mai på å riste dette av oss. Så må tankane vere retta mot Hødd-kampen. Då må vi vise oss frå eit heilt anna side, avsluttar Rognsø og ser at feststemninga er i ferd med å ta seg opp blant flesteparten av dei 1700 på tribunene.

-For Florø var dette heilt ideellt på bursdagen til byen, og fin oppstart til 17. mai. Inne i vår garderoben er det ikkje akkurat den stemninga, seier Rognsø tappert.

 

Florø førde fotbakk

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

Førde fortball - førdepatrioten

Lokaloppgjer mellom Førde og Florø

– EG ELSKAR DESSE LOKALOPPGJERA

 
 
Eirik Flatjord har spelt fotball på seniornivå i snart 20 år, og har spelt eit utal av lokaloppgjer mellom Førde og Florø. – Difor ser eg verkeleg fram til kampen på måndag, seier forsvarsspelaren.
Lokaloppgjera mellom Førde og Florø har ei lang historie bak seg, og har i periodar vore den 16.mai-kampen i norsk breiddefotball som har hatt størst appell hos publikum. 1000 tilskodarar er langt meir vanleg enn uvanleg, og fleire gonger har det vore godt over 2000 tilskodarar. Seinast under den siste 16. mai-kampen mellom sunnfjordbyane, i 2016, var det 2503 tilskodarar i Hafstadparken.
 
Jubileum
– Det er jo gjerne på grunn av desse kampane at vi held på. Dette er sjølvsagt motiverande for oss som spelarar, seier 35-åringen som på måndag faktisk kan jubilere med å spele sin 10. 16.mai-kamp mot Florø. Grunnen til at det ikkje er eit høgare tal for spelaren, som har langt over 300 kampar for Førde, er at naboklubbane i nokre sesongar ikkje har spelt i same divisjon, grunna nedrykk eller opprykk (sjå statistikken under).
Og grunna Florø si storheitstid med opprykk til OBOS-ligaen og Førde sin ditto nedrykksperiode til 4. divisjon, så har det ikkje vore lokaloppgjer mellom desse to klubbane sidan 2016.
Faktisk seks år sidan!
 
Opp og ned
– Den kampen i 2016 er ikkje noko å hugse. Vi hadde akkurat slått ut Brann i NM-cupen og spelt jamt med Sogndal. Så vi trudde nok at vi var gode då vi skulle møte Florø. Og det er aldri lurt i fotball. For Florø var på motsett kurs som oss, og knuste oss 0-4 i Hafstadparken. Då starta Florø si klatring på tabellen, medan vi sank djupare og djupare, og rykka til slutt ned, minnest forsvarspelaren om det siste møtet mellom desse to klubbane.
Derimot har han hatt mange flotte opplevingar på 16. mai-kampar i Florø. I 2015 vart det 1-1 etter scoringar av Vegard Savland og Peter Aase, medan det vart 0-1-siger i 2012. Då var det Kristian Fardal Opseth som vart matchvinnar føre 2000 tilskodarar på Florø stadion.
– Eg hugsar ikkje sikkert når eg var med på den første 16.mai-kampen mot Florø. Hugsar berre at det vart Førde-siger, så det kan ho vore i 2003 eller 2004. Eller kanskje 2005. Det er uansett lenge sidan, smiler den fotrappe forsvarsspelaren.
 
I toget
– Ein siger på 16. mai betyr alt med tanke på nasjonaldagen vår, 17. mai. Det er alltid lettare å gå i 17. mai etter ein siger, smiler Flatjord og veit at slike kampar har ein tendens til «å leve sitt eige liv».
– Ja, dette er alltid spesielle kampar med høg temperatur og mykje blest rundt. For vår eigen del har vi hatt god poengfangst hittil i sesongen, men er samstundes veldig klare på at prestasjonane må opp fleire hakk. Og eg både håpar og trur at det skal skje mot Florø 16. mai. Då skal det iallfall ikkje stå på motivasjonen, seier veteranen over alle i lokalfotballen, Eirik Flatjord.
Så kom på kamp DU også!!
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Statistikk for 16. mai-kampar i dette tusenåret:
2000: Førde-Florø 1-2
2001: Florø-Førde 1-3
2002: Førde i 2. divisjon.
2003: Førde-Florø 2-1
2004: Florø-Førde 0-3
2005: Førde-Florø 4-1
2006: Florø i 4. divisjon
2007: Førde-Florø 1-2
2008: Florø-Førde 2-0
2009: Førde-Florø 2-1
2010: Førde i 2. divisjon
2011: Førde i 2. divisjon
2012: Florø-Førde 0-1
2013: Førde i 2. divisjon
2014: Førde-Florø 0-1, mål ved Stefan Aase.
2015: Florø-Førde 1-1, mål ved Peter Aase og Vegard Savland.
2016: Førde-Florø 0-4, mål ved Endre Kupen (2), samt brørne Erlend og Runar Hove.
2017: Florø i OBOS-ligaen
2018: Florø i OBOS-ligaen
2019: Florø i 2. divisjon
2020: Florø i 2. divisjon
2021: Florø ned i 3. divisjon, Førde opp frå 4. divisjon
2022: NYTT LOKALOPPGJER!!!!!!
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide
 
 
 

Førdepatrioten - vookal - digital - nettavis

No er Førdepatrioten digital

Velkomen til Førdepatrioten

 

Førde Stadion er den fysiske heimen til Førde Fotball, der vi kjempar om poeng. Fordepatrioten.no blir den digitale arenaen, der vi skal kjempe om Førde-hjarter, spreie entusiasme og dele dei gode historiene om mangt og mykje. 

 

– Førdepatrioten har i ei årrekkje vore Førde Fotball sitt sponsormagasin. Her har vi delt historier, både om fotballen og våre støttespelarar. No blir fordepatrioten.no eit nettmagasin, som skal modernisere kommunikasjonen vår ut mot publikum. Vår digitale heimebane, som skal spreie det gode bodskap om Førde Fotball og deira samarbeidspartnarar, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag.  


Ein må kommunisere godt digitalt i dag 

– Førdepatrioten som papirmagasin har vore eit godt samarbeid mellom Førde Fotball og deira sponsorar, men no er tida er kommen for å tenke nytt. Den digitale kvardagen grip stadig meir om seg, og det er viktig å henge med. Førde Fotball og VOOKAL har i fellesskap komme fram til at tida er moden for å digitalisere meir av kommunikasjonsflyten frå Førde Fotball ut mot publikum og sponsorar. Fordepatrioten.no blir ei digital nettavis for fotballen, sponsorar og samarbeidspartar, med artiklar, videoar og informasjon. Vi bygger ein SoMe-fauna rundt, som skal bidra med å bygge merkevara Førde Fotball, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i VOOKAL. 


– Vi må vere der publikum er 

Lene Ellingsund er digital byråleiar i VOOKAL. Ho har ein master i digital marknadsføring og analyse, og jobbar dagleg med digital kommunikasjon. 

– Det er viktig å oppsøke ditt publikum der dei er. I dag er så godt som alle, både eldre og yngre, til stades i ulike sosiale medium. Kva kanalar som er rett å bruke varierer ut frå kva målgruppe du skal nå. Til dømes brukar flest vaksne Facebook, dei yngre finn du gjerne på TikTok og Snapchat, seier Lene og held fram. 

– Det er stor konkurranse om merksemda til brukarar i sosiale medium. For å skilje seg ut må ein målrette bodskapane sine mot konkrete målgrupper. Sidan Førde Fotball ønskjer å nå både dei yngste og dei eldste patriotane, vil dei bruke ulike sosiale medium, med innhald og bodskap tilpassa ulike målgrupper. På sikt er målet å digitalisere det meste av informasjonsflyten deira ut til publikum. Til dømes i form av QR-koder som sender deg til eit digitalt kampprogram, med videointervju med trenar/spelarar osv.

 

– Vi ser alltid framover 

Målet til fordepatrioten.no er å styrke merkevara Førde Fotball, og skape moglegheiter for større sponsorinntekter. 

– Som klubb ønskjer vi å alltid sjå på kvar vi kan bli betre. I dag skjer det meste av informasjonsflyt digitalt. Ved å styrke oss på digital kommunikasjon, håpar vi å kunne bli i stand til å gi enno meir tilbake til våre sponsorar og støttespelarar, året rundt. Førdepatrioten kom på papir to gongar i året, no kan vi spreie gode historier året rundt om vi  ønskjer det. Då er vi alltid er på ballen. Det gir både oss og våre samarbeidspartar store moglegheiter framover, seier Arild Sandvoll, styreleiar i Førde Fotball. 
– Vi snakkar mykje om sponsorar og fotball generelt. Men ein viktig ting med Førdepatrioten er også å bygge patriotisme rundt fotballen og ikkje minst byen. Ein informativ nettside, der ein spreier glede, patriotisme og gode saker om næringslivet og fotballen gjennom ulike sosiale medium gjer oss meir synleg for folk flest. Vi må vere der publikum er. Og i dag er det i den digitale sfæren ein finn dei, avsluttar den patriotiske gjengen
 
 
 
 

Vegard Savland

Endelig tilbake i trening

Vegard Savland er tilbake

 
 
 
 
Fjorårets toppscorar for Førde, Vegard Savland, er tilbake i full trening. – Det er utruleg godt å vere i gang igjen, seier spissen.
Dei siste åra har Vegard Savland vore ein notorisk målscorar, om det så har vore for Tambarskjelvar, Tertnes, Stryn, Florø eller Førde. I år står han så langt utan seriemål mål etter at han vart skadd tidleg i årets første seriekamp mot Brumunddal. Sidan då har det vore alternativ trening for Førde-spissen.
 
I trening
Men denne veka har Savland vore med på dei vanlege treningsøktene igjen, og meldt seg speleklar til oppgjeret mot Florø måndag 16. mai.
– 16. mai-kampane mot Florø er sjølvsagt det store. Sjølv om eg hadde 1 ½-sesong for Florø i 2018 og 2019, så er det alltid ekstra kjekt å slå Florø. Eg har jo vore med på fleire slike 16.mai-kampar tidlegare. Faktisk scora eg Førde sitt mål då vi spelte 1-1 i 2014, smiler Savland etter treninga torsdag kveld.
 
Mykje folk
Torsdag er det berre fire dagar igjen til lokaloppgjeret, og Savland håpar sjølvsagt at han skal kunne vere aktuell for spel.
– Det kan hende det blir litt i tidlegaste laget for meg, men vi får sjå. Det har iallfall gått veldig bra etter treningane denne veka, smiler den kjappe midtspissen og håpar lokaloppgjeret nok ein gong skal fylle tribunene.
– Ikkje noko er så kjekt som når Førde og Florø møtest. Eg hugsar “Stimen” frå perioden min i Florø, og veit dei kan skape god stemning. Og det samme gjeld for “Førdianarane”. Så eg trur kampen på måndag skal bli ei flott oppleving uansett. Vi er iallfall veldig klare for ein ny duell mot Florø, seier Savland.
 
Sist
Førde og Florø har ikkje møtt kvarandre i serien sidan 2016, og 16. mai-kampen det året vart spelt føre 2503 tilskodarar i Hafstadparken. Då vann Florø 0-4 etter scoringar av brørne Erlend og Runar Hove, medan Endre Kupen scora to mål på kunstgraset i Hafstadparken.
– Og det verste var at Florø vann heile 7-0 på heimebane på hausten det året. Det stortapet gløymer eg aldri, seier Savland om sesongen Førde rykka ned ein divisjon, medan Florø på side tok steget opp i OBOS-ligaen.
– På måndag er det heilt ope, og slike lokaloppgjer lever gjerne sitt eige liv. Eg ser verkeleg fram til kampen, seier Savland.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

3 nye poeng

LØPSMASKINA VÅR AVGJORDE I DAG

Førde sikra seg tre viktige bortepoeng mot Lillehammer laurdag, og trenar Terje Rognsø kan ikkje få fullrost spelarane for sin innsats.- Ja, dette var verkeleg ein slitesiger. Lillehammar var faktisk langt meir spelande enn kva vi hadde førebudd oss på. Difor vart defensiv jobbing og kontringar vårt våpen, seier Terje Rognsø etter kampen på Jorekstad nord for Lillehammer. Pangstart

Kunstgrasbana på den gamle stadion på Fåberg var knusktørr, og gjorde det spesielt vanskeleg for Førde når dei satsa på kontringar.- Lillehammer var utruleg ballbesittande og trilla og trilla ball. Og når vi prøvde oss på å kontre når vi fekk brot, så stoppa anten ballen opp eller så vart vi feige og torde ikkje prøve. Så offensivt var ikkje dette all verda, smiler Rognsø og vedgår at ti poeng etter fire kampar sjølvsagt er å sjå på som ein pangstart på sesongen.- Ja, det må vi absolutt kunne seie. Vi har komponert eit heilt nytt forsvar og ei heilt ny midtbane på kort tid. Då står det verkeleg respekt av denne poengfangsten så langt, seier Rognsø og rosar spesielt Magne Aarøen for kampen mot Lillehammer.Magne med motoren

– Magne verkar nesten å vere uuttømmeleg når det gjeld løpskraft. Eg måtte faktisk la han kvile litt på slutten då han allereie hadde fått eit gult kort. Viss ikkje så hadde han sikkert halde fram enda, smiler Rognsø og såg at midtbanemotoren også scora Førde sitt andre mål. Det første målet kom på straffespark ved Sander Aamelfot etter at Jacob Bergset vart felt minst to gonger.- Det var iallfall minst eit straffespark der. Og Sander gjorde det han skulle frå 11-meteren, seier Rogsnø og ser at kantspelaren sin er toppscorar med totalt sju mål etter fire kampar i Norsk Tipping-ligaen.Kom på kamp!

-Tre poeng på bortebane mot eit sterkt Lillehammer-lag viser at vi har utvikla ein god porsjon taktisk klokskap. Og i dag er det verkeleg grunn til å framheve dei som tok dei tyngste taka defensivt. Det viser berre kor viktig det er å ha klokskap i troppen, seier Rognsø etter den sterke 0-2-sigeren på Jorekstad.Neste kamp for Førde sitt A-lag er mot Kongsvinger 2. Den kampen vert spelt på Førde stadion søndag 8. mai klokka 13.00.Det er berre å førebu seg på den kampen.

Tekst og foto (arkiv): Stig Roger Eide

Første seriekamp for damelaget

OPNAR MED TØFF BORTEKAMP

 
 
 
I fjor vann Førde sitt damelag 3. divisjon. Målet er å vere i toppen i år også. – Ja, det skulle berre mangle, seier hovudtrenar Bjørn Totland.
Trenartroikaen Bjørn Totland, Terje Norevik og Ottar Klopstad rår over ei stor tropp til årets sesong i 3. divisjon for kvinner, og har som mål å vere med å prege det øvre sjikt av tabellen.
– Ja, dei fleste av våre spelarar var også med i fjor, og har utvikla seg gjennom vinteren. Så vi bør absolutt vere med i toppen. Dessutan er vi opptekne av at spelarane skal utvikle seg, og at resultatet av det er at laget som heilskap skal prestere bra, seier Totland.
 
Utsett den første
 
Den første seriekampen skulle eigentleg ha blitt spelt sist fredag, men då det rir ei influensa-bølgje i Sogndal for tida, så akseptere Førde-leiinga å utsetje opningskampen til førstkomande tysdag.
– Allereie i den første bortekampen, så møter vi kanskje eit av laga som vil vere med i toppen i vår avdeling. Samstundes er vi usikre på kva tropp dette nye laget mønstrar, så lenge den nye klubben Sogndal FK endå ikkje har komme skikkeleg i gang. Dei har overteke Kaupanger sin plass i 2. divisjon, og planen er at dei skal ha eit tilbod til dei nest beste spelarane sine i 3. divisjon. Så dei vi skal møte er nok ei blanding av Sogndal FK 2 og Sogndal, seier Bjørn Totland føre den første kampen som blir spelt på Kvåle stadion i Sogndal tysdag klokka 19.30.
 
I toppen
 
I tillegg til spelarane som er avfotograferte her, så mangla trioen Inga Hoff, Ida Kristine Rotnes og Marit Hjelmeland Berqvam på trening denne kvelden.
– Vi har spelarar frå heile kommunen, og eg håpar vi kan gje eit godt tilbod til dei beste spelarane utan at det verkar negativt inn på dei mindre klubbane i området, seier Totland og viser til at spelarane har bustadadresse på plassar som Holsen, Sande, Kvammen, Naustdal, Eikefjord, Jølster og Førde.
– Dette er ein flott gjeng med utviklingsorienterte spelarar. No lengtar vi etter å komme skikkeleg i gang, seier hovudtrenaren.
I Førde si avdeling spelar følgjande klubbar: Måløy, Stryn, Eid, Sandane, Sogndal FK 2/Sogndal og Førde.
Dette er troppen: Bak frå venstre: Terje Norevik, May-Linn Honningsvåg, Stina Hillersøy, Kaya Bird Fonn, Viktoria Zablotna, Bea Hallstensen, Maria Høyvik, Una Claussen Thingnes, Astrid Bolstad Blikra, Sofia Paulen, Lea Storøy, Thea Holsen, Anne Gyldenskog Kilnes, Andrea Myren, Bjørn Totland og Ottar Klopstad.
Framme frå venstre: Linnea Aamot, Martine Aarnes, Agathe Slettehaug, Synne Bell Folland, Ingrid Sande Søgnen, Sofie Aarnes, Frida Skilbrei, Sigrid Welle, Nora Flatjord Gjelsvik og Eline Botnen.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide