Åsen & Øvrelid Fotballakademi vel gjennomført

Publisert 11.04.2025 av Helge Bjørke

Del via

Onsdag var siste økta gjennomført i Hafstadparken.

Frå februar til april har over 120 spelarar deltatt på Åsen & Øvrelid Fotballakademi. Gjennom faste treningar på mandagar og onsdagar har det vore eit yrande folkeliv og god fotball i Hafstadparken.

Førde IL Fotball har arrangert akademi for gutar og jenter som er fødd frå 2016 til 2013. Akademiet er mynta på dei som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Vi har gjennomført 16 økter, både fotball- og styrkeøkter, og gjennomført turneringsdag.

Eit ekstratilbud for Sunnfjord

Dei siste to akademi-periodane har vi tilpassa treningstid og organiseringa slik at våre naboklubbar også kan delta. Det er viktig for oss, for å gje regionen mulighet til ekstra fotballaktivitet. Vi som klubb ynskjer å gje flest mogeleg tilgang til økter utover eigen lagsaktivitet. At vi er med å stimulerar til meir aktivitet for heile regionen er vinn-vinn i våre auge.

Rekordpåmelding!

Akademiet starta opp i vinterferien i februar. Då kunne vi slå fast at vi fekk ei rekordpåmelding med 135 påmeldte deltakarar. At så mange ynskjer å delta på ekstratilbudet er fantastisk. Fleirtallet er sjølvsagt frå Førde IL Fotball, men i vår har vi også hatt deltakarar frå Gaular, Jølster og Tambarskjelvar.

Vi som klubb er glad for at naboklubbane tar del i ekstratilbudet. Vi er også veldig glad for den støtten Åsen & Øvrelid visar oss gjennom å støtte akademiet vårt. Det er avgjerande for at vi skal kunne skape denne fotballaktiviteten for så mange.

Ny runde til hausten

Vi takkar alle deltakarar for oppmøte og alle trenarar for den gode innsatsen dei har lagt ned på fotballakademiet. Til hausten startar akademiet opp att, og då håpar vi å sjå fleire spelarar i aldersklassane 9 til 12 år. Informasjon og påmelding kjem etter sommaren.

Til då ynskjer vi alle fotballspelarar god fotballsesong!

Relatert