Åsen & Øvrelid Fotballakademi er i gong!
Mandag 7. oktober starta akademiet opp i Hafstadparken.

Fyrste veka av haustens fotballakademi er gjennomført, med to gode økter i Hafstadparken. I år har vi over 130 påmeldte. Måndag ønska spelarutviklar Bjørn Totland mange spente 9-12-åringar velkommen til fyrste akademidag. Med seg har han eit godt trenerteam som gjev dei unge gode fotballøkter.
Åsen & Øvrelid-akademiet er for spelarar fødd 2012-2015. Ein kan velge mellom å delta måndag, onsdag eller begge dagar, gjennom hausten. Oppstarten var no i haustferien, der vi utnytta ferien med å ha treningar på dagtid.
Stor deltaking.
98 spelarar frå Førde IL Fotball er påmeldt i haust. 43 har meldt seg på ein dag, medan 55 er påmeldt begge dagar. I tillegg har 32 spelarar frå klubbane Jølster, Høyang, Gaular og Tambarskjelvar meldt seg på. 19 skal delta ein dag og 13 begge dagar.
Det totale talet påmeldte spelarar er fantastisk. Å kunne tilby ekstratrening til så mange, er noko klubben ser svært positivt på. I tillegg er det ekstra kjekt at heile 32 spelarar kjem frå andre, nærliggande klubbar. Førde IL Fotball ynskjer å tilby ekstratrening også til spelarar i naboklubbar, så lenge klubben sjølv er interessert i tilbodet. Det er viktig for Førde at klubbleiinga i dei ulike klubbane er kjend med og interessert i tilbodet, før vi tilbyr ut til spelarar. I forkant av påmelding til akademiet, var Totland i kontakt med alle våre naboklubbar, som ønska tilbodet velkommen.

Fram til og med veke 50
Treningane vil no halde fram kvar måndag og onsdag, klokka 17:00 til 18:30 begge dagar. Siste veka med aktivitet for haustens akademi blir i veke 50. Vi vil ha fokus på fart i det vi gjer. Vi spelar mykje, har skåringstrening, jobbar med teknikk og pasningar og mykje 1 mot 1. Vi vil også ha sekvensar med styrketrening lagt inn i våre treningar, og vi legg til rette for keepertrening.
