Årets Lerum cup blei ein stor opplevelse for mange
G14-laget gjekk heile vegen og vann sin klasse.

Frå oppstarten i 1989 til i dag har Lerum cup vokse seg stor. Cupen er startskotet på ferien for mange og ein fantastisk opplevelse med mykje fotballglede og spennande kampar. For vårt G14-lag blei helga krona med seier i finalen mot Volda.

I følge nettsidene til cupen, er nærare 300 lag og 400 deltakarar med årleg. Førde deltok med 13 lag, fordelt på 10-14 år. I barnefotballen hadde vi med oss G10 (to lag), G11 og G12 (tre lag) på gutesida og J11 (2 lag) og J12 på jentesida. Alle fekk spela fleire kampar mot både kjent motstand og ny motstand.

I ungdomsfotballen hadde vi med eit J13 lag og eit G14 lag. Begge fekk ein god start på cupen. J13-laget starta med to sigrar i gruppespelet, mot Gneist og Stranda. I siste gruppespelskamp enda det uavgjort mot Valestrand Hjellvik. Jentene var allerede gruppevinnar og klare for sluttspel. I åttendelsfinalen møtte dei igjen Stranda, som dei vann 2-1 mot i gruppespelet.
Dessverre for jentene våre blei det 1-2 i åttendelsfinalen, og dermed var cupeventyret slutt. Cupeventyr blei det absolutt for våre gutar i G14 9ar klassen. I gruppespelet vann dei mot Stranda, Sykkylven og Hødd. I åttendelsfinalen møtte dei Askvoll som det blei seier mot. I kvartfinalen skulle også gutane møte eit lag frå gruppespelet, men også no vart Førde for sterke for Sykkylven. Sjølv om det blei uavgjort etter ordinær tid, var det våre gutar som kunne juble for semifinalebillett.
I semifinalen blei det også ein tett og javn kamp, der førdespelarane vippa det i sin favær. 1-0 siger og finale var sikra. Der skulle dei møte Volda. Etter motivasjon frå a-laget tidligare i veka, fulgde gutane opp og vann 2-0 på Fosshaugane Campus. Ei stor oppleving for spelarane, foreldre og klubben.
Vi gratulerer alle våre spelarar med ei flott helg og håpar cupminnene er med å skapar motivasjon og glede inn mot haustsesongen.




