Andrelaga med seier før sommarpause
Førde IL Fotball ynskjer alle ein god sommar.

Gjennom våren har du fått fulgt bra med på korleis a-lag damer og herrer har gjort det, og der har vi kunne skreve kampreferat på kampreferat om flotte prestasjonar og tre poeng. Damelaget tar sommarpause på tredjeplass, med sju sigrar, to uavgjort og to tap. Dei 23 poenga setter laget i ein flott posisjon inn mot ein spennande haustsesong. Bjørn Andre og teamet har fått ein strålande start med laget.
Herrelaget har ikkje vore dårligare. Med åtte sigrar, to uavgjort og berre eit tap, står a-laget med 26 poeng etter vårsesongen og med det på 2. plass i serien. Serieleiar Bjarg virkar å vera i det umulige hjørnet, med elleve av elleve sigrar og ei leiing på 7 poeng ned til Førde. Alexander, Øystein, Ole Henrik og Eirik har gjennomført ein solid fyrste halvdel av sesongen.

Ein utviklingsarena for mange
Gjennom våren har mange unge spelarar fått prøve seg i seniorfotballen, vi har hatt gode kampar med flotte prestasjonar. Her står prestasjon og utvikling i fokus foran resultat.
Andrelaget på damesida leia av Geir Hoff og Thomas Kjenes og tredjelaget på herresida leia av Ole Bjørn Otternes er ein viktig arena for både spelarutvikling og for å gje flest mogeleg eit langvarig fotballtilbud i vår klubb. Andrelaget på herresida, leia av Ørjan Vikum, er ein viktig arena for spelarutvikling.
Vi er heldige som klubb, som har fem seniorlag. Det gir oss mogelegheit til å tilby mange eit tilpassa kamptilbud også i den øverste klassen. Utviklingsarenaene har gitt oss mykje allerede.
Siger mot Sogndal og Dale
Forrige veka tok dei resterande seniorspelarane ferie. B-lag damer tok i mot Sogndal damer 1 tirsdag, og med 5-2 siger kunne jentene gå inn i sommaren med eit stort smil. Sigrid Welle, Malin Øren Otternes, Johanne Støfring og Sofia Hagen Paulen stod for måla til Førde. Jentene starta friskt og leia 1-0 allerede etter 11 minutt. Til pause leia Førde 3-0 og virka komfortable. Johanne la på til 4-0 før Sogndal starta sluttspurten, men sjølv om Luna Victoria Svedal Flo og Tuva Søreide Solberg scora for bortelaget, satte Sofia spikeren i kista og sikra ein komfortabel seier til førdejentene.
Onsdag var Førde 2 herrer til Dale for sitt siste oppgjer i vårsesongen. Det var eit javnt oppgjer i fyrste omgang på Dingemoen idrettspark, men i andre omgang kom scoringane på rad og rekke for Førde. Fyrst scora Elias Løkkebø Lekva, før Tian Frøiland Nistad la på til 2-0. Elias scora nok eit mål, før Dale rakk å redusera til 1-3 som blei sluttresultatet. Førde 2-laga våre kan med andre ord smile godt i sommar.
Vi ynskjer alle ein god sommar og gler oss til mange spennande fotballkampar i Hafstadparken og Førde stadion utover hausten. Fyrste heimekamp er Norsk Tipping-oppgjeret Førde – Vålerenga 2. 27. juli på Førde stadion.
Neste heimekampar for våre seniorlag:
A-lag damer: 23. august mot Sotra i Hafstadparken
B-lag damer: 22. august mot Eid i Hafstadparken
A-lag herrer: 27. juli mot Vålerenga 2 på Førde stadion
B-lag herrer: 17. august mot Årdal i Hafstadparken (lokaloppgjer mot Jølster på Skei 10. august).
C-lag herrer: 16. august mot Måløy i Hafstadparken