2026 markerar ei eindring for Førde IL Fotball
Adidas og Sport 1 Førde skal saman skapa eit nytt uttrykk for klubben.

Frå tidleg på 2000-talet starta Førde IL Fotball med Umbro, og det som viste seg å bli eit langt og godt samarbeid med Scantrade. No startar vi på nytt, og vi har gleden av å presentere at Førde IL Fotball har signert ein lang avtale med adidas og Sport 1 Førde.
Vi takkar Umbro og Scantrade for eit godt samarbeid over lang tid. No gler oss til ein ny start saman med merket med dei tre stripene. Den nye avtalen trer i kraft 01.01.2026, og klubb kolleksjonen blir tilgjengeleg hos Sport 1 Førde på nyåret. I den samanheng vil Sport 1 ha tilbod på klubbkleda merka med Førde IL Fotball sine sponsorar, så langt lageret rekk.
Ei bærekraftig endring
Vi, adidas og Sport 1 Førde ynskjer alle ein forsvarleg og god overgang når det kjem til utstyr. Derfor vil vi bruke tida godt med å gå over til nytt merke. Vi startar med ungdomsfotballen og seniorfotballen vår, også vil vi fortsette med barnefotballen. Alt av treningsutstyr som er i god stand, som er umbro, vil kunne bli brukt til det er behov for eit skifte. Klubben jobbar med å finne ei løysing der vi kan levere det tøyet vi ikkje bruker og som har ein standard som er forenlig med å brukast vidare.
