-EIN HEILT NY KVARDAG

I helga deltok Terje Norevik for Førde sitt damelag på terminlistemøte på Brann stadion i Bergen. -Denne sesongen blir ein heilt ny kvardag for oss, smiler laget sin assistenttrenar.

Etter møtet med alle lagleiarane/trenarane for Førde sine motstandarar i den nye serien, 3.divisjon Vestland, kom også terminlista for 2024-sesongen. Og Terje Norevik kunne i etterkant smile litt av erfaringane i Bergen:

-I periodar trudde eg at eg var på ein geografitime på barneskulen. Det er ikkje alle i bergensområdet som kjenner til Førde og Sunnfjord. Eller som dei sa: Det ligger vel der oppe i Sogn!

Spøk til sides

Likevel vart terminlista spikra gjennom møtet på Brann stadion, og under ser du årets spennande sesong for Førde sitt damelag.

-Etter gjennomgang av serieoppsettet vart det berre mindre endringar. Vi har fått nokre fleire laurdagskampar, og så har vi fått fire bortekampar på rad rundt sommaren. Elles trur eg dette oppsettet er som forventa. Dessutan vart fleire av kampane mellom bergenslag flytta til midtveka, då dei ikkje har reiseavstandar som vi og Bremnes har, seier Norevik og viser til at dei resterande laga i avdelinga held til nær eller i Bergen.

-For oss betyr ikkje dette så mykje, då vi er vande med lange reiseavstandar. Men det er klart spennande å møte alle desse laga frå Hordaland. Det einaste usikre så langt er om Brann II får høve til å spele i denne 3.divisjonsavdelinga. Det er positive signal til det, men det er forbundstinget som formelt avgjer dette tidleg i mars. Alt dette blir uansett klart til seriestart og ligg inne i terminlista, seier Terje Norevik etter møtet med representantar frå alle dei andre klubbane i avdelinga.

Tidleg start

Opningskampen til Førde vart også flytta ein dag, og laget serieopnar med kamp mot Nymark i Hafstadparken laurdag 16. mars.

-Det betyr at vi er i gang om seks veker. Allereie førstkomande onsdag spelar vi treningskamp mot Høyang. Slik banetilhøva er i Hafstadparken for tida, så spelar vi den kampen på den oppvarma kunstgrasbana på Sletta i Høyanger. Elles skal vi ha treningskamp mot Sogndal i Sognahallen 11. februar og mot Askøy i Skei storhall 3. mars. Dessutan satsar vi på nokre interne kampar, mellom anna mot gutelag i Førde, seier Terje Norevik.

Seriekampane

Slik er terminlista ut for Førde-damene sine kampar i 3. divisjon Vestland i 2024:

16. mars: Førde-Nymark

7. april: Loddefjord-Førde

14. april: Førde-Åsane 2

21. april: Bremnes-Førde

28. april: Førde-Lyngbø

5. mai: Førde-Arna-Bjørnar 2

11. mai: Os-Førde

20. mai: Førde-Sotra

25. mai: Fyllingsdalen 2-Førde

2. juni: Førde-Brann 2   

9. juni: Askøy-Førde

16. juni: Bjarg-Førde

23. juni: Voss-Førde

11. august: Nymark-Førde

18. august: Førde-Loddefjord

25. august: Åsane 2-Førde

1. september: Førde-Bremnes

8. september: Lyngbø-Førde

15. september: Arna-Bjørnar 2-Førde

21. september: Førde-Os

29. september: Sotra-Førde

6. oktober: Førde-Fyllingsdalen 2

13. oktober: Brann 2-Førde

20. oktober: Førde-Askøy

27. oktober: Førde-Bjarg

3. november: Førde-Voss

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Samarbeidslag Førde/Florø med gode resultat

Førde og Florø hadde førre helg samarbeidslag i G13, G14 og G15 på tur til Ålesund for teste nivået. I tillegg hadde Førde sitt G17 lag kamp mot Ålesund. I G13 og G14 var det kampar mot kretslaga til Sunnmøre, mens i G15 og G17 var det Ålesund sine lag.

Mykje bra

Ingen tvil om det gror bra i begge klubbar om ein skal sjå på resultata dei fekk med heim. Dette lovar godt for å framtidig kunne produsere fleire lokale spelare til klubbanes A-lag, og også til høgare nivå.

Dei kunne reise heim med følgande resultat:

G13                     Førde/Florø – Sunnmøre             3-3

G14                     Førde/Florø – Sunnmøre             1-1

G15                     Førde/Florø – Ålesund                 3-2

G17                     Førde – Ålesund                          3-1

Heim med gode referansar å jobbe vidare med.

Takk til Ålesund for godt opplegg og samarbeid, og takk til både Førde og Florø for god gjennomføring.