TAKK SELJE OG SOGNDAL ❤️CUP ER KJEKT

-Selje Cup og Lerum Cup har skapt fotballminner for livet.

I løpet av to helger i juni har Selje Cup og Lerum Cup vært arena for mange av våre lag. Begge turneringane hadde i år verkeleg været med seg, og rammene for begge turneringane vart heilt perfekt.

-Selje Cup var først ut helga 9-11 juni. Her deltok J11 og J13 med fleire lag i magiske rammer i nydelege Selje. Laga fekk oppleve ein godt tilrettelagt cup, og eit godt samhald mellom dyktige trenare, foreldre og spelare. Dette var for noken første store cup, og dette vil alle oppleve meir av.

-Lerum Cup vart arrangert frå 23 til 25 juni. Førde stilte med mange lag i Lerum Cup, og på same måte som Selje Cup var rammene heilt perfekt. Sportsleg fekk laga møte lag frå Møre og Hordaland som vi ikkje møter til vanleg. Sosialt vart det nye kjennskapt på tvers og våre eigne skulekretsar, og med andre lag. Ja litt flørting var det nok også tid til 🙂 Styrka samhald innand i eigne lag vart det også som ein tar med seg resten av sesongen. 🙂

Turneringar som Selje Cup og Lerum Cup er viktige for mange. Godt samhald og miljø er nødvendig for å prestere. Derfor er det som har blitt skapt på Selje Cup og Lerum Cup viktig for fortsettelsen til alle våre utøvare. Det er også på sin plass å takke alle våre dyktige trenare/lagledere som legg så godt til rette for alle på disse turnerinane. ❤️

Her er nokre bileter frå to fantastiske helger.

Førde 3 avslutta vårsesongen med tap

– Kaupanger vart for sterke

Førde 3 har imponert i vårsesongen, og før siste kamp måndag 26 juni stod dei med 5 seire 1 uavgjort og 1 tap. I siste kamp før sommarferien var det tur til Kaupanger, og med målsetning om tre nye poeng. Det blei ein tett og jamn kamp som stod 0-0 til pause, og håpet om tre poeng var der enda. Dessverre vart ikkje andre omgang slik trenar Benny har vore vandt med. Det vart for upresist, og etter kvart utnytta Kaupanger dette. Førdekeeperen måtte til slutt hente ut tre baller, og dermed sluttresultat 3-0 til Kaupanger. Førde 3 tar no ferie på andre plass bak Årdal 2.

– Stolt over vårsesongen

Benny kan uansett konstantere at vårsesongen er godkjent +. Her er mange spelare som melder seg på, og viser at dei fortener sjanser oppover også. Både Førde 2 og 3 viser at det er mange spennande spelare i klubben, så det blir spennande å sjå utviklinga vidare.

– Norway Cup neste

For mange av spelarane blir det litt sommarferie, men i år har dei også fått mulighet til å delta med G19 lag på Norway Cup. Vi ser fram til å følge med både på Norway Cup og ikkje minst resten av sesongen 2023.

Førde G16 klar for 1/8 finale i Adidas Cup

Førde sitt G16 lag slo søndag Gneist 3-1 i 1/16 finalen i Adidas Cup. Kampen vart spelt i steikande sol i Hafstadparken, og var lenge tett og spennande.

Førde var klare favoritter før kampen, men ingen kamp er vunne på forhånd. Spelemessig dominerte Førde frå start, men det var Gneist som tok leiinga 1-0 etter at dei utnytt rot i Førde forsvaret. Førde jager utlikning resten av omgongen, og fekk fortent utlikning når Sander Lekva set inn ei straffe som Elias Grimeland skaffa. Gneist skapte problem for Førde med å ligg lågt, men til slutt fekk Førde 2-1 ved Daniel Gjelsvik etter flott kombinasjonsspel med Elias Grimeland.

Elias Grimeland satt inn 3-1 på eit fantastisk frispark frå ca 20 meter rett i krysset. Trenar Ørjan Vikum konstanterer at Førde vinn fortent, men Gneist gjordet det vanskeleg for oss med godt forsvarspel.

I 1/8 finale møter G16 enten Bækkelaget eller Randesund. Her blir det å reise sjølv om ein blir satt opp med heimekamp. Laga vil nok møtast på midten ein plass. Kampen skal avviklast innan 10 sept.

Ny siger til Førde i Norsk Tipping Ligaen

Førde sikra sin tredje strake siger med å slå HamKam 2. Det var opp i mot 30 grader på Førde Stadion, så det vart ein påkjenning for alle spelarane. Førde gjekk hardt ut frå start og allereie etter 15 min leia Førde 2-0 etter mål av Trollebø og Aamelfot. Kampen vart vidare ein stillingskrig i varmen, og først når Sander Aamelfot satte inn 3-1 i det 77 min kunne Førde kontrollere kampen inn.

Knut Erik Folland vikarierte for Terje Rognsø og kunne etter kampen konstantere at laget utførte oppgåvene til bestått +. Disiplinerte i forsvarsjobben, og prøve å spele ball i den trykkande varmen. Dette var ein solid laginnsats – og ikkje minst viktig at vi klare å fortsette med å plukke poeng. No er det vanskeleg bortekamp mot Hønefoss i neste runde, og deretter Molde 2 og Raufoss 2 før det er ferie.

Sander Aamelfot blei av lokal jury kåra til dagens Førde spelar.

Kampprogram Førde – HamKam 2

Førde – HamKam 2 

Heimekampar for både G16 og J19 i NM

Fredag kom oppsettet for 1 ordinære runde NM G16 som er 1/8 delsfinale. Her har Førde blitt satt mot Ålesund søndag 20 august. I J19 har Førde kvalifisert seg til 3 runde etter at dei slo ut Åsane. Dette er også 1/8 delsfinale, og Førde har heimekamp mot Molde. Molde var laget som vi tapte mot i fjor, og som vant NMJ19 i 2022. Kampen er satt opp torsdag 17 august.

Her blir det ei skikkeleg NM veke i Førde. Merk at det kan bli endring av dag når klubbane har hatt dialog, men kampane skal seinast være avvikla på oppsatte datoer.

Førde 2 kom til kort mot Årdal

Det vart som forventa ein tøff kamp mot Årdal i Kretsligaen for Førde 2. Årdal fekk ei tidleg leiing med stortalentet Julian Lægreid, og hadde mykje av spelet i starten av kampen. Førde 2 kom gradvis meir med, men i staden for utlikning kom 2-0 før pause til Årdal.

-Avslutta vårsesongen til Godkjent +

Førde 2 var fullt på høgde med Årdal, og hadde ikkje mindre enn tre mål som vart annulert for offside. Her var altså ikkje marginane på Førde si side, og kanskje vart dei snytt for eit mål eller to. Bjørn Totland var strålande nøgd med innsatsen og gjennomføringa av kampen. Det kanskje rart å seie det når ein taper 2-0, men no ser vi endeleg igjen det vi trenar på i kamp. Fortsetter vi slik vil mål og resultat komme. Det er god spelarutvikling å spele denne typer kampar, og i dag får heile laget godkjent. 🙂

-Litt ferie og Norway Cup

No blir det eit par veker til med trening, litt ferie, og for mange av spelarane deltakelse med G19 på Norway Cup. Haustsesongen for Førde 2 startar 12 august borte mot Sandane.

Vil avslutte vårsesongen i kretsligaen med stil

Førde 2 har gjennomført ein god vårsesong i kretsligaen, og sjølv etter førre helgs 3-1 tap heime mot Måløy ligg laget på ein flott 5 plass. Kampen mot Måløy søndag var ikkje representativt for korleis Førde 2 har stått fram tidlegare i sesongen. Her møtte dei eit Måløy lag som ville meir i alle spelets faser, og då blir det vanskeleg når Førde i tillegg mangla nødvendig preisisjon. Måløy viser og at dei er mykje betre enn tabellsituasjonen tilsa, og vil plukke meir poeng ut over sesongen. Det kan også nemnast at Førde 2 har hatt ein vårsesong med overvekt av bortekampar. Inkludert Årdal har det vært 7 av 11 kampar borte, så det kan bli mykje moro i Hafstadparken til hausten med sju heimekampar.

-Ynskje å avslutte med stil

Torsdag kveld reiser gjengen til Årdal for avslutte vårsesongen. I motsetning til kampen mot Måløy er det no Årdal som er store favoritter. Førde 2 gjengen er klar til å gje Årdal kamp om poenga, og vil revansjere tapet mot Måløy. Årdal og Fjøra er laga som kjempar om opprykk og er klart betre enn dei andre over tid, men i enkeltkampar kan alt skje. Førde 2 er iallefall klare til å ofre alt for tre poeng.