Slik stilte Førde-spelarane på trening torsdag kveld. -På denne måten vil vi vise at vi støttar Fotballtrøye-Fredag på 5. mai, seier Øystein Riksheim Østvik.

Bildet over er ikkje Førde sitt lagbilde for 2023-sesongen, men skal vise litt av mangfaldet bak aksjonen som Barnekreftforeningen arrangerer kvart år. På Førde sitt lag ser Førdepatrioten sitt noko utrente fotballauge iallfall drakter frå lag som Manchester United, Roma, Liverpool, Barcelona, Inter, Schalke 04 og sjølvsagt Førde.

Fredag 5. mai er sett av til denne dagen, og både privatpersonar og bedrifter er oppfordra til å stille i fotballdrakt for å vise sin støtte til den livsviktige forskninga som Barnekreftforeningen står bak.

-Frå oss kjem det eit bidrag på 1000 kroner, som vi hentar frå botkassa vår. Det er viktig at også vi tenker på dei som lider av denne sjukdommen. Vi er alle på samme lag i kampen mot barnekreft, seier Øystein Riksheim Østvik og hastar vidare ut på treningsfeltet i Hafstadparken.

PS: Og har DU stålkontroll på internasjonale drakter så legg gjerne inn kva drakter det er snakk om i kommentarfeltet under på Facebook-sida vår.

Tekst og foto: Stig Roger Eide