-VI STÅR BRA I 80 MINUTT

I 80 minutt var det håp om ei cupbombe i Førde. Då var stillinga framleis 1-1 og heimelaget skapte mange målsjansar. – Fram til då var det bra. Så blir vi slitne, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter 1-3-tapet mot Sogndal.

Sogndal har framleis grepet på Førde, men trengte nesten to omgangar før dei fekk skikkeleg has på heimelaget. Det stod 1-1 etter 1. omgang, men då hadde det ikkje vore ufortent om Førde faktisk hadde leia.

-Ja, vi spelar ein god 1. omgang, og skapar truleg fleire målsjansar enn Sogndal. Mellom anna hadde Kristian Hauståker eit skot som går i tverrliggaren og ned på streken. Men slik er det ofte, seier Rognsø og såg at Sogndal bytte seg opp i mannskapet utover i 2. omgang.

Bølgja fram

-Då blir vi slitne og maktar ikkje å halde på ballen. Kampplanen var at vi skulle komme inn i bakrom, men vi lukkast ikkje med det. Dermed kom det bølgje på bølgje med Sogndal-angrep, seier Rognsø og såg at Sogndal gjekk opp i 1-2 på ein heller tvilsam  måte.

-Det vert snakka om at det var offside, og at det ikkje var noko straffe då tacklinga var på ball. Men det er no ein gong dommaren som avgjer slikt, seier Rognsø og såg at Florø-dommaren Sivert Orheim peikte ubønnhørleg på 11-meteren. Som Alejandro Diaz ekspederte i mål og vart tomålsscorar.

Herleg innsats

-I slike kampar mot ein alltid ha marginane med seg. I dag vippa det nok ein gong Sogndal sin veg. Og etter 90 minutt er det nok fortent, seier Rognsø og vert støtta av Sogndal-spelaren Endre Kupen.

-Endeleg siger på Førde stadion. Det er ei stund sidan. Eg må sikkert tilbake til den tida eg spelte for Florø, gliser Kupen og vedgår at han likar seg betre på jamnt underlag.

-Endeleg bra at det hadde regna og at ballen fekk litt fart. Men det er uvant at ballen humpar slik. Men heldigvis gjekk det vår veg i dag, gliser Kupen og dultar gamletrenaren Terje Rognsø i sida på veg inn i garderoben.

Dermed er cupeventyret over for Førde, medan Sogndal nok ein gong er klar for 2. runde. Med Fjøra sin siger over Florø er det dermed to sogndalslag som er vidare til neste runde i årets NM-cup.

På bildet takkar Rognsø Tore André Flo for kampen.

Kjem meir frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampprogram 1.runde NM Førde – Sogndal 24.mai

SLIK DEMPA DEI FØRDE-FESTEN

Dei siste 45 minutta var eit stormløp mot Florø-forsvaret, men to minutt på overtid fekk den fotrappe Kristoffer Ryland den bakromsballen han hadde venta på. Dermed var det Florø-spelarane som kunne slippe jubelen laus.

Fotball er ikkje alltid like rettferdig viss ein ser på banespelet, men Førde-trenar Terje Rognsø forklarar 1-2-tapet mot Florø slik.

-Sjølv om vi køyrer heile 2. omgang, så blir vi for upresise i det siste trekket. Vi dominerer fullstendig, men skapar likevel ikkje dei heilt store målsjansane. Eg skjønnar kort og godt ikkje kvifor vi spelar slik vi gjer. Det verkar som om vi ikkje stoler på eigne ferdigheiter, seier Rognsø etter at hans tidlegare elev, Kristoffer Ryland, har heldt kaldt vatn i heimelaget sitt blod med si andre scoring for dagen.

I kvar ende

Det første målet til Ryland kom føre publikum var komme inn på stadion, og det siste kom nokre minutt på overtid.

-Vi snakka om det i pausen at det ville komme nokre bakromsballar som vi ville kunne utnytte. Og at den først kom nokre minutt på overtid, er heilt greitt for meg, smiler Ryland som gjorde comeback for Florø for ei veke sidan. Dei siste åra har han spelt 5.divisjonsfotball i Bergen, etter at han la opp etter ein skade han fekk i Florø då laget var oppe i OBOS-ligaen.

Heimebane

-Det er ekstra kjekt å slå Førde i Førde. Dette er tredje gong eg er med å vinne her inne, og det følest nesten som heimebane for meg. No skal vi iallfall feire at Florø by også har bursdag i dag, smiler Ryland og blir omfamna av Florø-supporterar som stormar bana etter kampslutt.

Førde sitt trøystemål kom på eit omdiskutert straffespark mot slutten av 1. omgang, og det var Jacob Bergset som scora sitt sjette mål for sesongen.

-No må vi grave djupt dei komande dagane, og reise oss så fort som råd. Vi gjer mykje bra i periodar, men manglar det siste. Og viktigaste. Nemleg det å putte ballen i mål. No er det OBOS-liga-laget Sogndal som er neste motstandar på Førde stadion. Den kampen går 24. mai, avsluttar Rognsø og går saman med skuffa Førde-spelarar ned i garderoben.

PS: Det kjem meir om fotballfesten på Førde stadion litt seinare. Ikkje minst masse bildestoff.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

RUBEN (32) ER TILBAKE

Ruben Holsæter sitt comeback vart den store positive opplevinga i dagens batalje mot Volda på Førde stadion. Trass eit utal målsjansar begge vegar endte oppgjeret med poengdeling etter 0-0.

-Dette var utruleg moro, men vi burde sjølvsagt ha vunne kampen, seier Holsæter etter at han fekk sitt comeback nesten fire år etter at han sist spelte aktiv fotball.

Spennande spelarar

-Eg gav meg då Gisle Isene var trenar i Førde, og trur det må ha vore i 2019-sesongen. Sidan då har det ikkje vore mykje fotball på meg, nei. Før no i det siste kor eg fekk ein førespurnad om å bidra litt, seier midtbanespelaren som er uvanleg glad for å sjå så mange unge Førde-gutar på laget.

-Det er jo berre unge lokale gutar her. Derfor er det ekstra kjekt å vere med litt, og kanskje kunne gje dei litt råd, ler Ruben Holsæter som under oppgjeret fekk spele dei siste 25 minutta.

-Det gjekk overraskande lett, sjølv om det ikkje vart noko finspel. Det var meir kriging enn finspel, seier Holsæter som i si karriere hadde fem sesongar i Sogndal og fekk seg nærare 100 kampar i Tippeligaen og OBOS-ligaen.

Kjekk oppleving

-No er treningsgrunnlaget mitt litt tynt, og eg har vore med på dei fem-seks siste treningane. Og i dag var nok oppgåva mi at eg skulle balansere på midten, og passe på at vi ikkje blottla oss for mykje, seier Ruben og går vegen rundt for å takke med- og motspelarar for kampen.

-Dette var veldig kjekt, faktisk. Eg har signert to månadars kontrakt med Førde, og så får vi sjå når den tid kjem. Eg er jo «berre» 32 år, og kan kanskje bidra noko overfor spelargruppa, seier Holsæter og trur mannskapet er godt nok til å hevde seg godt i divisjonen.

Stang inn

-Det er utruleg mange spennande spelarar i Førde for tida, og dette kan gå langt viss det berre bikkar vår veg. I dag var det to gonger i aluminiumen og Volde-keeperen hadde også nokre flotte redningar. På samme måte som vår keeper, Fredrik Hanssen, også varta opp med nokre flotte paradar. Men skulle nokon ha hatt tre poeng, så meiner eg Førde hadde dei feitaste sjansane. Men det vart poengdeling, og dermed ligg vi framleis litt utsett til på tabellen. Så no er det berre å sjå fram mot oppgjeret mot Florø på Førde stadion 16. mai. Det skal bli kjekt, lovar Ruben Holsæter etter comebacket på fotballbana.

Det kjem meir frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

VIL LAGE FEST PÅ 16.MAI

Dei går saman om å lage gratis fotballfest, både før, under og etter lokaloppgjeret mot Florø på Førde stadion. – Her blir det konkurransar, show, opptog og mykje moro, seier denne kvintetten.

Det går rykter om at Florø-fotballen er i ferd med å setje opp gratisbussar for å mønstre masse supporterar til 16. mai-kampen mot erkerivalen. Men du må ikkje tru at Førde-fotballen ligg på latsida heller.

-No inviterer vi alle til gratis «førfest» på Scandic Hotel & Spa. Her blir det konkurransar, allsangar med DJ Torbjørn Gran, intervju med trenarane for dei to laga og mykje anna moro, seier Trond Valaker som er konferansier for arrangementet.

Brann og musikk

Etter samlinga på hotellet, vil det bli felles avmarsj til Førde stadion, med Førde Brannvesen og Førde Musikklag i front.

-Vi håpar det skal vere ein horde av Førde-supporterar som deltek, og at vi saman skal klare å skape ei fantastisk ramme rundt kampen, seier Svein Inge Bjørkedal i selskapet «Hending» som koordinerer det praktiske ved arrangementet.

Fylle stadion

Dei fire samarbeidspartnerane Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Sparebanken Sogn og Fjordane, Førde il Fotball  og Hending freistar også med pengepremiar til dei som er flinkast til både å trikse og å skape stemning.

-Vi skal ha triksekonkurransen på scena på hotellet, og ikkje minst skal vi ut med ein flott pengepremie til det laget som lagar mest show både på hotellet og under kampen. Vi håpar på til dømes ansiktsmåling, plakatar, songar, flagg og masse støy elles, seier Lars Solnørdal i Sparebanken Sogn og Fjordane om opplegget på hotellet føre avspark.

-No oppfordrar vi laga til å melde seg på gruppevis på Spond, og at folk elles også melder seg på arrangementet via linken under. Dette fordi hotellet skal ha ein viss kontroll på kor mange som vil vere med og kva lokale som skal nyttast, seier Fred Reiersen ved hotellet.

https://www.facebook.com/events/243681931605565

Flagg og fest

-Vi håpar sjølvsagt at det skal komme så mykje folk at vi må ta i bruk Sunnfjordsalen, seier dei fem i kor og veivar med Førde-flagga fem dagar føre 16. mai-kampen mot Florø.

Festen på hotellet startar 16.15 og varer ein times tid. Hotellet opnar for deltakarar ein halvtime tidlegare.

Følg elles med på sosiale medier i tida framover, og det vil kome meir stoff om arrangementet.

Gå saman i grupper, invitere ein ven og skap stemning!

Heia Førde!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide