RUSSE-INGA FOR HISTORIEBØKENE

Inga Hoff laga fire mål i 3. divisjonskampen mot Sogndal sundag, og reise deretter rett på russefeiring på Breim. – Vi har jenter som verkeleg står på, ja, smiler trenar Johan Pettersen.

Og Inga Hoff kan kanskje markere russetida litt ekstra i kveld då ho truleg kan ha scora eitt av dei raskaste hattricka i kvinnefotballens historie. Den offisielle rekorden innehas i følgje Wikipedia av sveitsiske Fabiene Humm som i 2015 scora tre mål på fem minutt i landskamp mellom Sveits og Equador. Og Inga Hoff kopierte dette då ho scora tre mål på rappen i det 72., 74. og 77. minutt.

Rett til Breim

-Ja, Inga kan godt feire litt ekstra i dag. Ikkje berre for dei fire måla, men også fordi ho har scora i alle kampane hittil i år. Ho er toppscorar i 3. divisjon, med totalt sju mål. Det betyr at ho i gjennomsnitt har scora over to mål per kamp, seier Johan Pettersen etter totalt 7-1-siger mot Sogndal 2/ Sogndal FK 2 sundag ettermiddag i Hafstadparken.

-I dag er det grei gjennomkøyring. Alle 18 spelarane i troppen får spele, og dette er motiverande med tanke på treningane framover. No står vi føre to vanskelege bortekampar mot Måløy og Selje, og då må vi vere på tå hev alle saman, seier Johan Pettersen og såg at bortelaget frå Sogndal føkk fekk sitt trøystemål i siste speleminutt.

Unge spelarar

-Vi har ekstremt låg alder i troppen vår, og ser at spelarane tek kjempesprang i ferdigheiter. Det er utruleg flott å sjå. Og dette er jenter som har lyst til å utvikle seg vidare. Noko som er utruleg kjekt, seier Johan Pettersen etter 7-1-sigeren i Hafstadparken.

Og når dette er forfatta, så er Inga Hoff akkurat komme fram til Breim og og kan starte russefeiringa saman med hundrevis av andre russ frå heile fylket.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

3.divisjon kvinner

FØRDE-SOGNDAL II/SOGNDAL FK II 7-1 (3-0)

Hafstadparken

100 tilskodarar

Mål:

1-0 15 min Inga Hoff

2-0 20 min Dina Sande Søgnen

3-0 31 min Vibeke Solheim

4-0 72 min Inga Hoff

5-0 74 min Inga Hoff

6-0 77 min Inga Hoff

7-0 79 min Kristina Hjelmeland Berqvam

7-1 90 min Malene Kvalsøren

Førde: Sofie Honningsvåg Aarnes, Vibeke Solheim (Ragnhild Fløtyre Ulltang i 56. min), Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot (Marit Hjelmeland Berqvam i 80. min), Inga Hjelmeland Berqvam (Viktoria Zablotna i 80. min), Sigrid Welle, Dina Sande Søgnen, Johanne Støfring, Kaja Johannessen Skrede (Synne Bell Folland i 63. min), Inga Hoff (Helene By Vikøren i 81. min)

-DET VAR ALTFOR LITE MED 3-0

Førde utklassa Hødd sine neste beste, og burde heilt klart ha vunne med meir enn tre mål. -Ja, utover i 2. omgang var det klasseskilnad på laga, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren og spelarane hadde på mange måtar kniven på strupehovudet etter to tap og ein uavgjort på dei tre første kampane i årets sesong, og dei kjente på presset føre møtet med Hødd 2 laurdag. Men trass regn- og snøbyger på tvers inn frå nordvest, så kunne Rognsø og Førde-spelarane sende sunnmøringane tilbake i motvinden etter 90 minutt etter stort sett einvegskøyr mot sunnmøringane.

Litt feige

-Bortsett frå dei siste 15 minutta i 1. omgang kor vi blir litt feige, så var dette ein bra kamp av oss. Vi har hatt berre ei trening på naturgras i år, og då var bana heilt tørr. I dag var det ei våt og sugande grasmatte som møtte oss. Og spesielt i 2. omgang, så let vi ikkje Hødd-spelarane få fred og nedkjempar dei effektivt, seier Førde-trenaren og ser at det lett kunne ha blitt bortimot tosfra viss utteljinga hadde vore betre.

-Ja, i 2. omgang skapar vi så mange sjansar at eg fell ut av teljinga. Då herja midtbana vår med dei, og Peter Aase var ein sluggar på midten. Når dessutan Magne Aarøen kom inn for Vegard Savland, så dominerte vi fullstendig, seier Rognsø og gjev skryt til midtspissen sjølv om det ikkje vart nettkjenning på han i dag.

Viktig spiss

-Vegard er heilt unik og kjem til sjanse på sjanse. Før eller seinare vil det smelle. Men vi må hugse at han har vore lenge ute, og valde vi å bytte han ut for å vere på den sikre sida. Vi toler ikkje fleire skader no, smiler Rognsø og ruslar av den gjennomblaute grasmatta.

-No skal vi ha Sogndal 2 neste helg, før vi skal ha to heimekampar på rad. Nemleg Volda 13. mai og Florø 16. mai. Det kan nok bana ha godt av, seier han og rosar spelarane på veg inn i garderoben.

Første siger

-Vi hadde kniven på veg mot strupen, og denne sigeren gjorde godt for sjølvtilliten vår. Vi er klar over kva kvalitetar vi har i laget, og i dag fekk vi det endeleg ut. Det blir kjekt å reise ut igjen til Florø i kveld, sjølv om det er fare for at snøbygene står rett i mot. Men no har vi årets første siger, og då kan vi puste ut litt i helga, seier Terje Rognsø.

Målscorarar for heimelaget i dagens kamp mot Hødd 2 var Edvin Brattreit, Jacob Bergset og Magne Aarøen, og førstnemnde var kåra til dagens Førde-spelarar. På det øvste bildet ser vi dei tre juble etter Førde si andre scoring. Frå venstre ser vi Edvin Dvergsdal Brattreit, Øystein Riksheim Østvik, Mathias Helgheim, Jacob Bergset og Magne Aarøen.

Vi kjem tilbake med fleire bilder og stoff frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampprogram Førde – Hødd 2

ENDELEG KAMP PÅ STADION

Laurdag klokka 15.00 er det klart for årets første seriekamp på Førde stadion. -Grasmatta ser grøn og fin ut, men er framleis litt ujamn, seier trenar Terje Rognsø.

Torsdag kveld fekk Førde-spelarane for første gang i år slippe utpå grasmatta på Førde stadion, og det var tendensar til «kalveslepp om våren» dei første minutta. Og tilbakemeldingane frå spelarane var udiskutable.

-Det var herleg mjukt å springe på, men noko ujamnt, var gjennomgangstonen.

Slått graset

Faktum er at etter at det har lagt vekstduk på heile grasmatta i nesten tre veker, så har graset begynt å spire. Og vaktmeister i Sunnfjord kommune, Kåre Holsæter, nytta høvet til å klippe den første veksten denne veka.

Så når Hødd 2 kjem til første kamp på naturgraset, så veit Førde-trenarane Terje Rognsø/Knut Erik Folland at motstandaren så langt ikkje har tapt i årets sesong. Dei har to uavgjorte (3-3 mot Sogndal og 5-5 mot Volda) og ein siger (1-0 mot Funnefoss/Vormsund).

-Så lenge det er eit andrelag, så er vi sjølvsagt litt usikre på kva mannskap dei stiller med. Ikkje minst fordi førstelaget skal møte Kongsvinger i OBOS-ligaen på bortebane allereie på sundag. Uansett er dette ein kamp vi må gå for å vinne og sikre vår første trepoengar, seier Rognsø etter gjennomført den første treningsøkta på naturgras.

Savland tilbake

I oppgjeret mot Hødd 2 klokka 15.00 på laurdag, så kan det også bli første kamp for Vegard Savland. Han fekk som kjent raudt kort mot akkurat Hødd 2 i siste kamp i 2022-sesongen, og har sona dei tre første kampane i år.

-Vegard er speleklar, ja. Det gjer at vi får ein spelar tilbake. Men framleis er både Sander Aamelfot og Mathias Sagevik ute av troppen, seier Rognsø føre oppgjeret på Førde stadion.

I fjorårets sesong vann Førde heile 5-0 over Hødd 2 på Førde stadion.

På bildet ser vi assistenttrenar Knut Erik Folland saman med Vegard Savland. I bakgrunnen ser vi spelarar trakke grasmatta etter den første treninga på stadion.

Tekst og foto: Stig Roger

NO BLIR DET KAFÉ I HELGENE I PARKEN

-Det er jo synd dette flotte lokalet ikkje er meir i bruk i helgene, seier Ann Kristin Solheimsnes Vindheim. Frå førstkomande sundag av blir det open kafeteria for kven som helst i Hafstadparken.

I helgene framover kan volleyballspelarar, fotballspelarar, turgåarar eller familiar leggje turen til Hafstadparken, og på same tid stikke innom klubbhuset for å få seg noko forfriskande. For Ann Kristin og mannen Geir har lenge sysla med tanken på å etablere fastare rutinar rundt kaféen i parken.

-No har vi vaksne ungar, og har tid og lyst til dette. Og kan vi dekke eit behov, så ville jo det vere fantastisk, seier Ann Kristin og håpar kafeen framover vil bli ein møteplass for folk som nyttar parken.

Bra utval

-No er det stor aktivitet i parken framover, og då vil det vere flott viss vi kan tilby brukarane noko dei har lyst på, seier Ann Kristin og har førebels planar om å halde oppe mellom 11.00 og 16.00 på laurdagar og mellom 11.00 og 18.00 på sundagar.

-I periodar kan det vere veldig mykje folk i parken, og då hadde det vore flott viss vi kunne ha gjort kaféen til ein plass kor folk kan slå seg nedog ta ein prat . Det er mange som går tur gjennom anlegget, det er tennisspelarar, det er skatarar, det er volleyballspelarar og mange, mange andre. Tenk viss eit ope kafetilbod kunne fått endå fleire til å bruke Hafstadparken, seier Ann Kristin som vil få hovudansvaret for drifta.

Mange i parken

-Vi kjem sjølvsagt ikkje til å ha eit enormt utval i kaféen, men det skal vere vaflar/sveler laga av heimelaga røre. Det skal sjølvsagt vere kaffe, brus, juice, is, vatn, pølse i brød, kaker og kanskje wraps av og til. Eg prøvde det sist helg, og då gjekk det ganske mykje av det, seier Ann Kristin og er ikkje framand for å utvide tilbodet etter kvart.

-Håpet er å klare å skape ein møteplass med litt liv og røre i helgene. No blir det dugnad frå enkelte lag og andre engasjerte personar som har lyst til å bidra for å få til noko. Det er sjølvsagt kjekt om klubben kan skape litt inntekter på dette, men det aller viktigaste er at vi gjev brukarane av Hafstadparken ein moglegheit for ein kopp kaffi eller noko å bite i, seier Ann Kristin.

Start på sundag

Ho vil starte opp allereie førstkomande sundag.

-Frå sundag av, og i helgene fram til sommarferien, er alle hjarteleg velkomne til kaféen i Hafstadparken. Så er planen å halde den stengt til midten av august for så å opne igjen til hausten. No håpar vi berre at jungeltelegrafen vil virke og at folk stikk innom. Eg trur dette skal bli veldig kjekt, seier initiativtakaren.

PS: Vi gjer merksam på at det kan bli nokre mindre endringar vedrørande helgeopningane grunna andre avtalte arrangement i FIL-huset, til dømes konfirmasjon/barnedåp. Dette vil vi komme tilbake til med annonsering på Førde il Fotball si Facebook-side.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ALLE FØRDE-LAGA VINN!!!

Kva er det med Førde og Adidas Cup? Så langt i sesongen har alle Førde-laga som har vore i aktivitet vunne sine kampar. Og det mot sterk motstand frå Bergens-lag.

Dei siste sesongane har Førde imponert stort i den landsomfattande Adidas Cup. Klubben har til og med gått heilt til topps i denne populære cupen, og verkeleg sat preg på finalehelga i Gjøvik på tampen av sesongen.

Med så mange lag som deltek, så blir det tradisjonen trur spelt eit innleiande gruppespel i alle klassar, før ein startar på utslagsrundene.

Førde har med sju lag i årets Adidas cup, fordelt på fleire årskull.

Seinast sist helg var fire av laga i aktivitet, og dette er utfallet av kampane til Førde så langt i sesongen:

Gutar 13 år (fødd 2010):

Førde møtte Sædalen frå Bergen på bortebane i helga, og vann like godt 2-5. Dei neste kampane for dette G13-laget er dobbeltkamp i Hafstadparken 13. og 14. mai. Då møter dei Kjøkkelvik og Gneist.

Gutar 14 år (fødd 2009):

Låg lenge under mot Fyllingsdalen i helga, men vann til slutt 5-3 mot sterke Fyllingsdalen frå Bergen. Denne kampen vart spelt i Hafstadparken. Neste kamp for G14-laget er på Vaimbley stadion i Vadheim mot Sund på 1. mai.

Gutar 15 år (fødd 2008):

Vann over Nordhordland med 3-1 i Hafstadparken, og har spelefri i Adidas Cup fram til 20. mai. Då skal dei møte Djerv.

Gutar 16 år (fødd 2007):

Laget som har gått til topps i Adidas Cup to år på rad, har fått ein pangstart i årets sesongn også. Først slo dei Hødd 4-0, før det vart 3-0 over Nordhordland. Neste kamp for desse sigersvande gutane er bortekamp mot Åsane i Bergen 5. mai.

Jenter 13 år (fødd 2010)

Spelar sin først kamp 11. mai, og då er Sogndal motstandar. Elles er Voss det tredje laget i denne pulja.

Jenter 14 år (fødd 2009):

I den første kampen vann dei 2-3 mot bergensklubben Bjarg, og skal møte Fana i Hafstadparken 6. mai.

Jenter 17 år (fødd 2006):

17-årslaget skal spele dobbeltkamp i Romsdal den første helga i mai. Då møter dei Melvik 6. mai, medan motstandar dagen etterpå er Gauldal. Begge desse kampane vert spelte på Reknesbanen i Molde.

Førdepatrioten skal prøve å halde deg oppdatert på korleis det går i desse kampane framover.

Bildet er av Førde sitt G14-årslag etter at dei vann oppgjeret sitt mot Fyllingsdalen i helga.

Tekst: Stig Roger Eide/ Foto: Privat

ANDRE SIGER PÅ FEM DAGAR

Dette Førde-laget vann sin andre kamp på fem dagar. -Dette var ein kontrollert siger, ja, seier Johan Pettersen etter 5-1 over Studentspretten i Hafstadparken tysdag kveld.

Verken nordavind eller snøbyger klarte å leggje særleg dempar på Førde si scoringslyst i ioppgjeret mot Sogndals-laget Studentspretten. For når det første målet var protokollført, så kom dei fire andre måla i jamn rekkefølgje.

Heile 300 i scoringsklubben

-Dette var kontrollert på ein heller middels dag. Det viktigaste i dag var sigeren, og at alle 18 spelarar i troppen fekk speletid. Dessutan er det jo fantastisk at vi har solgt heile 300 andelar i scoringsklubben vår. Det er kort og godt fantastisk, smiler Pettersen etter oppgjeret mot Studentspretten.

No har Førde vunne dei to første kampane i 3.divisjon, og skal ut i ny kamp allereie førstkomande sundag i Hafstadparken igjen.

God start

-Ja, vi har fått ein god start på sesongen. Og når vi scorar masse mål, så renn også pengane inn til laget vårt gjennom scoringsklubben, ler Pettersen og ser at med fem mål i dag og tre kroner per mål på dei 300 deltakarane i scoringsklubben, så spelte klubben inn 4500 kroner berre denne tysdagskvelden.

Bildet viser at ikkje ein gong aprilbygene i fjella i Angedalen kunne jage vekk det gode humøret hos Førde-laget.

Vi kjem tilbake med meir om kampen. Ikkje minst fleire bilde!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

DETTE BØR DU VITE OM IDRETT OG ANLEGG I FØRDE

Debatten om storhall i Førde «rasar» i kommentarspaltene i lokalavisa og på sosiale medier. Det er viktig at debatten blir halden på eit sakleg nivå, og ikkje blir styrt av populistiske flosklar. Sjølv om det kan vere lettvinte poeng å hente på slikt. Spesielt er det viktig å unngå «fake news» slik vi har sett hos fleire debattantar i det siste. Som mangeårige idrettsleiarar vil vi prøve å halde oss til fakta, og vise til historikken når det gjeld anleggsutviklinga i Førde:

Faktum er at anleggsutviklinga i det «moderne» Førde starta tilbake på 1990-talet då kommunen overtok Kronborg-tomta frå Førde idrettslag for å etablere ny veg til sjukehuset og næringsvirksomhet i området. Idrettslaget vart då lova ei erstatningsbane. Sidan då har Førde IL hatt ein veldig god dialog med både tidlegare rådmann og politikarar i kommunen med tanke på anleggsutviklinga, og har hatt gjensidig respekt og forståing.

Det er i den samanheng viktig å sjå på følgjande konkrete anleggsetableringa kor Førde IL har stått for mesteparten av kostnadane:

 Kunstgras på grusbana ved Førdehuset. I 2002 gav Førde IL ein million kroner til kunstgras, medan 700 000 kroner var tippemidler. Kommunen sitt bidrag var i underkant av ein million kroner.

 Kunstgras på grendabanene. Gjennom salet av Alexander Ødegaard til Viking og Rosenborg bidrog Førde kommune i 2006 med omtrent ein million kroner av totalt 4,8 millionar for å leggje kunstgras på grendabanene på Haugum, Slåtten og Halbrend. Den resterande summen kom frå fotballgruppa med samarbeidspartnerar samt tippemidlar.

 Hafstadparken. Allereie i 2009 starta Førde IL med å samle inn pengar til Hafstadparken. Totalt makta idrettslaget å samle inn 52 millionar frå forskjellige viktige og fantastisk rause samarbeidspartnerar. Spesielt var dei 20 millionane frå Trond Mohn via Håkon Fimland svært avgjerande. Dei 52 millionane utløyste på si side 16 millionar i tippemidlar, og for denne summen kunne vi i mai 2015 opne Hafstadparken med alle sine anlegg og klubblokale for idrettslaget. Dette er ein folkepark kor tanken er å skape eit rekreasjonsområde for heile byen si befolkning, sommar som vinter. Kommunen bidrog med grunnervervet til denne parken, og dette var på mange måtar erstatningsbana for Kronborg som forsvann nesten 20 år tidlegare.

 Førdehuset. Når både handballen og volleyballen klaga over dekket i Førdehuset i 2016, var det Førde idrettslag som forskotterte 2,8 millionar kroner for at dette kommunale anlegget skulle få eit nødvendig løft.

Berre sidan 2000-talet har Førde idrettslag og viktige samarbeidspartnerar med andre ord bidrege med om lag 60 millionar kroner for at innbyggjarane våre skal ha oppvekstvilkår gjennom idrettsanlegg som gjer det attraktivt å bu her. Dessutan har Førde IL som anleggseigar eit tett og godt samarbeid med Sunnfjord skisenter i Blomlia og Langeland Ski- og Fritidssenter for at begge desse vinteridrettsanlegga skal vere tidsriktige.

På samme tid som Førde IL har bidrege og brukt om lag 60 millionar, har Førde kommune sine bidrag på utbyggingssida av anlegg vore om lag 3 millionar, i perioden frå 2002 til og med 2016. Det er i denne samanheng viktig å presisere at det heller ikkje har vore overskridingar på prosjekta som idrettslaget har vore involvert i.

Som idrettsleiarar er vi opptekne av at alle idrettar skal ha tidsriktige anlegg, og skal vere tilpassa alle brukargrupper. Samstundes ser vi at når 80 prosent av dei over 1000 fotballspelarane i Førde Il Fotball bur i gang/sykkelavstand frå Hafstadparken, så er tida no «overmoden» for å bygge tak over bane 2. Dette fordi undervarmen på banene ikkje fungerer, og vi ynskjer heilårsaktivitet i parken vår. Vårt prosjekt om tak over bane 2 er kostnadsrekna til om lag 60 millionar, og vi veit at viss det skal byggast ein hall ein annan plass i Førde, så vil vi snakke om minst det doble beløpet. Førde IL har allereie samla inn 25 millionar kroner, og jobbar for fullt med å få fullfinansiert ein hall på bane 2. Det er viktig å vise til at dei gåvemidlane vi allereie har fått inn, kjem frå nokre av dei viktigaste samarbeidspartnerane som var med då Hafstadparken vart etablert. Dei vil gjerne vere med på å utvikle denne fantastiske parken vidare.

Når debattantar om idrettsanlegga i Førde fremmar påstander om at Førde Arena er eit luftslott så viser det kor lite kjennskap dei har til dei faktiske tilhøva. EM i vektløfting i 2016 og det faktum at VM skal avviklast i Førde, betyr at vi har fått ein eineståande sjanse til å oppnå status som eit nasjonalt senter for vektløfting for Førde Arena. Men det betyr at berre 350 kvadratmeter av totalt 10 000 kvadratmeter skal bestå av styrke/vektrom, medan det resterande skal vere hallar for handball, volleyball, friidrett, turn, toalett, garderobar og anna areal til kulturformål. Førdehuset er snart 50 år gamalt, og treng opprusting. Vi kan etablere eit nytt kraftsenter for idrett og kultur med desse planane, der om lag 50 prosent av kostnadane i så fall blir dekka av staten.

Dette er faktisk ein sjanse vi ikkje kan la gå frå oss!

Idretten har i alle år stått samla ved alle utbyggingane i Førde, og no står vi i Førde idrettslag samla om at vi skal realisere først ein storhall i Hafstadparken, før vi går «laus» på å rehabilitere Førdehuset. Skal vi oppnå folkevekst i Sunnfjord og Førde handlar det om å framstå attraktive og skape utvikling, noko vi gjer via slike etableringar. Vi i Førde idrettslag har i alle år hatt eit konstruktivt og funksjonelt samarbeid med kommunen, og har ikkje minst veldig mange gode samarbeidspartnerar som velvilleg stiller opp med kapital – med bakgrunn i at dei ser behova for idretten og Førde-samfunnet.

No handlar det i praksis om at vi har politikarar som ser dei same behova – og som vil bidra til å legge til rette for ei heilt nødvendig anleggsutvikling i Førde sentrum, i tillegg til å serve dei lovpålagte tenestene innan mellom anna helse og eldreomsorg.

Det eine utelukkar ikkje det andre – tvert imot!

Helsing Arne Helgheim og Knut Folkestad, Førde idrettslag/prosjektgruppa for storhall

LÆRAREN HAR LAGA SUPPORTERSANG OM ELEVANE SINE

-Fem av desse spelarane har eg hatt som elevar på ungdomsskulen i snart tre år, seier Vegard Nesje. No har læraren laga ny supporter sang kor han syng om elevane sine.

Under Adidas cup-kampen mot Nordhordland runga ei ny låt på høgtalaranlegget i Hafstadparken. No var det ikkje berre «Kom igjen Førde» som råda grunnen. I tillegg ljoma songen «Førde 07» over kunstgrasmatta i Hafstadparken. Viss du har lyst til å gå inn på Spotify for å høyre låta, så er det berre å følgje denne linken:

Hyllest

Låta er skriven og spelt inn av ungdomsskulelæraren Vegard Nesje, som for tida fullfører det tredje året med elevane i 10a på Halbrend skule. I denne klassen går Førde G16-gutane Marius Øksenberg, Ruben Jordanger, Emil Frøysland, Steffen Vårdal Helle og Matias Steen. I songen «Førde 07» blir også dei 9 andre spelarane frå Halbrend sitt 10-trinn hylla.

– Eg har no laga to songar til elevane mine. Eg må sei eg er litt overraska over responsen. Eg tok det ikkje for gitt at dei frivillig ønska å høyre stemma mi på fritida, etter å ha blitt tvungen til å høyre på den i tre år på eit klasserom, smiler Nesje.

I band

Ved sida av å vere lærar er Nesje hobbymusikar.

– Ja, eg spelar i eit band saman med Ivar Bruvik. Vi har begge ein forkjærlighet for 60- og 70-talet. Coverbandet vårt har vi derfor valt å kalle «Vinyl». Vi spelar også musikk frå dei etterfølgande tiåra og opplev at vi treff mange i publikum med songutvalet vårt. Om ein ønsker live-musikk til eit arrangement er det berre å ta kontakt, smiler han.

Med den nye songen i bakgrunnen herjar 07-spelarane til lærar Vegard Nesje mot Nordhordland og vinn til slutt 3-0.

Tekst og foto: Stig Roger Eide