SEKS FRÅ FØRDE LØFTA SOGNDAL

Seks Førde-spelarar representerte Sogndal i Bergen sist helg, medan Sogndal sjølv berre hadde med ein spelar.

I G13-klassa i Sogn og Fjordane er det tydeleg at Sunnfjord har eit sterkt kull. Under kretslags-turneringa i Bergen sist helg, stilte Førde med seks spelarar, medan Florø på si de hadde fire. Og med ein Dale-spelar i tillegg kunne Sunnfjord faktisk ha stilt eige lag. Dei siste spelarane kom frå Sogn.

God sundag

Sportsleg gjekk det veldig bra med det Førde-dominerte laget. I dei innleiande kampane på laurdag vart det siger mot Mjøndalen, medan det vart tap mot Åsane. Dermed andreplass i gruppespelet.

Under sluttspelet på sundag imponerte laget meir, og slo både Skeid og Haugesund. Osloklubben fekk gjennomgå med heile 1-8-tap medan Haugesund vart nedkjempa med 2-1-siger.

Flott utvikling

For Førde stilte følgjande seks: Elias Pettersen, Oskar Grimeland, Jakob Grimeland, Tian Frøiland Nistad, Henrik Sunde Sandal og Gabriell Scott Wiken. Desse seks Førde-gutane har representert klubben på ein framifrå måte, og saman med laget sitt, Sogndal, har dei hatt ei flott utvikling sidan oppstarten ved nyttår.

HAN ER ÅRETS ELDSJEL

Geir Vindheim vart heidra som årets eldsjel i 2022 i Førde idrettslag under årsmøtet i Hafstadparken torsdag kveld.

Geir Vindheim vart heidra for eit framifrå dugnadsarbeid i Førde idrettslag det siste året. Han har i mange år vore engasjert og sterkt oppteken av å leggje til rette for dei unge i sitt lokalmiljø. Dei siste åra er det spesielt fotballen som har nytt godt av hans innsats, og i 2022 er det spesielt jentefotballen han har vore mest oppteken med. Noko som også har gjeve tydeleg resultat.

Geir har vore leiar for breiddedelen i Førde il Fotball i mange år, og det er med glede vi har sett at det fantastiske arbeidet til Geir har utvikla klubben på mange område.

Og som leiar i hovudlaget, Arne Helgheim uttalte i samband med utdelinga:

-Geir er systematisk i sitt arbeid og har eit unikt pågangsmot. Og ordtaka til Førde il Fotball «Alle skal med» og «Ein del av noko større» passar svært godt på akkurat Geir Vindheim, heiter det i grunngjevinga om heidersutmerkinga.

Førde il Fotball gratulerer svært mykje for utmerkinga, og vi sluttar oss 100 prosent til utmerkinga.

Tekst: Stig Roger Eide/foto: Per Øyvind Storevik

FRÅ SYNDEBUKK TIL HELT

-Når du bommar på straffe, så kan du lett oppleve å vere syndebukk. Men Elias revansjerte seg fantastisk flott med to nydelege mål og vart helten, seier Bjørn Totland etter at Førde sitt G16-lag nedkjempa Sogndal 2-1 etter ekstraomgangar måndag kveld.

Førde er klar for 1. runde i NM etter at dei slo Sogndal 2-1 i ein thriller av ein fotballkamp i Hafstadparken i kveld. Sogndølene hadde banespelet i 1. omgang, men utover i kampen vart Førde sin fysikk avgjerande og det såg lenge til å gå mot 1-0-siger til heimelaget. Men Sogndal utlikna på eit langskot i siste sekund av ordinær tid, medan Førde kvitterte på samme viset i det siste minutt av ekstraomgangane. Dermed kunne jubelen runge i Hafstadparken

Flest sjansar

-Eg meiner vi vinn fortent i dag, og skapar heilt klart flest sjansar. Ikkje minst har vi mange i 2. omgang som skulle ha gitt utteljing. Og Sogndal er nok heldige med si scoring. Sånn sett føler er at dette var ein fortent siger til slutt. Men Sogndal har nærma seg vårt nivå, og vi må vere klar over at vi må løfte oss framover viss vi skal halde på posisjonen, seier Bjørn Totland.

Han såg at profilerte ex-Sogndalspelarar som Tore Andre Flo, Stig Nord, Kurt Heggestad og Magdalon Sætre, i eigenskap av å vere foreldre og besteforeldre til spelarar på motstandarlaget, måtte rusle litt skuffa mot parkeringsplassen.

Best i fylket

-No har vi halde på posisjonen som best i fylket, og vi skal ut mot dei beste klubbane i landet i NM-cupen. Dessutan skal vi delta i Adidas Cup også i år, og allereie førstkomande sundag møter vi Hødd i 1.kamp i Adidas Cup i Hafstadparken. Så då må publikum berre komme tilbake, seier Bjørn Totland og ser flesteparten av 200 tilskodarar rusle nøgde heim i marskulden.

Vi kjem snart tilbake med kampfakta og massevis av bilder frå thrilleren av ein G16-kamp.

På bildet ser vi Elias Grimeland signalisere si andre scoring på slutten av andre ekstraomgang, og jubelen kan bryte laus.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

NY KEEPER TIL FØRDE

Allereie på laurdag kan Kristian Raae Johansen få sin debut i Førde-målet. Og det mot sin gamle klubb Høyang.


-Ja, Kristian er iallfall i troppen på laurdag, og han har signert for Førde, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik om sisteskansen som har stått dei siste sesongane for Høyang i Kretsligaen. Og som faktisk også vart kåra til årets spelar for sogneklubben. Han debuterte for Høyang sitt seniorlag i 2016, og har totalt litt over 100 A.kampar for klubben.


Motivert

-Ja, eg har lyst til å prøve meg her i Førde, og ser fram til få testa meg på eit noko høgare nivå. Og det eg har opplevd dei siste dagane på treningane i Førde, har iallfall motivert meg ekstra, seier 1999-årgangen.

For Førde kan signaturen til Kristian Raae Johansen ha komme i grevens tid, då dei siste års førstekeeper Fredrik Hanssen har slitt med ryggskade i lengre tid. Noko som har gjort det uaktuelt for han å spele dei siste treningskampane i vinter.


Tilbake

Men etter grundige undersøkingar i ryggen, viser det seg at Fredrik Hanssen ikkje har prolaps i ryggen slik det lenge var frykta, og veteranen har derfor små smått starta opp med treningar igjen den siste veka.

-Eg kjenner meg øm i muskulaturen etter treningane, men så langt har det gått veldig bra. Så eg håpar sjølvsagt at eg framleis skal vere aktuell for spel, seier Hanssen etter den siste treninga torsdag kveld.


Kom i Hafstadparken

Allereie på laurdag klokka 13.00 kan det vere mogleg å sjå Førde spele ein ny treningskamp i Hafstadparken. Då ventar kretsligalaget Høyang på den andre banehalvdelen. Høyang har på si side halde Kretsliga-favoritten Årdal til eit jamt oppgjer i NM-cupen den siste veka (tap 2-3), og det kan sjå ut til at det kan vere i ferd med å bli bygd eit nytt og slagkraftig lag i Høyanger.

Så kom i Hafstadparken laurdag 25. mars klokka 13.00!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

REISTE PÅ FØDESTOVA FOR Å HENTE NYFØDD BARN

35-åringen Eirik Flatjord er no tobarns-far, men går likevel på ein ny sesong for sitt kjære Førde. -Ja, no har eg vel omtrent 350 kampar for klubben, seier forsvarsspelaren etter oppgjeret mot Florø.

Eirik Flatjord er vel noko av det næraste vi kjem ein ekte klubbspelar og Førde-patriot. Sidan han var gutespelar har han spelt for moderklubben Førde, og sjølv etter at han overtok som eigar og drivar av PULS på heiltid, så held han det gåande som fotballspelar.

Takkar Martine

-Ja, det går ganske mykje tid til fotballen, men så lenge eg likar dette og kabalen går opp, så held eg det gåande, smiler han og er raskt framme med å trekke fram sambuaren Martine Hauståker som gjer dette mogleg.

-Ja, utan Martine hadde dette vore vanskeleg. No fekk vi vårt andre barn i helga. Etter kampen mot Florø søndag ettermiddag, reiste eg rett opp på sjukehuset for å hente Martine og den nyfødde med heim, smiler småbarnsfaren på A-laget til Førde. Han, Jacob Bergset og Frank Robert Værn er dei einaste spelarane i A-troppen som har barn, og ser at det er fullt mogleg å kombinere fotball på dette nivået med småbarns-aktivitetar som foreldre.

Opprykk?

-Ja, absolutt er dette mogleg. Men det er klart at det av og til kan vere vanskeleg å få kabalen til å gå opp. Vi trenar for tida fire gonger i veka, og har dessutan ofte mange og lange reiser i helgene i sesongen. Så besteforeldre og andre er gode å ty til i periodar, seier Eirik Flatjord og vedgår at hans store draum er å spele Førde opp igjen til 2.divisjon.

-Ja, sjølvsagt er det målet, men eg trur det kan bli vanskeleg i år. Fleire av klubbane i vår avdeling ser ut til å ha uavgrensa budsjett med tanke på spelarkjøp, og har hårete ambisjonar. Vår styrke ligg i samhaldet og det faktum at vi berre har lokale spelarar. Som ikkje minst er veldig treningsvillige og ambisiøse. Så kanskje vi kan overraske igjen, seier midtstopparen før han legg raskt til:

– Men du, no må eg heim til dei to små. Det er ikkje lenge til treninga begynner igjen i kveld, og då må eg vere klar, seier den fotrappe førdianaren medan Førde il Fotball sin reporter møter han på PULS på Alti Førde.

Førde il Fotball gratulerer!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide/privat

-SCORAR VI MÅL, BLIR DET PENGAR I KASSA

Desse fire Førde-spelarane er svært nøgde med at det i år er oppretta ein scoringsklubb for damelaget. -Klart vi skal score så mange mål som mogleg. No vil det løne seg, smiler Inga Hoff.


Inga Hoff har dei siste åra vore ein sikker leverandør av mål i Førde-drakta, og i år håpar ho også at trioen Martine Honningsvåg Aarnes, Vilde Wie og Kaja Johannessen Skrede skal bidra med mange mål. Og alle dei andre Førde-spelarane på laget også sjølvsagt!


Støtt damelaget


Det nye for 2023-sesongen er det er oppretta ein scoringsklubb for damelaget, og kven som helst kan kjøpe andelar i dette. Denne kostar 50 kroner.


-Dette er etter initiativ frå nokre ivrige i foreldregruppa, og vi håpar å få inn nok pengar til å reise på ei treningssamling i løpet av året, seier damelaget sin trenar Johan Pettersen og ser at scoringsklubben allereie har fått god respons.


-Det er tydeleg at dette er noko som er populært. Medlemmene av scoringsklubben betalar tre kroner per mål som damelaget scora i løpet av dei sju kampane som er i vårsesongen. Serien for hausten blir nemleg ikkje avgjort før vi ser utfallet i vår, seier Pettersen og ser at medlemmene i scoringsklubben også kan vinne premier.

-Det betyr at du støttar damefotballen direkte i klubben, og samstundes kan du vinne gåvekort på Sport1, seier han.


Ta kontakt


Salsperioden for andelar i scoringsklubben går frå 15. mars, og vert avslutta 20. april. Fredag 21. april startar nemleg Førde-damene årets sesong med bortekamp mot Stryn.

Informasjon om scoringsklubben får du hos lagleiar Atle Skrede, som også står ansvarleg for å halde kontroll på dette nystarta initiativet.


-Vi i støtteapparatet rundt damelaget har eit mål om å selje 350 andelar i scoringsklubben, og har i løpet av den knappe første veka fått solgt 60. No håpar vi berre at fotballinteresserte vil støtte damelaget på denne måten. Ikkje minst håpar vi at dette kan motivere alle spelarane til å score mange mål. Då veit dei kva som ventar til hausten eller vinteren, seier lagleiaren for Førde il Fotball sitt damelag i 3. divisjon.


Så viss du har lyst til å kjøpe andel i scoringsklubben er det berre å kontakte Atle Skrede, andre i støtteapparatet rundt damelaget eller spelarane på laget.


-Vi kjem også til å ha stand i sentrum i tida som kjem, mellom anna hos den viktige samarbeidspartneren vår, Sport1, avsluttar lagleiaren.


Tekst og foto: Stig Roger Eide

NY UTKLASSING AV FLORØ

-Taktikken vår med å satse på kontringar lukkast først i 2. omgang, seier Terje Rognsø etter 5-2-siger over Florø i Hafstadparken søndag ettermiddag.

Forventa storm ved kysten vart skifta ut med plaskande regn og sleip bane då naboane Florø og Førde valde å flytte treningskampen frå Florø til Førde på søndag. Og sjølv om kunstgrasmatta var såpeglatt, var det i periodar vist bra fotball av begge lag.

Mykje bra

-Ja, i periodar var det mykje bra. Florø var flinke til å bryte opp spelet vårt i 1. omgang, og hadde bra intensitet i overgangsspelet sitt. Medan vi først kom til vår rett utover i 2. omgang. Vi hadde lagt opp til at dette skulle vere ein kontringskamp, men romma opna seg først opp etter kvilen. Og då vart det tre kjappe mål på 10 minutt, seier Terje Rognsø og likte veldig godt det spelarane presterte då.

-Vår beste spelar i dag var Kristian Hauståker. Han var god defensivt, og skapar veldig mykje på overgangane på høgresida. Dessutan må sjølvsagt Mathias Sagevik krediterast for to flotte scoringar og mange flotte, djupe løp i sin indreløpar-posisjon, seier Terje Rognsø og legg opp til at dei tre siste vekene fram mot seriestart skal nyttast til å perfeksjonere laget.

Styrka seg

-I utgangspunktet skal vi ikkje ha andre treningskampar enn internt i gruppa vår, men det kan hende vi får til ein kamp mot eitt av dei laga som blir slått ut av NM-cupen i desse dagar. Det skal vi komme tilbake til, seier Rognsø etter 5-2-sigeren mot sine gamle lagkameratar i Florø.

-Florø har styrka seg sidan sist då vi vann 6-0. Tomas Hallstensen og Kim Vik betyr mykje defensivt, og i tillegg fekk dei vel testa ut ein ny fransk spelar mot oss. Så Florø vil garantert ha ein god første 11´ar i årets sesong, avsluttar Rognsø etter møtet med naboklubben i Hafstadparken søndag ettermiddag.

Vi kjem tilbake med meir stoff frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

FØRDE-FLORØ 5-2 (2-1)

Hafstadparken, 100 tilskodarar

Mål:

1-0 25 min Jacob Bergset

1-1 33 min Lido Lotefa

2-1 35 min Vegard Savland

3-1 52 min Mathias Sagevik

4-1 59 min Mathias Sagevik

5-1 64 min Øystein Østvik

5-2 80 min Ulrik Domben Rognaldsen

Dommar: Jacob Søgnen, Gaular

Raudt kort: Leander Høyvik, Florø (men laget fekk spele med fullt mannskap likevel)

Førde: Håvard Folkestad, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 60. min), Øystein Østvik, Jacob Bergset, Elias Rognebakke, Mathias Sagevik (Christian Josefsen i 75. min), Sander Aamelfot (Lasse Aamelfot i 75. min), Vegard Savland (Sander Kapstad i 75. min), Mathias Helgheim (Magne Aarøen i 45. min)

-KJØP EIT KORT, OG FÅ MANGE FORDELAR!

I desse dagar lanserar Førde il Fotball støtte-medlemskap. – Med denne støttemedlemskapen får du mange fordelar hos våre sponsorar, og sikrar på samme tid at barn og unge i klubben får eit betre tilbod, seier Geir Vindheim.

Førde il Fotball si samfunnsrolle er betydeleg. Med mellom 800 og 900 aktive utøvarar i klubben, så er fotballgruppa truleg den største frivillige organisasjonen i kommunen. Det krev mykje å leggje til rette for eit godt tilbod til alle desse, og vi skal vere klar over at 85 prosent av utøvarane held til i barne- og ungdomsfotballen.

To alternativ

-Med dette som bakteppe vil vi frå i dag innføre ein støttemedlemskap til dei som vil. Du kan velje mellom to alternativ. Det eine på 400 kroner er ein vanleg støttemedlemskap, medan det andre er inkludert inngangsbillett til alle Førde sine heimekampar i 2023 til kr 900, fortel Vindheim og viser til at denne prisen i praksis betyr at halvparten av kampane «blir gratis».

-Samstundes som du støttar Førde il Fotball så gjev støttemedlemsskapen mange fordelar hos fleire av våre samarbeidspartnerar. Sjekk berre denne lista til slutt i denne saka og sjå kva tilbod du får. Dessutan er det viktig å gjere merksam på at denne lista vil bli utvida utover sesongen, seier Geir Vindheim og håpar at mange vil ta vegen innom Sport1 og sikre seg desse medlemskorta.

Sport1 sel korta

-Tek du turen innom Sport1 allereie denne veka, så kan du dessutan få svært gode tilbod i heile butikken då vi har klubbveke der til og med laurdagen. Der kan du også bestille deg medlemskort, seier Vindheim og viser til at betalingsordninga er gjennom Vipps-systemet.

-Du betalar inn for den medlemsskapen du vil, og så kan du berre hente kortet DITT på Sport1. Husk å skrive namnet ditt på vipps-meldinga. Då vil du straks kunne dra fordel av alle dei gode tilboda våre sponsorar gjev deg, og du er dessutan med på å støtte det viktige arbeidet vi gjer overfor barn og unge, seier Geir Vindheim.

Gode sponsorar

Dette er lista over tilbod frå våre sponsorar frå 15. mars viss du har støttemedlemskap i Førde il Fotball. Denne lista vil bli utvida gjennom sesongen, og oppdatert liste finn du på nettsida til Førdepatrioten:

Sport1: 20 % på Umbro, 15 % på resten av butikken (gjeld ikkje sykkel, pulsklokker eller tilbodsvarer)

Peppes: 20 % rabatt

Farsund Flis: 15 % rabatt

Puls Førde: Bedriftsavtale 2

Opus: 12 % på verkstad, tilbehør og rekvisista. 30 % på alle dekk. Rabatt på bilkjøp vil bli gjort i kvart einskild tilfelle.

NorEngros: 20 % på diverse husholdningsartiklar.

Best Førde: 20 % på vask av bil, 20 % på mat bestilt i Best Bonus-appen.

Førde Vulk: 10 % på alle dekk, og sesongskift av dekk.

COOP Mega: 10 % på lunsjmat frå varmeskapet.

COOP Extra Kafé: 10 % på dagens middag.

COOP Obs Bygg: 10 % på alt av bil- og båtpleie.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

-EIT SKIKKELEG LOKALDERBY

Førstkomande laurdag møter Førde sitt herrelag naboklubben Florø til treningskamp. Tysdag kveld møttest gutelaga til desse to klubbane i avgjerande kamp i Vinterserien for G16.

-Vi må lære oss å vere tolmodige, og ikkje stresse. Vi ser utover i kampen at mykje av energien som Florø har i starten av kampen vil avta. Då tek vi meir og meir over og det blir skapt store rom, seier Førde-trenar Bjørn Totland etter at det sigersvande mannskapet hans slo naboklubben i vest 4-1.

Tett og jamt

Men dette var ein tøff og intens kamp som levde lenge. Eit skikkeleg lokaloppgjer med høg temperatur!

Førde leia 1-0 ved pause, men eit hardtkjempande Florø-mannskap spiste seg inn i oppgjeret med tidleg utlikning av Even Barstad i 2. omgang. Og sjølv om Vegard Lorgen sende Førde i føringa etter ein times spel, så hang Florø framleis med.

Og kampen stod og vippa!

Men då Florø fekk utvist ein spelar på tampen, rakna det fullstendig og Førde kunne kontrollere inn 4-1-siger.

Stå i det

-Når desse spelarane har vunne såpass mykje tidlegare, så må dei lære seg å bruke ferdigheitene sine fornuftig. Dei må vere tolmodige, og ikkje bli med på det køyret som mange motstandarlag møter oss med. Det handlar veldig ofte om å stå i det i starten, og vente til det opnar seg noko opp, seier Bjørn Totland om G16-laget som dermed har minst 1 ½ fot i kampen om å spele finalekamp i årets Vinterserie. Der møter dei anten Sogndal eller Vik som kjempar om tetplassen i den andre avdelinga.

-Med denne sigeren kan vi avgjere sjølv når vi møter Sandane på tysdag. Deretter ventar finalekampen, seier Totland etter lokaloppgjeret i Skei storhall tysdag kveld.

På bildet set Vegard Lorgen fart og utfordrar to Florø-spelarar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Vi kjem tilbake med bilder frå både J16 og G16-kampane litt seinare.

KAMPFAKTA

G16, Vinterserien

Skei storhall

100 tilskodarar

Mål:

1-0 36 min Vegard Otterlei Fløholm

1-1 50 min Even Barstad

2-1 61 min Vegard Lorgen

3-1 80 min Noah Otternes

4-1 83 min sjølvmål

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Florø

Gult kort (utvisning i fem minutt): Tobias Grotle Herstad, Florø og Kasper Haaland Fureli, Førde.

Førde: Ruben Jordanger, Marius Øksenberg, Sondre Løland, Teodor Levik Aamot, Sander Løkkebø Lekva, Miguel Grønli Garfors, Noah Øren Otternes, Thomas Sunde, Vegard Lorgen, Elias Grimeland, Vegard Otterlei Fløholm, Håvard Vik Søvde, Kasper Haaland Furelid, Gaute Sunde Sandal, Matias Sæterdal Steen, Emil Frøysland, Liam Bruflot Undeland og Steffen Vårdal Helle.

STOPPA IKKJE FØR DUSINET VAR FULLT

-Vi er nøgde med å vinne, men i dag spelte vi ein dårleg kamp, er trenar Vibeke Solheim sin dom etter 12-1-sigeren over Askvoll/Holmedal i Skei storhall tysdag kveld.

Førde sitt J16-lag er vinnar av avdelinga si i Vinterserien, og skal no møte Sogndal i finalekamp mot slutten av mars månad. Desse to laga har utklassa dei andre laga i årets innandørsturnering, og det er venta ein jamn og tøff kamp mellom storklubbane i fylket når dei tørnar saman.

Ikkje skjerpa

-Ja, i vår avdeling har det ikkje vore så mykje å rope hurra for. Vi har vunne 9-1 og 14-0, og i dag vart det 12-1 på ein dårleg dag. Det er ikkje lett å halde seg skjerpa i slike oppgjer, seier Vibeke Solheim etter oppgjeret mot kystlaget.

I kampen i Skei storhall gjev ho faktisk ros omtrent til berre dei to spissane Kaja Johannessen Skrede og Vilde Wie.

-Når dei to scorar heile ni av dei tolv måla våre, så har dei prestert bra. Elles blir dette oppgjeret prega av at nivåskilnaden er for stor, og då fell naturleg nok prestasjonane, seier Solheim etter kampen.

Til topps

På bildet ser vi spelarane likevel juble for sigeren i avdelinga si i årets Vinterserie for J16-lag, men dei veit sjølv at i finalekampen mot Sogndal sundag 26. mars vil dei møte ein langt betre motstandar. I oppgjeret i Jølster stilte følgjande Førde-spelarar (scoringar i parentes): Lina Sunde Holsen, bertine Hauge Angedal (1), Lea Oline Aamot Fonn, Inga Hjelmeland Berqvam, Mia Aase Solnørdal, Anne Hafstnad Wennevold, Kristina Hjelmeland Berqvam (2), Eline Alværen Sund, Oda Paulen, Nora Vøllestad Westbye, Karoline Ospehaug Kjenes, Hanna Mielnik, Kaja Ørjansen lervåg, Vilde Sunde Wie (4), Kaja Johannessen Skrede (5). Trenarar og lagleiarar er Vibeke Solheim, Thomas Kjenes og Geir Fonn.

Vi kjem tilbake med bilder frå oppgjeret mellom Førde og Askvoll/Holmedal.

Tekst og foto: Stig Roger Eide