SJEKK KVEN SOM FEKK HEIDERSPRISEN

Førde il Fotball var utan tvil den klubben som fekk mest heider og merksemd under Miljøhelga til fotballkrinsen i helga.

Godt over 200 deltakarar i Sunnfjordsalen på Scandic Hotell i Førde kunne laurdag kveld sjå at Førde il Fotball langt på veg tok storeslem av utmerkingar. For i tillegg til fleire sportslege topp-prestasjonar, vart både leiarar, trenarar og dommarar i klubben heidra. Og størst merksemd fekk sjølvsagt Odd H. Hagen som vart heidra med den høgthengande Kjosen-prisen.

-Ein fantastisk kveld, og eg er utruleg stolt over å vere styreleiar i ein klubb som utmerkar seg positivt på så mange områder, kunne leiar Arild Sandvoll fastslå når festkvelden var avslutta.

Alle prisar

For sjekk berre desse utmerkingane som hamna på Førde-hender etter 2022-sesongen:

Årets dommar: Jonas Sande Mossestad

Årets trenar i barne- og ungdomsfotballen: Lars Ove Nistad

Årets unge trenar i seniorfotballen: Elias Øvretveit Larsen

Kjosenprisen: Odd H. Hagen

Spesielt heng Kjosen-prisen høgt. Denne utmerkinga er kretsens høgst utmerking, og vinnaren er også innstilt til den nasjonale Nikken-prisen. Ein pris som leiarar frå Sogn og Fjordane berre har fått to gonger tidlegare, nemleg Olav Kjos Wenjum og Rolf Navarsete.

Utruleg glad

Og det var akkurat Olav Kjos Wenjum som i 2012 oppretta Kjosen-prisen for å sette fokus på leiarjobben i fotballklubbane i NFF Sogn og Fjordane. Følgjande personar har fått den tidlegare:

2012: Per Sætre, Stryn

2013: Øystein Hjertenes, Florø

2014: Nils Taklo, Eid

2015: Rolf Navarsete, Sogndal

2016: Olav Flatjord, Førde

2017: Norman Henning Fimreite, Kaupanger

2018: Nils Myrkaskog, Vik

2019: Jon Georg Rutledal, Tornado Måløy

2020: Jarle Lien, Stryn

2021: jan Kåre Stedje, Årdal

2022: Odd Henrik Hagen, Førde

-Eg er utruleg glad for denne utmerkinga, og takkar audmjukt for dette, var dei første orda årets prisvinnar tydeleg rørt gav uttrykk for då han fekk prisen laurdag kveld.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

PS: Det kjem fleire bilde frå helgas Miljøhelg på Førde il Fotball si Facebook-side.

OPPSETTET FOR 2023 ER KLART

  • -Vi får mange av dei same laga som denne sesongen, seier trenar Terje Rognsø om serieoppsettet i Norsk Tipping-ligaen i 2023.

Norges Fotballforbund offentleggjorde dei seks avdelingane i Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon) fredag ettermiddag. Og for Førde og trenar Terje Rognsø sin del så blir det lokaloppgjer mot både Florø og Sogndal 2 i 2023. Og mest sannsynleg vil sunnfjord-derbyet neste år bli spelt på Førde stadion 16. mai.

Fire nye lag

-Ja, inndelinga vart omtrent som denne sesongen. Dei fire laga som forsvann (Aalesund 2, Lillehammer, Toten og Kongsvinger 2) har blitt erstatta med Sogndal 2, HamKam 2, Eidsvold Turn og Fu/Vo. Det siste laget heiter eigentleg Funnefoss/Vormsund, og held til nord for Lillestrøm.

-Dette betyr at det blir omtrent same reisebelastning som i 2022. I staden for ein tur til Sunnmøre, blir det ein ekstra tur til Austlandet, seier Rognsø og seier det er altfor tidleg å ha synspunkt på det sportslege nivå Førde vil stå overfor.

-Nei, det får vi ta etter kvart. Eg ser at det er to andrelag til Tippeligaklubbar (Molde og HamKam), og tre andrelag til klubbar i OBOS-ligaen (Raufoss, Sogndal og Hødd). Så i utgangspunktet er nok nivået omtrent på samme nivå som i år, seier Rognsø.

Inndelinga

Dette er laga i Norsk Tipping-ligaen avdeling 2:

Brumunddal

Eidsvold Turn

Elverum

Florø

Funnefoss/Vormsund

Førde

HamKam 2

Hødd 2

Hønefoss

Molde 2

Raufoss 2

Sogndal 2

Spjelkavik

Volda

Tekst og foto: Stig Roger Eide