ER DETTE NORGES BESTE LAG?

Dei har vunne Adidas Cup, og dei vart nummer to i Norway Cup. Då er det vel berre rett og rimeleg at dei også er suverene i Sogn og Fjordane? Sundag vann dei 10-0 i årets siste kamp.

Førde 1 som består av spelarar frå 2007 og 2008-årgangen har herja på både lokale og nasjonale arenaer denne sesongen. Og i den avgjerande KM-kampen i Hafstadparken sundag ettermiddag vann dei ikkje mindre enn 10-0 over Måløy. Noko som trenar Lars Ove Nistad er strålande nøgd med, sjølv om han først og fremst er oppteken av utviklinga til både spelarar og laget.

-Førde 1 har prestert veldig bra, ja. Men kanskje vel så viktig er det at vi har fått fram fleire spelarar som har fått testa seg på seniornivå denne sesongen og vi har fått ein spelar inn på landslaget. Dessutan har alle spelarane i denne treningsgrupppa utvikla seg svært godt det siste året. Det er etablert ein god treningskultur og spelarane er utviklingsorienterte. Det er slik som varmar eit trenarhjarte, seier Lars Ove Nistad og er oppteken av å hylle både resten av støtteapparatet og foreldregruppa bak laget.

God støtte

Det er fantastisk å ha så mange støttespelarar bak spelarane, av både trenarar og lagleiarar. Dessutan har vi søsken, foreldre og besteforeldre som er engasjerte på vegner av laget, og alt er lagt til rette for at spelarane skal få utvikle seg. Det er så fantastisk at eg knapt har opplevd maken tidlegare, seier Nistad.

I kampen om KM-pokalen så stod det som venta mellom Sogndal og Førde, men til slutt vart Førde for sterke i 1.divisjon. Så når Sogndal tapte sin siste kamp mot Stryn med 0-2, så måtte mannskapet til trenar Stig Nord ta til takke med andreplass, seks poeng bak Førde 1. For mannskapet til Lars Ove Nistad har i serien berre ein uavgjort kamp, og fantastiske ni sigrar. Og med tanke på at dei har vunne alle kampane i den nasjonale Adidas Cup, samt berre har eit finaletap i Norway Cup, må ein fastslå at festen dei hadde i FIL-huset sundag ettermiddag, er velfortent. Og det kjem bilder frå både festen og den siste seriekampen litt seinare.

Mei kjem

  • Målscorar i 10-0-kampen mot Måløy var Noah Otternes (3), Liam Bruflot Undeland (2), Vegard Lorgen (2) samt eitt mål på Teodor Aamot, Emil Frøysland og Daniel Gjelsvik.
  • – No skal vi feire denne suksess-sesongen, seier Lars Ove Nistad.
  • Det kjem meir stoff om gullgutane senare.
  • Tekst og foto: Stig Roger Eide

SÅ GLADE BLIR KM-VINNARANE👏👏👏

– Desse jentene har hatt utruleg god utvikling i haust, både individuelt og lagmessig, seier trenar Bjørn Totland.

Seint fredag kveld vann Førde sitt damelag 2-0 over Sogndal Fotball/Sgndal FK 2 i Hafstadparken, og sikra seg dermed sin sjuande av åtte moglege sigrar i haust.

Utvikling

– Vi mista fleire spelarar føre haustsesongen, men dei nye som har komme til har hatt svært god utvikling. Og i dag såg vi tre av dei tidlegare Førde-spelarane, Lea Storøy, Thea Lovise Holsen og Ingrid Krakhellen, spele for Sogndal, seier Bjørn Totland og er imponert over utviklinga laget har hatt i haust.

– No er det mykje betre struktur i det vi held på med. Dei har teke mykje lærdom og har utvikla seg fantastisk flott. Noko som lovar godt, seier Bjørn Totand og rosar samstundes tilveksten i haust, Johanne Støfring.

Scora to

– Johanne har bidrege mykje i haust, og i dags scora ho begge måla. No skal vi førebu oss litt på Førde Cup innandørs i Førdehuset om 14 dagar, og så tek vi sikkert litt ferie for laget i desember månad. Men jentene vil garantert halde det gåande fysisk. For dette er jenter med svært god treningsmoral, seier Totland og gjer klart til pizzafest i FIL-huset i Hafstadparken.

– Målet var å vinne KM. Så når vi gjer det må vi kunne feire litt, ler Totland etter den suverene KM-tittelen til Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

-VI STØTTAR FOTBALLEN MED GLEDE

Orda kjem frå Rolf Kjetil Egge i Coop Nordvest og siktar til samarbeidsavtalen med Førde il Fotball.
–Dette er ei av dei største sponsoravtalen vi har, fortel han.

Coop Nordvest har totalt 152 tilsette i Førde. Noko som Rolf Kjetil Egge forklarer er ein av grunnane
til at dei har inngått ein samarbeidsavtale med Førde-fotballen.

-Vi er ein stor arbeidsgjevar og lokal bidragsytar, for oss er lokalmiljøet viktig. Vi er opptekne av å ta
vår del av samfunnsansvaret og leggje til rette for at vi har livskraftige lokalsamfunn og nærmiljø.
Avtalen med Førde il Fotball er viktig for oss, den når mange og gjev stor aktivitet i bredde, spesielt
for barn og ungdom, seier Egge og samlar nokre av leiarane for fleire av butikkane i Coop Nordvest i
Førde (bildet):

Fremst og bakover: Janne Årdal (ass. varehussjef Obs Bygg), Anders Kleiveland (butikksjef Coop
Mega), Martin Haug (butikksjef Extra Kafé), Anne Østenstad (ansvar faghandel Coop Extra) og Rolf
Kjetil Egge (kommunikasjon- og organisasjonssjef Coop Nordvest).

Lokal støtte

Og leiarane er samde i at det er riktig prioritering å støtte lokalt. Ikkje minst sett i det perspektiv at
mange som får sommarjobb og ekstraarbeid i butikkane kjem frå akkurat idretten, ei rekruttering
som er viktig for Coop Nordvest.
-Eg veit at for vår del så er mange av våre unge tilsette rekruttert frå idretten. Og spesielt frå
fotballen, seier Anders Kleiveland som er butikksjef for Coop Mega i Førde sentrum. Samla trur
leiarane at mellom 40-50 ungdommar kvart år får sin første arbeidslivserfaring i forskjellige Coop-
butikkar i Førde.
-Vår avtale med Førde il Fotball er av dei større vi har, og er ein avtale vi er svært glad for. Førde-
fotballen åleine har meir enn 1300 aktive medlemmer som engasjerer ein stor del av Førde-
samfunnet, både direkte og indirekte. Og sjølvsagt er svært mange av desse kundar hos oss. Då
prøver vi å gje noko tilbake, seier Egge og viser til at ein del av avtalen er at A-lagsspelarane et lunsj
på Coop Extra Kafé føre heimekampar.

Lojalitet

-For vår del handlar det om å skape ein lojalitet overfor dei vi samarbeider med. A-lagsspelarane til
Førde held eit bra nivå på toppen, men vel så viktig er den store breidden i Førde-fotballen. Det
handlar om å gje noko begge vegar, seier Egge.

-Vi vil gjerne vere en bevisst og aktiv sponsor i lokalmiljøet. Sjølv om fotballavtalen er den største, har
vi engasjement også i handballen, volleyballen og fleire andre lokale klubbar. Samtidig er det viktig at
klubbane som blir støtta og deira medlemmer er bevisste på å bruke tenestene til dei som er
sponsor, det er ein føresetnad for at vi skal klare å oppretthalde den økonomiske støtta.
Men for oss i fotballen, veit vi kor viktig våre samarbeidspartnerar er.

UTAN SPONSORAR, STOPPAR AKTIVITETEN OPP

Bli bevisst på kven som støttar oss, og støtt dei som støttar oss!!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

-DETTE ER NOKO AV DET BESTE

Herrelaget til Førde avslutta med 0-3-siger på bortebane, og andreplass i årets 3. divisjon. – Dette er noko av det beste eg har opplevd, seier trenar Terje Rognsø.

Hødd 2 hadde lite å stille opp med mot Førde på Nye Høddvoll søndag ettermiddag. Førde vann til slutt heile 0-3 og sikra seg sin fjerde strake siger. Dermed klatra mannskapet til 2. plass på tabellen, berre slått av opprykkslaget Aalesund 2.

Mange spelarar

– Med dei utfordringane vi har hatt denne sesongen, så er dette meir enn godkjent. Faktisk er dette noko av det beste eg har opplevd som trenar. Hadde nokon føre sesongen sagt at vi skulle ende opp med eit snitt på meir enn to poeng med alle dei skadene vi har hatt, så ville eg tru at dei var galne. Så dette er kort og godt fantastisk. Ikkje minst har vi lært mykje taktisk, seier Rognsø som har brukt heile 36 eller 37 spelarar gjennom heile sesongen.

-Det er sjølvsagt kjekt at så mange har fått prøve seg, men fortel samstundes noko om utfordringane vi hatt med tanke på skader. Vi ser at offensivt har vi klart oss godt med å bli det laget som har scora nest mest mål. Men defensivt har vi eit klart forbetringspotensiale. Vi bør ned på eit snitt godt under eit baklengsmål per kamp. Der har heile laget forbetringspotensiale med tanke på neste år. For vi angrip som eit lag, og vi forsvarar –oss som eit lag, understrekar Rognsø etter 0–3-sigeren og punktum for årets sesong.

Startar no

-Spelarane får no nokre veker fri, men vi kjem sakte, men sikkert til å be dei om å halde seg i gang. På trenarsida har vi allereie starta førebuingar til neste sesong, og vi kjem til å ha masse møteverksemd i tida som kjem. No har leiinga i klubben sett kva vi har prestert i år, og så må vi stake ut ein kurs med tanke på neste år. Vi har utfordringar på fleire område, og må få evaluert årets sesong saman før vi er klare med neste års ambisjonar. Det er med andre ord ei spennande tid vi går inn i, seier Rognsø og vil helst ikkje spekulere i spelarlogistikken på noverande tidspunkt.

-Nei, dette er ein prosess vi startar på no, men vi veit at både Andreas Årseth og Elias Vindheim skal i militæret i januar månad. Så får vi ta ein gjennomgang med dei andre i tida som kjem, seier Rognsø etter at den 26.kampen i årets sesong er avslutta. På bildet er han saman med Ntege Kone.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

3.divisjon, avdeling 2

Hødd II-Førde 0-3

Nye Høddvoll

Mål:

0-1 17 min Kristian Hauståker

0-2 44 min Vegard Savland

0-3 88 min Ntege Kone

Raudt kort: Vegard Savland, Førde

Førde: Fredrik Hanssen, Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 90. min), Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Andreas Årseth, Jacob Bergset (Andreas Hvidsten i 90.min), Matias Sagevik, Magne Aarøen (Mathias Helgheim i 90.min), Ntege Kone (Jonas Frøiland Nistad i 90.min), Kristian Hauståker (Simen Indrebø i 66.min),Vegard Savland.

DESSE TAPAR ALDRI PÅ STADION

Førde stadion har blitt Førde sitt nye fort. Heller ikkje i 2022 har Førde tapt ein seriekamp her. –Ja, heimestatistikken vår er ekstremt god, seier trenar Terje Rognsø.

Også den trettande seriekampen endte med siger for Førde sundag ettermiddag. Formlaget Hønefoss fekk gjennomgå då dei tapte 4-3 på ei svært vanskeleg grasmatte, og det tidlegare topplaget måtte sjå at Førde sine frontspelarar Vegard Savland og Sander Aamelfort netta to gonger kvar. Dermed har Førde ti sigrar og tre uavgjorte i årets sesong på heimebane.

Burde scora

-Vi var gode førebudde på at det var viktig å komme rundt på kantane når bana var så glatt. Dette fungerte godt for vår del, og vi burde eigentleg ha scora meir enn fire mål, seier Rognsø som likevel er strålande nøgd med årets heimestatistikk.

-Ja, dette var eit verdig punktum for årets sesong i Førde. No har vi berre Hødd 2 igjen på bortebane komande sundag, og vi ser allereie no at vi er det nest beste laget i Sogn og Fjordane. Målsettinga var å ta dette steget på dei fleste nivå i klubben, og eg meiner vi har teke mange gode steg denne sesongen. Sjølv om det framleis er kampar att, seier Rognsø og vedgår at årets sesong har vore svært oppløftande for herrelaget i 3. divisjon.

Kamp om toppen

-Vi er med og kjempar om 2.plassen i avdelinga. Med tanke på alle dei skadde spelarane vi har hatt denne sesongen, så må det vere meir enn godkjent. Og i dag fekk nok ein ny spelar sin debut på A-laget, nemleg Tobias Holme. Og han var faktisk veldig nær å score 5-2-målet i sin debutkamp. Det hadde vore topp, smiler Rognsø etter kampen og gjer klar for årets siste kamp på Høddvoll i Ulsteinvik om sju dagar.

Utan toppscoraren

-Einaste minuset i den kampen er at vi ikkje kan bruke Sander Aamelfot. Toppscoraren vår fekk eit heilt feilaktig tildelt gult kort tidleg i kampen då han sklei inn i ein motstandar. Dermed får han dessverre ikkje sjansen til å vinne toppscorar-tittelen i årets 3. divisjon. Ein tittel han hadde fortent. Ikkje minst sett på bakgrunn av alle dei kampane han stod over i sommar. Den klart beste angriparen i divisjonen, legg Rognsø til og ser at gjennom hausten har også Vegard Savland meldt seg på.

-Det hadde vore moro og sett kor mange mål desse to kunne ha scora viss dei begge hadde hatt ein skadefri sesong. Kanskje det blir neste sesong, avsluttar Rognsø etter 4-3-sigeren i årets siste seriekamp i Førde.

Vi kjem med meir frå kampen seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

DEI ER STØRST PÅ BIL

Når mange ser på Førde som sjølve bilbyen, er det ekstra kjekt at den lokale bedrifta OPUS AS er Førde il Fotball sin hovudsponsor når det gjeld bil. –Vi har vore sponsor i snart 20 år, og i det siste som hovudsponsor på bilsida, seier Odd Arild Dale.

Førde-bedrifta har i mange år vore med som ein mindre sponsor, men etter at dei gjekk inn som hovudsponsor på bilsida i 2020, vil dagleg leiar i Førde il Fotball, Per Øyvind Storevik, beskrive forholdet slik:

-Vi var lenge forlova med OPUS, men i 2020 vart det endeleg giftarmål, ler Storevik og kan ikkje få fullrost OPUS AS sitt engasjement overfor klubben.

Rosar OPUS

-Dei tilsette i OPUS har alltid vore positive og stilt opp viss vi har hatt trong for noko. Til dømes manglar bil til kampar og slikt, og vipps, så er det fiksa. Det er kort og godt ei fantastisk bedrift som

alltid har stilt opp for oss. Der finst ikkje nei i vokabularet til dei tilsette, seier Storevik. Og i det perspektivet er det kanskje heller ikkje underleg at OPUS AS akkurat vart kåra til årets Opel- forhandlar i Norge i september. Noko som sjølvsagt dagleg leiar i bedrifta, Odd Arild Dale, er stolt over.

-Vi er 17 tilsette og omsette for om lag 100 millionar i året. Vi ser på oss sjølve som framoverlente, og har som mål å yte topp service i alle ledd. Og det er kjekt å oppleve at også andre opplever at vi leverer bra, seier Dale som har vore dagleg leiar i over 12 år.

Tilbake lokalt

-OPUS As er 100 prosent lokalt eigd, og har i hovudsak vore det sidan bedrifta vart etablert i 1987. Bedrifta er eigd av dei fem sunnfjordingane Roger Vikum, Dag Arve Savland, Odd Arild Dale, Harald Kapstad og Arild Fålun. Vi har heile tida vore opptekne av å sponse lokale lag og einskildutøvarar. Og i 2020 fann vi ut at tida var inne for å gå tyngre inn i Førde-fotballen. Eit val vi ikkje har angra på eit einaste sekund, seier Dale og viser til at bedrifta er opptekne av å gje tilbake lokalt.

Støtt OPUS

-Avtalen med Førde il Fotball er viktig då dei gjer oss langt meir synlege. Du finn logoen vår både på stadion og på drakter. Dette er den største og viktigaste sponsoravtalen vi har gått inn på, og den er treårig. Førebels har vi all mogleg grunn til å vere nøgde med samarbeidet, seier Odd Arild Dale og viser til at bedrifta sel følgjande bilmerke:

-Vi sel Opel, Suzuki, Isuzu og Benimar bubilar. Så her skulle det vere noko for einkvar smak, smiler leiaren for ein av ni (snart ti) bilforretningar i Førde.

Skulle du som medlem i Førde il Fotball ha trong for bil, så veit du kor vi vil at du skal handle.

Bruk våre samarbeidspartnerar, dei støttar nemleg oss kvar einaste dag!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

-DET SOM ER BRA FOR FØRDE, ER BRA FOR OSS OGSÅ

-Som ein viktig lokal aktør, er det viktig for oss å støtte Førde il Fotball! Orda kjem frå dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid, ein trufast samarbeidspartner i mange år.

Entreprenørselskapet Åsen & Øvrelid har i mange år vore ein viktig sponsor for Førde-fotballen, og Finn Ove Øen legg ikkje skjul på at bedrifta alltid har hatt fokus på å bidra overfor idrett, lag og frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet.

-Åsen & Øvrelid er ein viktig lokal aktør på entreprenørfronten, og vi er glade for alle som heiar på oss. Noko vi opplever er tilfelle veldig ofte. Vi brukar å seie at det som er bra for Førde, er bra for oss i Åsen & Øvrelid også, smiler Øen som sjølv er engasjert i Førde-fotballen.

Viktig samfunnsaktør

-Ja, no er eg faktisk direkte engasjert i fotballen. Eg er lagleiar for G13-laget som Johan Pettersen trenar, og no får eg oppleve frå innsida kor viktig fotballen er som samfunnsaktør. Noko som sjølvsagt styrkar engasjementet vi i Åsen & Øvrelid har overfor Førde-fotballen, seier Øen og ser at logoen deira er eksponert på svært mange plassar.

-Profilering er sjølvsagt viktig. Også for oss. Det er vanskeleg å måle kor mykje vi til dømes har igjen for å vere ein tydeleg logo på så mange hundre ryggar. Men Førde il Fotball er ein av dei største breiddeklubbane i Norge, og engasjerer ein stor del av innbyggjarane i Sunnfjord. Då skulle det eigentleg berre mangle om ikkje vi som ein stor lokal aktør også engasjerer oss, understrekar Øen og ser at selskapet har dottereselskap i både Ålesund og Molde, Åsen & Øvrelid Nordvest AS i Ålesund og Åsen & Øvrelid Røberg AS i Molde.

Stort selskap

-Vi har om lag 200 tilsette totalt, og har som mål å vere blant dei aller beste i vår bransje både med tanke på kvalitet, lønsemd, berekraft og digitalisering, seier Øen om det som er eitt av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet.

-I 2022 bikkar selskapet ei omsetting på om lag 750 millionar kroner på dei mange utbyggingsprosjekta vi har, seier Finn Ove Øen og legg til:

-Vi har engasjement mange plassar rundt omkring på Nordvestlandet, og for Førde il Fotball så var det også vi som hadde utbyggjinga av FIL-huset i Hafstadparken. Noko som underbyggjer det faktum at vi har eit tett samarbeid, seier Øen.

Støtt dei

Øen har sjølv vore dagleg leiar i Åsen & Øvrelid sidan 2013, og trur selskapet har hatt samarbeid med Førde-fotballen i lang tid.

-Eg kjenner ikkje akkurat til når vi gjekk inn i Førde-fotballen. Eg veit vi var tungt inne i Førde Volleyballklubb i ein periode, men dei seinare åra har engasjementet vårt vore størst i Førde il Fotball. No har vi akkurat starta forhandlingane om ein ny avtale med Førde-fotballen, og reknar med å ha den på plass om ikkje så lenge. Målet for Åsen & Øvrelid er at vi skal halde vår posisjon og vere eit relevant selskap for folk flest. Og samarbeidet med Førde il Fotball styrkar dette heilt klart, seier Finn Ove Øen om ein av klubbens viktigaste samarbeidspartnerar.

Vi i Førde il Fotball er opptekne av at våre medlemmer også skal støtte våre samarbeidspartnerar. Så sjå etter Åsen & Øvrelid-logoen neste gang du vurderer eit byggeprosjekt!

Åsen & Øvrelid heiar på oss. Støtt Åsen & Øvrelid du også!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Førde 3 sesongavslutta med stil

Førde 3 har imponert i 5 divisjon, og avslutta med å slå den suverene serievinnaren Sandane 4-1.

Toppskorer med betre målsnitt enn Haaland 🙂

Sander Kapstad fornekta seg heller ikkje idag, og satt inn sitt mål nr 24 og 25. Dette har han gjort på kun 13 kampar. I dag var det 2-0 og 3-0 som kom frå Sander. Det først etter ein korner, mens Thomas Løland var servitør på 3-0. Dei to øvrige måla i dag vart satt inn av Simon Personbråten og Elias Vindheim.

Beste bortelag

Sandane kunne med siger i dag også bli beste bortelag, men med dagens tap vart Førde 3 eit poeng betre. Totalt sett enda Førde 3 på fjerde plass med 38 poeng. Sandane vart seriemester med 48, mens Kaupanger kapra kvalifiseringsplassen for opprykk med 39 poeng og andreplass. Dale kjempa heilt inn mot Kaupanger, men enda på lik poengsum som Førde 3 med betre målskilnad. Vi gratulerer Sandane med opprykket til kretsligaen.

Strålande nøgd trenar Benny Rivedal

Er veldig godt fornøgd med sesongen og syns vi har levert bedre enn forventa. Vi er nyopprykkede , men har vært med i toppen i heile år. Tatt poeng mot alle laga og har den beste borteststistikken i serien. Vi kjem likevel “berre” på 4.plass, men det er 1 poeng opp til 2.plassen… Syns vi og stort sett har levert bra fotball og har styrt dei aller fleste kampane. Sander Kapstad stikker av med toppscorertittelen i 5 div og fleire av Lars Ove Nistad sine G15 spelare har fått speletid.

Tekst og foto: Geir Vindheim

BEST I NORGE FOR ANDRE GONG

Førde ser ut til å ha lagt beslag på 1.plassen i Adidas Cup. Sundag vann dei 3-1 over Kolbotn i finalen på Gjøvik, og kunne juble over sin andre strake siger.

-I dag skal LAGET med store bokstavar framhevast. Eg trur nesten ikkje eg har sett eit lag spele så fin og god fotball som det denne 2007-gjengen (med ein spelar, Gaute Sunde Sandal, fødd i 2008) gjorde i dag. Den første omgangen gjorde vi Kolbotn til statistar, og i tillegg til tre mål var det heile fem gonger at ballen smalt i treverket bak keeperen deira, fortel trenar Lars Ove Nistad etter at feiringa er avslutta på Gjøvik.

Alle på bana

Nistad er spesielt oppteken av å framheve at alle 19 spelarar i troppen vart nytta i finalekampen, og at alle bidrog på sin måte.

-Vi snakka på førehand om spurt og tempo som to viktige element. Her responderte alle 19 spelarar på ein heilt fantastisk måte. Spelvendingar og kantovergangar sat som smurt, og vi leika oss faktisk med Kolbotn. Publikum, motstandarlag og arrangørar kom bort til oss etter kampen og gav oss skryt for fantastisk underhaldning. Det er slikt som varmar eit trenarhjarte, seier Lars Ove Nistad og sender kjapt ballen tilbake:

-Dessutan har desse to årskulla ei fantastisk foreldregruppe og eit unikt støtteapparat rundt laget. Og det er ikkje mogleg å unngå og trekkje fram lagleiar Kariann Husevåg Løland sin innsats. Ho er berre heilt fantastisk, strålar Førde-trenaren medan bilen hans med spelarar er på veg mot Fagernes og Filefjellet på returen.

Andre på rad

Målscorarar i oppgjeret var Daniel Gjelsvik (2) og Vegard Fløholm.

-Dessutan vart Teodor Aamot kåra til banas beste spelar i finalen. Han var ekstremt god, men jammen var det mange som kunne ha fått ei slik utmerking på dette Førde-laget i dag, understrekar Nistad.

No er dette andre året på rad at Førde vinn med dette laget, og dermed på veg mot å bli historisk.

-Ja, vi fekk høyre det at Fyllingen vann fire år på rad. Då er vi halvveges mot det målet, ler Nistad etter sin andre siger i denne landsomfattande cupen.

-Klart at vi er stolte over denne bragden. Det skulle berre mangle. Det å gjennomføre ein så tøff cup utan tap to år på rad er heilt unikt. Så desse gutane fortener faktisk all den ros dei kan få, avsluttar Nistad.

Førde il Fotball gratulerer sjølvsagt også.

Vi kjem tilbake med meir stoff om finalen i Adidas Cup seinare.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kariann Husevåg Løland

Vikøren hattrick då Førde 2 senka Studentspretten

Tobias By Vikøren var i skoringshumør laurdag når Studentspretten var på besøk i kretsligaen.

Ekte hattrick

Tobias By Vikøren brukte kun 32 minutt på å senke Studentspretten. Allereie etter 3 minutt satt nr 1 bak spretten keeper. Vikøren vart spelt flott gjennom av Simon Dobbe Personbråten, og satte den sikkert bak spretten keeper. No var Vikøren verkeleg i støtet og 2-0 var ein fantastisk solo prestasjon der han henter ballen på midtbana, og spring frå alt og alle før han dundrer ballen i mål. – Dagens mål. Hattricket blei fullbyrdet 5 minutt seinare på eit flott angrep der Hallvard Sagevik slår eit perfekt innlegg til Vikøren som stuper fram og header inn 3-0.

Fullt fortjent

Førde vinner ein fullt fortent 3-0 siger. Førde 2 var sikra plassen i kretsligaen allereie før dagens kamp, men viser at dei har tenkt å gjere jobben heilt inn. Med dagens tap er Studentspretten brått i nedrykkskampen før siste kamp. Her blir det no ein kamp mellom Spretten, Vik, Bremanger og Jølster om å unngå sisteplassen. Førde 2 spelar årets siste kamp neste lørdag borte mot Fjøra.

Tekst og foto: Geir Vindheim