DETTE ER LIKE SIKKERT SOM BANKEN

-Fotballen skapar glede, entusiasme og gode haldningar som er viktige verdiar vi gjerne vil bli assosiert med og setje logoen vår på. Eit langt og godt samarbeid med Førdefotballen har vore heilt naturleg, seier marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad.

Uttrykket «Like sikkert som banken» er høgst gyldig når det gjeld samarbeidet mellom Førde-fotballen og Sparebanken Sogn og Fjordane. Sidan 2010 har banken vore generalsponsor for over 1300 aktive fotballspelarar i Førde, og har gjennom dette samarbeidet vore ein viktig samfunnsaktør i lokalsamfunnet.

-Vi har eit mål om å vere gode ambassadørar for kvarandre, og saman skal vi utgjere ein skilnad i lokalsamfunnet, seier Gunn Aase Moldestad som saman med banksjefen for privatmarknaden i Sunnfjord, Lars Solnørdal, er dei som tettast følgjer opp avtalen med Førde-fotballen.

Haldningar og omdømme

-Førde-fotballen profilerer oss svært godt på mange områder, og vi er stolte samarbeidspartnarar til ein av dei største organisasjonane i Sunnfjord. Saman skal vi utvikle oss vidare. At dei vi samarbeider med har eit godt omdømme er viktig for banken. Dei fire siste åra er vi kåra til best i landet på omdømme av Epsi Rating som årleg tek pulsen på bankkundane i Norge. Difor blir vi også rørt når vi opplever dei gode haldningane og verdiane som Førde-fotballen står for, seier Lars Solnørdal og fortel om at svært mange har positivt kommentert både spelarar og leiarar sin oppførsel i samband med kampar.

-Dette er kanskje noko av det viktigaste arbeidet. Det handlar ikkje berre om det kommersielle, men også om grunnverdiar og haldningar. Her har vi mykje felles, seier banksjefen og ser at Sparebanken Sogn og Fjordane historisk også har vore viktig.

-Vi var med å leggje grunnlaget for Hafstadparken i si tid, då vi i 2010 gav åtte millionar til dette unike folkehelseprosjektet. Det var på mange måtar grunnmuren for parken. I år har vi i lag med den største eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, gjeve sju nye millionar av gåvemidlane våre for at det skal bli realisert ein storhall i Hafstadparken. Og vi ser at våre initiativ gjer at andre følgjer etter, noko vi er svært glade for, seier Gunn Aase Moldestad.

Største i landet

-Førde il Fotball er ein av dei største breiddeklubbane i Norge, og er svært viktig for mange tusen innbyggjarar i Sunnfjord. På same måte som Sparebanken Sogn og Fjordane også er den største banken for «folk flest» i Sogn og Fjordane. Saman er vi ein sterk samfunnsaktør, og gjennom overskotet til banken kan vi bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet. Samstundes er vi opptekne av også å ta vare på dei små organisasjonane. Det er viktig for oss som bank, men også for dei som får nyte godt av eit rikt organisasjonsliv i lokalsamfunna sine. Vi skal vere med å motivere dei frivillige som kvar einaste dag står på for å skape aktivitet, seier Moldestad og kan vise til at banken totalt har bidratt med over 240 millionar kroner i gåve- og sponsormidlar dei siste fem åra.

-Samstundes veljer vi også å gå tyngre inn i nokre miljø der også folketalet er størst. Vi har vore med Førde il Fotball sidan 2010 gjer at spelarar, trenarar, lagleiar, foreldre og andre i dette miljøet «er klar over» oss. Vi har sjølv ein høg marknadsandel i Sunnfjord, og skal både halde på og helst utvikle den, seier Lars Solnørdal.

Spelarar får opplæring i privatøkonomi

-Fotballen og banken er to sterke kompetansemiljø, som vi ønskjer å utnytte endå betre framover. Eit døme er at vi planlegg å gjennomføre ei opplæring i privatøkonomi som er retta inn mot aldersgruppa 15 til 25 år. Her vil vi vere med å byggje kunnskap om eigen økonomi og verdiar, noko vi i banken erfarer at det er stor interesse for både hos ungdommen sjølv, men også foreldre. Vi må heile tida utvikle innhaldet i avtalane våre og sjå på nye måtar å aktivere både oss og dei vi har samarbeid med for å oppnå best mogleg effekt for begge partar. Samstundes skal vi stå for kontinuitet og vere føreseielege for samfunnet rundt oss, seier banksjef Solnørdal om samarbeidsavtalen med Førde il Fotball.

Og begge konkluderer slik:

-Førde il Fotball profilerer oss svært godt og positivt. Vi blir glade når vi ser engasjementet rundt fotball-aktiviteten generelt i Sogn og Fjordane. Ta til dømes Kongleriket-turneringane kor mange tusen barn får oppleve fotballglede og samhald. Då skjønnar du godt kvifor Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeider også med fotballen, avsluttar Gunn Aase Moldestad og Lars Solnørdal.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

VEGARD SIN STORE KAMP, UTAN AT HAN SCORA MÅL

Spissen Vegard Savland spelte ein av sine beste kampar i Førde-drakta mot Volda, men det var Sander Aamelfot (2) og Eirik Flatjord som scora måla.

-I dag var Vegard stor, og spelte ein veldig god kamp. Kjekt å sjå at han er tilbake etter skaden, og no fysisk er på høgde igjen, seier trenar Terje Rognsø etter 3-0-sigeren på Førde stadion.

Førde stadion som fort

Og at Førde stadion har blitt eit fort er det ingen tvil om. No har ikkje Førde tapt ein seriekamp på Førde stadion sidan 15. juni 2019, og berre i år kan dei sjå tilbake på åtte sigrar og tre uavgjorte kampar på heimebane.

-Det vi presterer periodevis i dag er veldig bra. Forutan at Peter Aase har ein god kamp på midtbana, så er det først og fremst Vegard Savland sin kamp. Han skapar og rykker heile tida i Volda sitt midtforsvar og lagar opningar for dei andre. Einaste minuset på han i dag, er at han sjølv ikkje fekk nettkjenning. Men så lenge vi vinn komfortabelt 3-0, så betyr ikkje det noko, seier Rognsø og ser at laget no har klatra opp på 3.plass på tabellen.

Klar siger

-Kampen i dag var veldig solid, men vi burde ha vunne klarare. Vi har massevis av sjansar, medan det er lite Volda skapar på oss. Og det er alltid godt å gå av bana med null baklengs. Det er slikt som gjev sjølvtillit, seier Rognsø til spelarane i gardeoben før han oppfordrar spelarane til å ta jubelbrølet.

-Men husk for all del å opne opp døra, slik at Volda-spelarane i nabogarderoben høyrer kva dette betyr for oss, gliser han lurt og takkar spelarane for kampen. Før han avsluttar slik:

-I dag gjev vi også ein applaus til to nye debutantanr, Simon Dobbe Personbråten og Elias Grimeland, sa Rognsø før Fredrik Hanssen leia an i jubelbrølet inne i garderoben.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Det kjem meir om kampen seinare.

-EG HAR ALDRI OPPLEVD MAKEN

I løpet av denne sesongen har Førde hatt totalt 32 spelarar som aktuelle for A-laget. Mot Volda får tre nye spelarar sjansen i troppen.

-Eg har sagt det før, og gjentek det gjerne. Eg har aldri opplevd makan til skadesituasjon som det eg har opplevd i Førde. Medan andre klubbar brukar 16-17 spelarar i løpet av sesongen, så har vi nesten det dobbelte. Og mot Volda har vi tre nye namn i troppen, seier Terje Rognsø medan laget gjennomfører si siste trening fredag kveld. For på laurdag ettermiddag ventar Volda på Førde stadion med avspark klokka 16.00.

Tre nye

-Det er framleis ein del skader i troppen vår, så tre nye spelarar får sjansen i troppen på laurdag. Det gjeld Elias Grimeland, Simen Dobbe Personbråten og Ivan Celic. Grimeland er Førde-gut, medan Personbråten er frå Naustdal. Celic har flytta til Førde, og har spelt nokre kampar i midtforsvaret for Førde 2i Kretsligaen, seier Rognsø om dei tre nye spelarane mot Volda.

Vanskeleg

Men faktum er at med desse tre spelarane så har Rognsø hatt heile 32 forskjellige namn i troppene sine i årets sesong.

-Det er klart at det er vanskeleg å få samspelt eit mannskap slik det har vore i år. Og sett i dette perspektivet, så skal vi vere svært godt nøgde med prestasjonane våre. Men sesongen er ikkje på langt ferdig, og no er det viktig å stå løpet ut. Ikkje minst skal vi revansjere tapet vi hadde mot Volda i mai månad, seier Rognsø som til kampen laurdag ettermiddag må sjå at følgjande er ute: Stefan Aase, Øysten Østvik, Ntege Kone, Edvin Brattreit, Kim Vik, Simen Indrebø og Lasse Aamelfot.

-Det betyr at andre får sjansen. Noko som også er positivt, seier Rognsø.

Kampen mot Volda har kampstart klokka 16.00. Kampen blir spelt på Førde stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Fotballakademiet 2022

Førdedamene med ny siger

Ny runde i 3 divisjon damer med Stryn som motstander i Hafstadparken. Her blir det ofte målrike oppgjer, og fredag vart ingen unntak. Når dommaren bles av kampen var det notert totalt åtte mål.

Aktive kantspelare

Førde skapte mykje gjennom Kaya og Martine på kvar sin kant. Disse to sørga også for Førde sine to mål før pause. Ut frå alle sjansane burde vi leia meir enn 2-1 til pause seier Bjørn Totland.

4-4-2

I andre omgang gjere Totland grep med å gå over til 4-4-2 og inn med Lea Fonn og Inga Hoff. Inga viser at ho fortsatt har skoringsforma inne, og i løpet av kort tid har ho auka leiinga til 4-1. Stryn reduserer nok ein gong på ein korner, og gjev oss noke å jobbe med på trening til neste kamp. Linnea setter inn 5-2 på eit flott langskudd. Heilt på tampen får Stryn nok ein redusering, og kampen ender dermed med 5-3 siger til Førde.

Fortent siger

Bjørn Totland var godt nøgd etter kampen. Vi vinn fullt fortent, og er godt nøgd med det damene presterer. No skal vi få ei god treningsveke før vi tar turen til Sogn igjen for å møte Sogndal/Sogndal FK 2 søndag 18 september.

Førde stilte fredag med følgande lag: Sofie H. Aarnes, Una C.Thingnes, Linnea L. Aamot, Ida Kristine Rotnes, Viktoria Zablotna, Johanne Strøfring, Kaya B. Fonn, Martine H. Aarnes, Andrea M.Ynnesdal, Nora F. Gjelsvik, Sofia H. Paulen, Inga Hoff, Marit H. Berqvam og Lea Oline A. Fonn.

SÅ MYKJE BETYR DET Å SLÅ FLORØ

-Eg er så stolt av desse lokale gutane. Eg trudde knapt at dette var mogleg. No skal eg til Florø og ete fiskesuppe og kanskje ta eit brunt glas på puben, strålar Førde-trenar Terje Rognsø etter 3-2-sigeren mot erkerivalen.

Førde fekk ein etterlengta revansje for det forsmedelege tapet mot Florø 16. mai, og det var nærast ekstatiske scener på Førde stadion då Førde vann 3-2 fredag kveld. Mange av dei om lag 1000 tilskodarane storma bana, og fortalde i klartekst at dette var ein siger som hadde stor betydning for svært mange. Og ikkje minst for Florø-karen Terje Rognsø.

Glad trenar

-Dette er berre heilt fantastisk. Vi er ein gjeng med lokale gutar som nedkjempar dette Florø-laget. Mange av våre spelarar har knapt nok spelt ein A-kamp på dette nivået tidlegare, og klarer her å ta rotta på langt meir meritterte Florø-spelarar, seier Rognsø i Førde-garderoben etter kamp og takkar spelarane ein etter ein for innsatsen.

-Dette er innsats, innsats og innsats. Vi gjer det unødvendig spennande på slutten, men det handlar om å lære seg å overvinne frykten. Og det gjer vi i dag, så til dei grader, seier Rognsø og rosar samtlege spelarar for kampen.

Svoltne karar

-I dag vil det vere feil å trekke fram enkelte spelarar. Alle gjer ein fantastisk innsats ut frå sine føresetnader. Og hugs vi har ei rad med spelarar ute med skade i dag, og kan vel knapt stille lag til neste helg. Men eg veit at bak desse spelarane vi hadde med i dag, så kjem det fleire svoltne unggutar. Så dette bør absloutt feirast, ler Rognsø og legg ikkje skjul på at han skal markere det i heimbyen sin, Florø.

-Ja, heilt klart. Eg skal spise fiskesuppe, og truleg ta eit glas med brunt. Og det er ikkje sikkert at alle i Florø er samde i at dette er noko å feire. Men for oss er det absolutt det, seier ein rørt Førde-trenar og ruslar opp trappa frå garderoben.

-Vi ser kva dette betyr for begge lag. Spelarane ofrar alt i alle duellar, og då er det ikkje så underleg at det blir to raude og ei røys med gule kort. Vi får telje opp etter kvart. I kveld skal vi uansett feire, seier Terje Rognsø.

Det kjem fleire bilde frå sunnfjordderbyet seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

Førde-Florø 3-2 (1-0)

Førde stadion

Knappe 1000 tilskodarar

Mål:

  1. 1-0 1 min Ntege Kone
  2. 2-0 47 min Jacob Frøyen Bergset
  3. 2-1 51 min Nelsinho (str)
  4. 3-1 69 min Jacob Frøyen Bergset
  5. 3-2 77 min Sergio Uolo

Dommar: Jacob Søgnen, Gaular

Gule kort: Oskar Fanøy Nordal, Lars Yonas Larsen og Szymon Walczak, alle Florø.

Peter Aase, Simen Indrebø, Mathias Helgheim, Ntege Kone, Sander Aamelfot, Mathias Sagevik og Fredrik Hanssen, alle Førde.

Raudt kort: Szymon Walczak, Florø (69.min) og Mathias Helgheim, Førde (90.min)

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian hauståker, Henrik Lilleaasen, Eirik Flatjord (Andreas Hvidsten i 59.min), Andreas Årseth, Mathias Sagevik, Jacob Frøyen Bergset, Peter Aase (Mathias Helgheim i 45.min), Sander Aamelfot, Simen Indrebø (Elias Vindheim i 61. min), Ntege Kone (Magne Aarøen i 90.min)

Suksess på Hessa Cup

Førre helg hadde våre gutar født 2009 tatt turen til Ålesund og Hessa Cup. Hessa Cup er ein tradisjonsrik turnering som Førde lag har deltatt i tidlegare også

Sosialt samlande

Gutane reiste med mål om ha det kjekt i lag. Førde stilte med to lag som var satt saman som to jamne lag. Det vart mange tette og jamne kampar i Hessa Cup, og begge laga til Førde gjekk vidare til A-sluttspel. Her gjekk det eine laget heilt til finalen kor det vart tap med knappast mogleg margin 2-1 mot Valder.

Veldig kjekk turnering både sportsleg og sosialt – No er gutane klar for haustsesongen.