HAN SENDE FØRDE TIL HIMMELS….

….men ti minutt etterpå var det frustrasjonen som rådde. – Når spelarane heng med hovudet etter 1-1 mot topplaget, så betyr det berre at vi har teke steg i riktig retning, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren var svært rosande og motiverande i sin omtale av spelarane i garderoben etter kampen. Sjølv om han viser til at Elverum sitt utlikningsmål på tampen av oppgjeret var utruleg irriterande.

-Men slik kan ein fotballkamp bli avgjort. Vi kunne ha klarert den ballen fleire gonger, men så skjer dette. Irriterande, men viser berre at vi har tatt steg. Den løpsviljjen som blir lagt ned i dag, er berre heilt imponerande. Og vi hadde fortent tre poeng. Så det er heilt greitt at det er mykje frustrasjon her inne no, seier Rognsø og siktar sjølvsagt til at heimelaget hadde nok sjansar til å avgjere.

Glatt på bana

-Men Elverum er kyniske og spelar forsiktig på bortebane. Og ut frå jubelscenene så var det tydeleg at eitt poeng var dei svært godt nøgde med, seier Rognsø etter bataljen på ei uvaneg sleip grasmatte på Førde stadion.

Og den som sleit aller mest var bergensdommaren som måtte ha gløymt fotballskoa sine, og stilte med joggesko. Noko som medførte at han var langt unna dei fleste situasjonane, og dømte veldig tilfeldig. Og i den perspektivet skal ein kanskje vere glad for at det ikkje vart styggare spel då mange spelarar på bagge lag gav uttrykk for sin frustrasjon over den svartkledde.

Førde-spelar Øystein Østvik fekk elles to gule kort i sluttminutta, og må dermed ut i karantene.

Florø på fredag

-Vi går inn i ei spesiell veke, med ny kamp allereie fredag kveld. Det betyr eit anna treningsopplegg enn det vi er vande med. Men vi må ikkje gløyme at kampen på fredag er revansjeoppgjeret vårt mot Florø. Då skal vi opp igjen på dagens nivå. Ein kamp vi sjølvsagt har lyst til å vinne. Sant, halvt spør Rognsø dei frustrerte spelarane i garderoben.

Det var Vegard Savland som scora Førde sitt mål i det 76. minutt, medan Elverum sin toppscorar utlikna i det 88. minutt.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen

Førde-Elverum 1-1 (0-0)

Førde stadion

Mål:

  1. 1-0 76 min. Vegard Savland
  2. 1-1 88 min. Magnus Solum

Raudt kort: Øystein Østvik

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Øystein Østvik, Jacob Bergset, Peter Aase (Stefan Aase i 46.min), Mathias Sagevik, Sander Aamelfot (Eirik Flatjord i 84. minutt), Vegard Savland, Ntege Kone

KONGLERIKETURNERING I FØRDE

Søndag 28 august blir årets tredje kongleriketurnering arrangert i Førde. Her skal born i alderen 6-9 år frå klubbane Førde, Eikefjord, Florø, Jølster, og Tambarskjelvar møtast til kampar i Hafstadparken mellom kl 10-16.

Miniputtar på lag med miljøet

Årets miniputturneringar har eigne tema. Turneringa i Førde har eit ekstra fokus på mijø. Under turneringa vil det være satt ut godt merka avfallsdunker som er til både avfall og flaskepant. Bruk disse og ta ansvar for å rydde opp under turneringa.

La bilen stå

Vi oppfordrer alle våre lag til å sykle eller gå til turneringa. La bilen stå om du har mulighet til det 🙂

Gjenbruk av utstyr

Har du fotballutstyr som er for lite til ditt barn? Vi vil ha gjennbrukstasjon for brukt utstyr som du kan levere inn utstyr til , og kanskje finne noke nytt til ditt born.

Vi ynskje alle lykke til med kongleriketurneringa.

PANGSTART FOR DAMENE

Førde sigra 4-2 i bortekampen mot Sandane og fekk akkurat den starten på haustsesongen dei hadde håpa på. Kampen mot Sandane var på forhånd sett på som ein av dei tøffaste kampane i serien.

Godt gjennomført kamp

Det var ein glad Bjørn Totland vi snakka med etter kampen. Damene viser solid innsats og vi ser igjen mykje av det vi jobbar med på trening. Stor løpskapasitet, og ikkje minst frå dagens Førde spelar Anne Kilnes. Anne var meget god idag, og skora tre fine mål på gode løp gjennom. I tillegg til Anne skora Una Thingnes.

Ny bortekamp

Neste fredag er det ny bortekamp. Denne fredagen blir det tur til Sogn og Studenspretten. Haustens første heimekamp er fredag 9 september mot Stryn.

Tøff start på haustsesongen for damene

Vi startar mot vår kanskje tøffaste rival dei siste åra, Sandane på bortebane fredag kveld. Sandane kom føre oss på vårtabellen, og er nok eit av dei laga som tek sikte på å ende øvst på tabellen. Det blir ein tøff kamp!

Endringar

Stallen til damelaget er noko endra frå vårsesongen. Ut har Ingrid Søgnen (studier), Agathe Slettehaug (studier), Eline Botnen (studier), Lea Storøy (Sogndal FK) og Thea Holsen (Sogndal FK). Inn har kome Johanne Støfring (Jølster), Ida Rotnes (comeback) og Helene By Vikøren (comeback).

I dag reiser vi til Sandane med 12 jenter. Vi har skader på Sigrid, Frida og Inga, som alle forhåpentlegvis er klare dei komande vekene. Ellers er Andrea, Helene, Ida, Stina og Synne ikkje med.

Vi reiser med eit sterkt lag, der dei fleste fekk seg ei veldig tøff og lærerik gjennomkøyring mot Molde førre helg. Treningsveka har vore bra, og vi er klare til kamp!

Følgjande jenter er med mot Sandane i dag: Sofie, Viktoria, Una, Linnea, Marit, Martine, Anne, Johanne, Nora, Sofia, Kaya og Bea.

Ta turen til Sandane og støtt oss!

OVERRASKA DEI UNGE MED STOR SJEKK

På laurdag inviterte generalsponsor for Førde-fotball, Sparebanken Sogn og Fjordane, både spelarar, leiarar og trenarar til pizza og brus i banken sine lokale. Og dessutan fekk klubben 200 000 kroner i gåve.

Det var banksjef for privatmarknaden i Sunnfjord, Lars Solnørdal, som overraska forsamlinga med å dele ut sjekken til dagleg leiar Per Øyvind Storevik.

-Først og fremst er banken som generalsponsor opptatt av å verdsette den jobben som blir gjort rundt aldersbestemt fotball i klubben, og spesielt under Norway Cup. Vi inviterte derfor alle dei ni laga frå klubben til denne samlinga og det var over 100 spelarar med på samlinga i banken, fortel Solnørdal og er oppteken av banken verdsetter den jobben som er gjort.

Stor sjekk

-Vi i banken har med glede registrert den sportslege suksessen i årets Norway Cup, men vel så viktig er dei haldningane og oppførselen som spelarane og leiarane har. Både på og utanfor bana, seier Solnørdal og kunne overreke Per Øyvind Storevik ein sjekk på heile 200 000 kroner i samband med markeringa i banken.

Til breiddearbeid

-Desse 200 000 kronene skal gå til klubbens breiddesatsing, og skal nyttast til Norway Cup eller eventuelle andre turneringar som klubben vil prioritere. Det er viktig at vi heiar på kvarandre, og er synlege for kvarandre. Vi skal bygge klubb- og lagskultur, og har eit godt fundament å bygge på. Eg var sjølv til stades på Ekebergsletta og det gjorde meg stolt å komme frå Førde. Klubben vart vist fram på ein veldig positiv måte, og slik håpar vi at det skal vere i framtida også, seier Lars Solnørdal.

Etter samlinga i banken marsjerte spelarar, leiarar og trenarar opp til Førde stadion, og vart også presentert i pausen mellom Førde og Lillehammer.

Tekst: Stig Roger Eide

ROGNSØ: -DETTE VAR EIN GREI START PÅ HAUSTEN

Førde vann komfortabelt 4-0 over Lillehammer i den første haustkampen i dag, men trenar Terje Rognsø jublar likevel ikkje hemningslaust. –Nei, vi kunne faktisk ha vore betre, både offensivt og defensivt, seier han.

Med tre nye poeng klatra Førde faktisk nærare toppen etter helgas kampar i 3. divisjon då topplaget Molde 2 gjekk på eit overraskande tap mot Elverum på heimebane. Dermed er det to klubbar på 36 poeng (Aalesund 2 og Elverum), medan to lag har 33 (Førde og Molde 2).

-Ja, det overraskar meg noko at vi heng med i toppen. Men det er sjølvsagt gledeleg. Men husk vi har hatt store vanskar både defensivt og offensivt i laget grunna skader, og først no nærmar vi oss tilnærma fullt mannskap, seier Rognsø etter 4-0-sigeren.

Bli betre

Med null baklengsmål mot Lillehammer burde trenaren sjølvsagt vere godt nøgd med det defensive, men Rognsø meiner det klart er forbetringspotensial.

-Sjølvsagt. Lillehammer kjem til nokre sjansar, men utan at dei scorar. Eg ville gjerne ha hatt den bakre firaren meir offensive, slik at avstandane i laget ikkje er for store når vi får brot mot oss. Men det får vi jobbe med, seier han og meiner også at dei offensive spelarane burde ha scora meir enn fire mål.

-Isolert sett så ser det bra ut med å vinne 4-0. Men med tanke på at vi hadde garantert tosifra med målsjansar i den andre omgangen, burde vi ha scora langt fleire, seier han.

Ny kamp i morra

Likevel har Førde il Fotball fått ein god start i Norsk Tipping-ligaen, og trenaren nytta høvet til å teste ut fem innbytarar.

-I den situasjonen vi er i, så er det greitt at vi sparer nokre spelarar noko. Difor mellom anna brødreskifte mellom Peter og Stefan Aase i pausen. Vi må matche nokre av dei som tilbake litt forsiktig, seier Rognsø og viser til at fleire av dei spelarane som kom inn i 2. omgang, skal spele mot Jølster i Kretsligaen søndag.

-Det betyr at mange får nødvendig kamptrening. Det er heilt klart ein styrke for troppen totalt. Og allereie til helga ventar ein tøff bortekamp mot Raufoss 2, avsluttar Terje Rognsø.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Lena Årseth

Kampfakta

FØRDE-LILLEHAMMER 4-0 (3-0)

Førde stadion

Mål:

  1. 1-0 6 min Ntege Cone
  2. 2-0 31 min Mathias Sagevik
  3. 3-0 39 min Vegard Savland
  4. 4-0 59 min Jacob Bergset

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Øystein Østvik (Andreas Årseth i 72.min), Stefan Aase (Peter Aase i 46.min), Jacob Bergset, Mathias Sagevik (Mathias helgheim i 80.min), Sander Aamelfot (Simen Indrebø i 72.min), Vegard Savland, Ntege Cone

KOM PÅ STADION FOR Å SJÅ VINNARANE

Førstkomande laurdag klokka 14.00 opnar A-laget haustsesongen. Samstundes vil dei gode Førde-spelarane frå Norway Cup bli heidra.

Førde il Fotball har aldri gjort det så bra i klubbens historie i Norway Cup som i 2022. Ein gullmedalje, ein sølvmedalje og ein tapt bronsefinale viser at rekrutteringa i ein av Norges aller største klubbar er svært god. Det viser at det er gjort eit godt arbeid av både trenarar, lagleiarar og foreldre over lang tid. Noko som resulterte i slike fantastiske resultat på Ekebergsletta i år.

I pausen

I pausen i 3. divisjonskampen mot Lillehammer på laurdag vil pokalvinnarane av desse unge og lovande spelarane bli presenterte på Førde stadion, og det vil vere mogleg å gje dei den applausen dei fortener. Og vi reknar med at flesteparten av dei 110 spelarane som deltok i Oslo, vil dukke opp på stadion.

Litt tidlegare på laurdagen skal alle desse Norway Cup-spelarane inn til vår trufaste sponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane, og skal der få både pizza og brus. Etter opplegget i banken skal dei så gå opp til Førde stadion, og bli presenterte for eit forhåpentlegvis stort publikum.

Så møt opp på Førde  stadion, og sjå framtidas Førde-spelarar samla på ein plass.

Vi er stolte over å få vist fram denne flotte gjengen, av både vaksne og ungdom.

Stor suksess

For desse har under årets Norway Cup verkeleg vist kva dei står for. Vi opplevde ein sportsleg suksess, men vel så viktig er den sosiale suksessen. Klubben har teke nokre grep på det området, og det å samle spelarane på hotell på Fornebu til ein gunstig pris, har også skapt relasjonar mellom spelarar og vaksne som vil gje endå betre resultat på sikt. Det handlar om lagbygging og klubbkjensle.

Difor er det flott at mange stiller opp og heidrar dei som har lagt dette gode grunnlaget for vidare satsing.

Heia Førde!

Tekst: Stig Roger Eide

HAR DETTE SKJEDD FØR?

Sjekk dette bildet. Her ser du at førdespelaren Sander Lekva har både gull- og sølvmedalje frå årets Norway Cup. Korleis kan det vere mogleg?

Sander Lekva scora Førde sitt andre mål då Åsane vann 4-2 i finalen i G15-klassa i Norway Cup i dag. Men dei færraste kjenner til at gutespelaren også henta gullmedalje på Ekebergsletta allereie fredag ettermiddag. Då som spelar på G15/16-laget som vann finalen 3-0 over Fredrikstad-klubben Trosvik. Men då som keeper!!!

Ingen i mål

-Ja, det stemmer. Det var ingen andre som ville stå i mål på det laget. Så kvifor ikkje, seier Lekva smilande etter at han har fått si andre medalje på like mange dagar.

-Ja, det har vore ei fantastisk turnering. Eg er iallfall veldig godt nøgd, smiler midtstopparen og innrømmer at han har lite erfaring som keeper.

-Ja, men eg tenkte at eg kunne no stå der bak. Eg har jo litt spelforståing som midtstoppar, så det er jo litt hjelp. Dessutan valde eg å spele utan keeperhanskar heilt fram til finalen. Eg synest grepet på ballen er best utan desse hanskane, smiler 15-åringen etter suksesshelga.

Tett program

Når han så blir historisk som truleg den første som har sikra seg medalje i to forskjellige klasser i NC, så måtte han sjølvsagt få litt problem med å spele alle kampane for begge lag gjennom heile veka.

-Ja, det vart litt farting fram og tilbake, men det gjekk på eit vis. Men eg gjekk glipp av eit par kampar for G16-laget då G15-laget spelte på samme tid. Men heldigvis gjekk det å få med seg begge finalane, smiler Lekva og heng ikkje med hovudet over at Åsane vann G15-finalen med 4-2.

-Nei, vi hadde ein heller dårleg dag, og var ikkje nok «på». Vi var nok litt nervøse då dette var ein viktig kamp for oss, og vi spelte ein heller svak kamp. Likevel må vi vere fantastisk godt nøgde med å komme oss til finalen, seier den doble vinnaren.

Alvoret startar

Og sjølv om Sander Lekva no har spelt bøttevis med kampar under Norway Cup denne veka, så veit han at seniorfotballen ventar truleg allereie på måndag i Førde.

-Ja, eg veit at seniorlaget allereie har starta opp igjen treningane etter ferien. Og Førde 2 spelte sin første haustkamp på laurdag. Så det kjem nok ei melding om trening med seniorane allereie på måndag. Viss ikkje eg får ein ekstra fridag då, smiler Norway Cup sin store profil.

Og han er frå Førde il Fotball, folkens!

Gratulerer med gull og sølv!!

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

GRATULERER MED ANDRE PLASS NORWAY CUP 2022

Det blei tap 4-2 for Førde mot Åsane i G15 finalen lørdag. Dette er spelarane: Bak fra venstre: Daniel Gjelsvik, Håvard Vik Søvde, Sondre Løland, Ruben Jordanger, Matias Sæterdal Steen, Aron Zerai Okbandrias, Elias Myrland, Liam Undeland, Vegard Otterlei Fløholm, Kay Lorgen og Ole Bjørn Otternes, Rad 2 fra venstre: Lars Ove Nistad, Emil Frøysland, Thomas Sunde, Teodor Levik Aamot, Kasper Haaland Furelid, Vegard Lorgen, Noah Øren Otternes, Marius Øksenberg, Sander Lekva, Kariann Husevåg Løland, Framme: Elias Grimeland (kaptein). Steffen Vårdal Helle mangler på bilde pga sjukdom i finalekampen.. Vi kjem tilbake med meir frå finalen seinare i dag.

NO HAR OGSÅ PETER FÅTT PÅ SEG FØRDE-DRAKTA

Mange av dei som var på Førde si trening fredag trudde det var Stefan Aase som trente med laget. Men faktum er at det var tvillingsbroren, Peter, som no faktisk er klar for spel for 3.divsjonsklubben Førde.

-Den viktigaste grunnen til at du ser meg her, er trenar Terje Rognsø. Eg veit kva han står for og korleis treningane hans er. For no har eg eit ønske om å spele meg tilbake i den forma eg hadde tidlegare, seier Peter Aase (27). For faktum er at Peter Aase for omtrent eit år sidan rauk korsbandet i kneet sitt, og måtte gjennom ein operasjon.

Bur i Florø

Gjennom vinteren har han trent seg opp, og i dei siste vårkampane har han fått noko speletid for bergensklubben Lysekloster.

-Eg studerer for tida til lærar ved HVL i Bergen, og går no det tredje året. Og det lar seg veldig godt kombinere med spel for Førde. Eg får trene i Førde på onsdag, torsdag og fredag, og mister dermed berre resitusjonsøkta på måndag. Når eg er i Sunnfjord, så bur eg hos tvillingsbroren min, Stefan, i Florø. Så då kan vi reise saman i ein bil til og frå trening, seier Peter Aase og ser at det kan bli tøff konkurranse om midtbaneposisjonen i Førde.

Tok kontakt

-Ja, det er det ingen tvil om, men eg er også open for å spele i andre posisjonar viss det kan vere aktuelt. Då eg var på landslaget så spelte eg til dømes back, og eg har også spelt kant. Akkurat det får trenarane avgjere med tanke på kva som er det beste for laget. Ikkje noko er så kjekt som konkurranse om plassane, seier Peter Ase som sjølv tok kontakt med Terje Rognsø for å sondere sjansane for å bli Førde-spelar.

-Ja, eg tok sjølv kontakt med Terje for å høyre om det kunne vere mogleg. Så har snøballen rulla ganske kjapt. Kontrakten med Lysekloster er terminert, og eg er speleklar for Førde til første haustkamp i 3.divisjon. No må eg berre vise at eg er god nok, seier Førde sin nye spelar og lar seg avfotografere saman med Elias Øvretveit Larsen etter treningsøkta fredag kveld.

Tekst og foto: Stig Roger Eide