PANGSTART FOR FØRDELAGA

Alle dei ni Førde-laga har spelt sine første kampar i Norway Cup i dag. Og vi kan trygt kalle det ein festdag når vi ser at sju av våre laga har vunne, og det berre har blitt to tap. Her kjem oversikt og mange bilder frå opningsdagen.

Den første speledagen i Norway Cup starta forrykande med at 15-årslaget sette standarden med å vinne heile 5-0 over Odda, og viste med flott spel at dei heilt klart kan bli ein vinnarkandidat i pulja saman med Odda, osloklubben Rustad og nordmørsklubben Surnadal.

Deretter var det jentelaga sin tur til å sette preg på Ekebergsletta. Først ut var 13/14-årslaget som vann heile 7-2 i sin opningskamp mot sunnmørsklubben Ørskog. I denne pulja kan det sjå ut til toppserieklubben Avaldsnes kan bli ei tøff nøtt å knekke, og morgondagen blir svært viktig for 13/14-åringane då dei først skal spele mot Vinje, før det er akkurat Avaldsnes som er motstandar nokre timar seinare.

J15

15-årslaget til Førde vann deretter ein jamnspelt kamp mot samarbeidsklubben LIL/MSIL/FIL frå Sunnmøre med 1-0, og kor Anne Hafstad Wennevold scora det avgjerande målet. I den fjerde kampen vart det heile 8-0-siger til Førde sitt 13/14-årslag då dei rundspelte Lindeberg frå Oslo. Her er det verdt å merke seg at sogneklubben Syril truleg kan bli ein hard utfordrar då dei vann 11-0 i sin opningskamp. Så var det 7`ar-laget til 15-16-åringane som skulle følgje opp den tidlege suksessen med Førde-sigrar. Og dei skuffa ikkje, då dei vann heile 4-0 over hordalandsklubben Hausvik.

J16

I den sjette kampen kom dagens første tap for Førde-laga. Det skjedde då gutelaget til 14-åringane møtte knallhard motstand frå Oslo-klubben Hasle/Løren. Osloklubben vann til slutt 2-0 etter ein jamnspelt kamp, og kjenner vi Førde-spelarane rett er dei nok veldig interesserte i å vise seg frå ei betre side når dei skal møte Lørenskog Vikings måndag kveld.

G14

Dei to neste kampane enda med to nye sigrar. Først vann 15/16-åringane kontrollert 5-1 over Minde, medan 17-åringane i klubbane kontrollerte inn 3-0-siger mot arrangørklubben av sjølve Norway Cup, Bækkelaget IL. Og heilt til slutt i dag måtte dei 14 år gamle Førde-jentene sette punktum for ein innhaldsrik og flott Førde-dag på Ekebergsletta då dei møtte Kolbotn Stjernene frå Oslo. Men dessverre var det tydeleg at toppklubben Kolbotn jobbar godt med rekrutteringa då dei slo Førde heile 9-2.

G17

Status første dag er ni kampar, med sju sigrar og berre to tap. Klart vi har grunn til å vere nøgde da! I morgon er det ny dag med nye sjansar, og dei fleste Førde-laga skal i aktivitet då også. Så vi seier berre: Heia Førde!

Supportergjeng som gav alt for spelarane i dag.

Tekst: Stig Roger Eide

FØRDE ER STOR I OSLO

Neste veke går Norway Cup av stabelen, og meir enn 250 førdianarar vil i løpet av helga vere på veg til hovudstaden. –Dette er nokre av jentespelarane, seier Vindheim.

-Vi er godt representert i årets Norway Cup, ja. Med ni lag så vil vi ha omtrent 110 spelarar i aktivitet. Dessutan har dei fleste med seg anten ein eller to vaksne. Så det er ein viss sjanse for at folk vil registrere at Førde er med i årets Norway Cup, seier Geir Vindheim som er breiddeansvarleg for Førdefotballen .

Dette er laga

-I år det spelarar i alderen 14 til og med 17 år som reiser til Norway Cup. Det er jamt fordelt med fire jentelag og fem gutelag, fortel Vindheim og viser til at Førde vil stille med desse ni laga:

Jenter 14 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Jenter 15 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Gutar 14 år, to lag (eit 11´arlag og eit sjuarlag)

Gutar 15 år, eit lag (11´arlag)

Gutar 16 år, eit lag (sjuarlag)

Gutar 17 år, eit lag (11´arlag)

Størst

Med sine ni lag viser det seg at Førde er den klubben i gamle Sogn og Fjordane som har flest lag med, tett fulgt av Sogndal med sju, Jotun med fem og Askvoll/Holmedal med fire lag. Totalt er det 47 lag med frå Sogn og Fjordane.

Turneringa startar laurdag 30.juli og vert avslutta laurdag 6. august. Totalt er det omtrent 2000 lag med i årets turnering, det vil seie at omtrent 20 000 unge fotballspelarar vil setje sitt preg på hovudstaden.

-Vi reknar med at alle spelarar/foreldre er gode ambassadørar for klubben, og at vi er synlege på Ekebergsletta gjennom turneringa, seier Vindheim.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Atle Skrede

LEA SKAL MØTE VERDENSLAGET

Torsdag kveld fekk Lea Fonn klarsignal på at ho skal spele på det norske laget som skal møte verdenslaget i Oslo på tysdag. –Sjølvsagt er ho både glad og spent, seier trenar Bjørn André Storøy.

Førde-trenaren kunne torsdag kveld gje informasjonen om at Lea Fonn er tatt ut til å spele mot spelarar frå heile verda under årets Norway Cup. Denne kampen går klokka 12.00 førstkomande tysdag.

Spelar back

-Dette er berre heilt fantastisk. Vi har meldt inn aktuelle spelarar frå alle laga våre, men trudde aldri at vi skulle vere så heldige, seier Storøy om uttaket. Lea Fonn skal spele høgreback i denne kampen som blir avvikla på finalebana på Ekebergsletta, og kampen blir sjølvsagt også streama.

-Ingen tvil om at Lea vart både spent og glad då ho fekk meldinga på treninga torsdag kveld. Men dette blir garantert ei oppleving for livet, seier trenaren.

Prioritere

I utgangspunktet skulle Lea Fonn ha spelt innleiande gruppespelskamp for Førde tidleg på tysdag, men denne skal ho no stå over.

-Klart at kampen for Norge mot Verda er viktigare. Desse laga er plukka ut av spelarar som skal spele i årets Norway Cup, og er garantert eit høgdepunkt. Så tysdag klokka 12.00 veit eg iallfall kor eg skal vere, ler Storøy og veit at svært mange av Førde-spelarane som skal delta på Norway Cup også vil vere ringside når denne kampen blir spelt.

Vi i Førde il Fotball ønsker lykke til mot verda, Lea!

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Bjørn André Storøy

Fotballcup er kjekt – OPUS Cup, Voss Cup og Lerum Cup

Fotballsesongen 2022 er endeleg året der vi kan delta på fotballturneringar. Det er kun få dagar igjen til Norway Cup sparkast i gong, og her stiller Førde med mange lag i alderen 14-17 år. Meir informasjon om Norway Cup kjem i eigen artikkel.

Voss Cup blei arrangert 10-12 juni. Dette er ei tradisjonsrik turnering for 7-12 år som i år hadde 672 lag påmeldt. Førde stilte her med 8 lag i 9-12 år. Det vart ei flott oppleving for både spelare, trenare og foresatte. Stor fotballglede vart vist gjennom heile helga, og det rapporterast tilbake om ei godt organsiert turnering som kan anbefalast.

Søndag 19 juni vart årets OPUS Cup arrangert i Førde. Turneringa var for alderen 6-9 år, og sjølv om vi hadde håpar på fleire lag frå andre klubbar vart turneringa gjennomført til punkt og prikke. Vi er veldig glad for at Mariann Flo, Thomas Fraas og Karl Martin Opseth Norbom har komt inn og styrka vår barnefotballgruppe. Dei har gjort ein kjempeinnsats, og dei sørga også for at Opus Cup vart ei flott oppleving for alle som deltok. Turneringa viste også at dugnadsånda fortsatt lever i beste velgående i klubben. 🙂

Lerum Cup 2022 vart arrangert 24-26 juni. Førde hadde med 10 lag i klasser 9-13 år. Lerum Cup var endeleg tilbake med turnering, og med 253 lag påmeldt var dei tilbake der dei var før covid. Førde har tradisjon for å stille med mange lag. Sogndal skal ha skryt for ein godt gjennomført turnering.

Bilder frå turneringane kjem under.

Voss Cup
Voss Cup
Voss Cup
Opus Cup Generaler
Opus Cup
Opus Cup
Lerum Cup
Lerum Cup
lerum cup
Lerum Cup

DESSE BEINA SPRING REKORDLANGT

Du kan sjå det med det blotte auge. Men no viser også målbare data at Magne Elias Aarøen har så stor løpskraft at dei fleste i toppfotballen vil ha vanskar med å følgje han.

-.Ja, vi har hatt nokre fantastiske tal på Magne i dei siste kampane. Når ein spelar har 13,7 og 13,4 kilometer på to kampar etter kvarandre, er det grunn til å sperre opp auga, seier Elias Øvretveit Larsen.

FANTASTISKE TAL

Han er ansvarleg for å følgje opp målingane som blir gjort i kvar kamp med Førde il Fotball, og vedgår at midtbanespelaren Magne E. Aarøen har noteringar som er svært sjeldan. Noko også hovudtrenar Terje Rognsø stadfestar:

-Eg trur faktisk eg berre ein gong tidlegare har høyrt om høgare tal enn dette. Men kanskje vel så viktig som mange kilometer er kor mykje av dette som er høghastigheits-løp. Det er først og fremst på det området det er viktig å komme høgt opp på skalaen, seier Rognøs og ser at Magne Elias også på det området ligg i toppsjiktet i Førde-fotballen med 27 og 23 sprintar.

TØFF KONKURRANSE

Med høghastigheitsløp handlar det om at farta må vere over 21 kilometer i timen.

-Totalt er det stort sett backane som har flest slike løp, og hos oss gjeld det spesielt Edvin Brattreit. Men når det gjeld midtbana så er den totale løpskrafta også svært viktig. Og det er tydeleg at når ein spelar spring langt, så smittar det over på dei andre, fortel Øvretveit Larsen om rekordtala til midtbanespelaren.

-Sjølvsagt vil kampbildet avgjere mykje med tanke på kor mykje den enkelte spring. Dessutan er det klart at løp i riktig retning er stort sett viktigare enn returløp, smiler han og vedgår at dei har blitt imponert over midtbanespelaren sin motor.

I TOPPEN

-Magne spring stort sett 1,5 kilometer lenger enn dei to andre midtbanespelarane Jacob Frøyen bergset og Mathias Sagevik. Og dei er heller ikkje noko sinker. Faktisk har vi bygd mykje av taktikken vår rundt denne løpssterke delen av årets mannskap, fortel assistenttrenaren og ser at også i internasjonal fotball vil tal som 13,7 og 13,4 kilometer vere svært bra. Faktisk er det her i landet svært få toppspelarar som er nær 14 kilometer per kamp. Og også internasjonalt er det få som har slike tal!

-Ja, det er ikkje vanleg at spelarar legg så mange meter bak seg i løpet av ein kamp. Så ingen tvil om at vi har ein unik løpsstyrke i mannskapet vårt, seier Øvretveit Larsen.

TIL TOPPS!

Og med tanke på at akkurat Magne Elias Aarøen har slike rekordnoteringar, så er det på sin plass å nemne at han allereie som 4-åring gjekk på eigne bein opp og ned på det 1848 meter høge fjellet fjellet Skåla i Nordfjord.

-Ja, dette handlar først og fremst om vilje til å løpe, og det å tole å presse seg. Noko som Magne er unik på, seier Førde-trenaren.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

– VI SKAL VERE GLAD FOR DETTE POENGET

I siste kamp før ferien spelte Førde uavgjort 2-2 på bortebane i Kongsvinger. –Vi kan vere både sure og bitre over at utlikninga kom på overtid, men totalt skal vi vere nøgde med eitt poeng, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren hadde forventa ein tøff bortekamp mot Kongvinger 2 laurdag, men det såg tidleg ut til å gå mot ein trygg bortesiger. For med tidleg 0-2-leiing kunne Førde ha festa grepet på kampen, men heimelaget kom tilbake og dominerte oppgjeret på Gjemselunden stadion.

Tidlege mål

– Vi fekk ein svært god start, og scora to kjappe mål ved Edvin Brattreit og Mathias Sagevik. Men når Kongsvinger 2 kvitterte raskt med si første scoring, så vart det tøft utover i 2. omgang, seier Terje Rognsø som likevel lenge trudde det skulle gå mot overaskande tre poeng.

– Men utover i 2. omgang var det tydeleg at dette ikkje var noko stor kamp av oss. Vi flytta ikkje beina godt nok, og individuelt såg det ut til at alle duellane gjekk Kongsvinger sin veg. Dermed var det vel eigentleg berre tidsspørsmål før utlikninga skulle komme, fortel Rognsø etter borteoppgjeret som likevel gjorde at Førde klatra nærare tabelltoppen, ettersom Molde 2 tapte på fredag kveld.

Med i teten

– Ja, vi heng merkeleg nok med i tetsjiktet. Noko eg trur det er svært få som skulle tru med alle dei utfordringane vi har hatt med tanke på skader på spelarar. For samanliknar vi dette laget med det som vann 4. divisjon i fjor, så er det jo nesten berre nye spelarar. Det betyr at det er mange spelarar som har fått sjansen og teke den muligheiten som har dukka opp. Det viser ein svært god moral i gruppa, og er nok kanskje den viktigaste grunnen til at vi er med der oppe, smiler Rognsø etter den siste kampen i årets «vårsesong».

– No skal spelarane ha to veker ferie, men skal samstundes passe på at formen blir halde vedlike. Vi startar fellstreningane måndag om to veker, og då er det berre 14 dagar til første haustkamp. Så når Lillehammer er første motstandar på Førde stadion 13. august, håpar eg at fleire av dei skadde spelarane skal vere «fit-for-fight» igjen, seier Rognsø etter 2-2 i Kongsvinger.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA
Kongsvinger II-Førde 2-2
Gjemselunden stadion
Mål:
0-1 7 min Edvin Brattreit
0-2 21 min Mathias Sagevik
1-2 25 min Jan Marius Høiby
2-2 90 min Jan Marius Høiby
Gult kort: Mathias Sagevik og Fredrik Hanssen, begge Førde
Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Øysten Østvik, Edvin Brattreit, Jacob Frøyen Bergset, Mathias Sagevik, Elias Solheimsnes Vindheim (Magne Aarøen i 45.min), Kristian Bell (Andreas Tefre i 74.min), Vegard Savland, Ntege Kone

Førde Hødd fotballkamp

TØFF BORTEKAMP FØR FERIEN

Laurdag klokka 13.00 spelar Førde sin siste kamp før fire veker velfortent sommarferie. – Og vi veit det møter oss ein tøff kamp på Gjemselunden i Kongsvinger, seier trenar Terje Rognsø.

Etter tre strake sigrar har Førde for alvor fått heng på tetlaga i 3. divisjon, men trenar Terje Rognsø vil helst helle litt kaldt vatn i blodet på dei mest entusiastiske Førde-supporterane.

Må vere skjerpa

– Vi har nok vore heldige i nokre av kampane i vår. No skal vi i siste kamp før ferien møte den klubben vi hadde størst vanskar med i vårkampen. Vi vann 3-1, men skal hugse at vi spelte den siste halvtimen med ein spelar meir enn Kongsvinger 2. Det var eit teknisk godt lag, og vi skal verkeleg vere skjerpa viss vi skal ta poeng på laurdag, seier Rognsø.

Spelarbussen med Olav Flatjord som sjåfør la ut på det som er sesongens lengste bortetur fredag ettermiddag, og dei er venta tilbake til Førde rundt midnatt søndag.

– Det skal gjere godt med fire vekers ferie frå kamp no. Nokre av spelarane reiser direkte til utlandet, medan andre blir med tilbake. Men først skal vi sette eit verdig punktum for denne delen av sesongen mot Kongsvinger 2. Det er viktig at vi fullfører skikkeleg, seier Rognsø og ser at skadesituasjonen framleis pregar troppen hans.

Mange med skader

– Ja, vi har framleis fem spelarar ute med skader i Eirik Flatjord, Ole Petter Hjelle Larsen, Kim Vik, Andreas Årseth og Stefan Aase. Dette er mykje defensiv styrke. Men når vi startar opp att til hausten, så håpar eg at dei fleste av desse er speleklare igjen. Det hadde vore kjekt, seier Rognsø føre bortekampen mot Kongsvinger 2 på legendariske Gjemselunden stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

JACOB SINE TO SPEKTAKULÆRE MÅL AVGJORDE

Førde burde punktert kampen tidleg då dei leia 3-0 etter 25 minutt. I staden vart det Jacob Frøyen Bergset si mirakuløse 4-3-scoring som snudde oppgjeret tilbake til Førde sin favør.

Jacob Frøyen Bergset scora to av Førde sine fem mål mot botnlaget Toten på Førde stadion, og begge scoringane var av den minnerike sorten.

-Det første kom midt i 1. omgang. Då stod eg med ryggen mot mål, og saksesparka inn 3-0. Då trudde eg kampen var avgjort, smiler midtbanespelaren og vedgår at han vart noko overraska då botnlaget Toten kom tilbake, og faktisk utlikna til 3-3.

Frå skrått hald Og det var då Førde sin spelar nummer 22 henta fram si andre uvanlege scoring for dagen. -Eg såg at det var ein luftduell mellom Toten-keeperen og eigen forsvarspelar. Ballen vart klarert ut mot sidelinja, og eg tenkte at her er det kanskje ein scoringssjanse. Eg lot det stå til, og var svært glad då ballen smatt over keeperen og inn i det lengste hjørnet. Det er slike mål du veldig sjeldan får oppleve, smiler Frøyen Bergset etter at han har henta gåvekoret som dagens Førde-spelar. -Det er heilt utilgjeveleg at vi lét Toten komme inn i kampen etter at vi leiar heile 3-0. Men vi verkar å vere ukonsentrerte i ein periode, og då blir vi straffa. Så i staden for storsiger, står kampen og vippar heilt inn mot sluttminutta, seier midtbanespelaren.

Frustrert Rognsø Førde-trenar Terje Rognsø var tydeleg frustrert då Toten utlikna, og var inne på tanken å endre taktikken då Jacob F. Bergset scora sitt 4-3-mål.

-Ja, det var eit lykketreff. Vi hadde vanskar i ein periode, og når dei fekk overgangar mot oss, så det veldig enkelt ut å stikke gjennom forsvaret vårt. Difor var det viktig at vi fekk denne fjerde scoringa. Og det skulle berre mangle. Dette var ein kamp vi burde ha vunne klårt, seier Rognsø og ser at tre nye poeng gjer at dei berre ligg poenget bak topplaga Molde 2 og Aalesund 2.

-Heller ikkje i dag kan vi skryte av at vi spelar som eit topplag. Vi opnar bra, men så gløymer vi oss i periodar heilt fullstendig. Men Jacob reddar oss med si unike scoring frå veldig skrått hald. Då går lufta ut av Toten, og vi kan kontrollere inn. Og jammen må eg påstå at dette var ein fortent siger. Men heilt utilgjeveleg å gje frå seg tre baklengsmål på dei tre målsjansane Toten har gjennom heile kampen, avsluttar Terje Rognsø etter 5-3-kampen på Førde stadion.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA Førde-Toten 5-3 (3-1)

Førde stadion, 252 tilskodarar

Mål:

1-0 2 min Ntege Cone (str) 2-0 12 min sjølvmål 3-0 25 min Jacob Frøyen Bergset 3-1 34 min Kodjo Somesi 3-2 52 min Daniel Lisowski 3-3 57 min Kodjo Somesi 4-3 61 min Jacob Frøyen Bergset 5-3 90 min Elias Solheimsnes Vindheim

Dommar: Sivert Endestad Orheim, Florø

Gult kort: Jacob Frøyen Bergset, Førde. Daniel Lisowski, Håkon Svellet, Daniel Kraska, alle Toten

Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Øystein Østvik, Kristian Lilleaasen, Edvin Brattreit, Jacob Frøyen Bergset (Elias Solheimsnes Vindheim i 78.min), Mathias Sagevik, Magne Elias Aarøen, Kristian Bell, Vegard Savland (Simen Indrebø i 82.min), Ntege Kone (Mathias Helgheim i 90.min).

FLEIRE MELDER SEG FRISKE

Når Førde møter botnlaget Toten på Førde stadion laurdag ettermiddag, kan trenar Terje Rognsø sjå at stadig fleire spelarar har meldt seg sjølv friske og skadefrie.

-Ja, den siste veka har det endeleg betra seg. Men samstundes er det slik at dei som har spelt dei siste vekene har prestert så bra at det ikkje er berre å skifte dei ut, seier Rognsø etter treninga fredag kveld. Denne treninga vart gjennomført i Hafstadparken, då Førde stadion har hatt problem med å ta unna regnvatnet som har komme dei siste dagane.

Tre nye inn

Etter siste kamp på bortebane mot Spjelkavik har Rognsø difor gjeve klarsignal for denne trioen til Toten-kampen.

-Mathias Sagevik kjem inn etter å ha sona karantene, medan både Sander Aamelfot og Kristian Hauståker også er klare for troppen, avslører Rognsø og ser samstundes at 15-åringen Sander Lekva har blitt sjuk og dermed er uaktuell til denne kampen.

Annleiskamp

Førde-trenaren har dei siste dagane hatt stor merksemd i spelargruppa på at i utgangspunktet kan det vere venta ein annleis kamp mot botnlaget Toten.

-Det ligg alltid ein fare i å undervurdere motstandaren. Vi må for vår eigen del oppretthalde løpsintensiteten vi har hatt i dei siste kampane, og vere budd på at vi kan få eit totalt anna kampbilde enn det vi har hatt i dei fire siste kampane. Då har vi møtt lag som har vore på øvre halvdel av tabellen, og vi har vore i angrepsposisjon. No er dette snudd på hovudet, og då må vi vise våre kvalitetar også mot lag som bak oss på tabellen, seier Rognsø og ser fram til siste heimekamp føre ferien.

-Etter Toten-kampen har vi berre igjen Kongsvinger 2 neste helg. Etter det er det fire veker utan kamp, før vi startar opp haustsesongen mot Lillehammer laurdag 13. august, fortel Rognsø.

Men allereie laurdag 9. juni er det klart for siste heimekamp før ferien når Toten kjem til Førde stadion. Kampstart er klokka 16.00.

Ta turen DU også.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Sterk bortesiger mot Spjelkavik

Førde sine unge lovande viser at dei tar nivået – mot Spjelkavik var ti av spelarane i troppen juniorspelare.

Førde følgte lørdag opp 4-0 sigeren mot Molde 2 med 2-0 borte mot Spjelkavik. Dette var på forhånd sett på som ein tøff bortekamp. Førde slite fortsatt med mange på skadeliste, og i tillegg var Mathias Sagevik suspendert. Dermed måtte Terje Rognsø nok ein gong rokere på laget. Inn frå kampen mot Molde 2 kom Sander Lekva på høgrebacken, og Elias Vindheim vart flytta opp som defensiv midtbane.  

-Både Vindheim og Lekva løyste endringane bra, og spesielt Lekva imponerer som høgre back. Dette var hans andre kamp for A-laget, og har i disse to kampane vist at han takler nivået seier Terje Rognsø. Inngangen til dagens kamp var lik førre, og vi har fokus på stor løpskapasitet i laget. Spjelkavik var best i starten av begge omgonger, men vi hadde matchvinnare i begg ender. Fredrik Hansen stod ein veldig god kamp, og speseilet i starten av andre omgang varta han opp med fleire viktige redninger. I andre enda av bane får både Cone og Savland skoringer som sørger for at vi vinner 2-0. I tillegg hadde vi mange overgangsmuligheter som vi kunne utnytta betra, men alt i alt så er eg meget nøgd med å reise heim med tre poeng i bagasjen.

No handler det å bygge vidare på det positive, og gjenskape løpsviljen. Vi har sett at når  løpsviljen ikje er til stede, så er det tøft å få med seg poeng. Dagens kamp viser også at vi har stor bredde i klubben. Vi viste før sesongen at ein var avhengig av at dei unge løfta seg, og no ser vi effekten av stor treningsgruppe. Dagens kamptropp bestod av ikkje mindre enn 10 spelare som holdt junioralder, så dette er heilt klart ein bekreftelse på at våre unge spelare har utvikla seg og har tatt nivået.  

No gjenstår to kampar før sommarferie. Kommande lørdag tar vi i mot Toten på Førde Stadion før vi avslutter borte mot Kongsvinger 2.

Håpar å sjå mange på Førde Stadion kl 1600 på lørdag.