Førde fotball

JACOB FØRST OG JAKOB SIST

JACOB FØRST OG JAKOB SIST

 
 

Førde valsa over serieleiaren Molde med heile 4-0, og midtbane-krigaren Jacob Frøyen Bergset imponerte stort. – Han derre nummer 22 var god, seier Molde-trenar Daniel Berg Hestad etter kampen.


Førde held fram sin imponerande statistikk på heimebane, og står framleis utan tap på Førde stadion under trenar Terje Rognsø. Og sjølv om heile åtte av dei spelarane trenaren i utgangspunktet trudde skulle spele i første 11´aren er ute med skade, så melder den eine ungguten etter den andre seg på. For mot serieleiaren mangla Førde følgjande spelarar: Stefan Aase, Eirik Flatjord, Ole Petter Hjelle Larsen, Andreas Årseth, Andreas Tefre, Elias Rognebakke, Kristian Hauståker og toppscorar Sander Aamelfot.

Fantastisk
-Dette er truleg den kjekkaste opplevinga eg har hatt som Førde-trenar. Sjølv om eg håpa at vi skulle punktere kampen noko tidlegare. Men i dag er det ein gjeng offervillege og løpsvillege spelarar som stiller opp, og spesielt er eg imponert over midtbanetrioen Jacob Frøyen Bergset, Mathias Sagevik og Magne Aarøen. I dag var dei store, smiler Rognsø etter oppgjeret og ser at den meritterte Molde 2-trenaren Daniel Berg Hestad hastar inn i garderoben rett etter kampslutt.


-Førde var hardtarbeidande og direkte i spelestilen sin. Dessutan hadde dei ein svært god spelar i nummer 22 på midtbana. Og begge midtstopparane var gode. For dette var ein skuffande dag av oss, seier Berg Hestad og fann lite lyspunkt hos sine eigne spelarar.

Førde Forball
Skuffa Hestad
– Nei dette var Førde sin kamp. Frå start til slutt. Det er lenge sidan eg har vore så skuffa som dette, seier Berg Hestad etter kalassifra 4-0 på Førde stadion.

For med denne sigeren klatra Førde forbi Florø på tabellen, og heilt opp i ryggen på dei tre topplaga Molde 2, Aalesund 2 og Elverum. For trass stortapet i Førde troner romsdalingane framleis på toppen av tabellen.

-Vi har iallfall noko å revansjere når Førde kjem til Molde utpå haustparten. I dag fekk vi ein skikkeleg lærepenge i effektiv fotball, seier Molde-profilen og forsvinn ned trappene i garderoben i Førdehuset.

Førde fotball
Vi kjem tilbake med meir om kampen mellom Førde og Molde seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta
Førde-Molde II 4-0 (2-0)
304 betalande tilskodarar
Mål:

  1. 33 min Jacob Frøyen Bergset
  2. 34 min Vegard Savland
  3. 79 min Ntege Kone
  4. 88 min Kristian Bell

Dommar: Jakob Søgnen

Gult kort: Mathias Sagevik, Førde

Førde: Fredrik Hanssen, Elias Solheimsnes Vindheim (Mathias Helgheim i 89. min), Henrik Lilleaasen, Øystein Østvik, Edvin Dvergsdal Brattreit (Andreas Hvidsten i 85. min), Jacob Frøyen Bergset (Sander Lekva i 85. min), Magne Elias Aarøen, Mathias Sagevik, Kristian Bell, Vegard Savland (Simen Indrebø i 82. min), Ntege Kone 

15-ÅRING FEKK DEBUTEN SIN MOT TOPPLAGET

15-ÅRING FEKK DEBUTEN SIN MOT TOPPLAGET

 

15 år gamle Sander Lekva fekk sin A-lagsdebut frå start på bortebane mot Elverum laurdag. Ein kamp kor Førde var svært nær det eine poenget, men måtte reise tomhendt tilbake.

 

-Eg føler vi kastar bort sjansen vi får til å vere med heilt i toppen, seier Førde-trenar Terje Rognsø og siktar til straffesparket som Førde får i sluttminutta.

 

For på ei vindfylt og knusktørr kunstgrasbane på Elverum heldt Førde på å skape ein sensasjon då dei fekk straffe fem minutt før slutt på stillinga 2-1 til heimelaget. Men Vegard Savland, som kunne ha blitt tomålsscorar og den store helten for Førde, chippa straffesparket rett i hendene på Elverum-keeperen. Dermed makta Elverum å ri inn ein fortent 2-1-siger og elleville jubelscener for at laget toppar 3. divisjon.

-Det er klart at i kraftig motvind så skal du bruke kraft for å score på straffespark. No kunne keeperen berre stå i ro og ta ned ballen, seier Rognsø og har vanskar med å skjule skuffelsen som kom akkurat då.

 

Flott av unggut

-I dag har vi igjen eit heilt nytt forsvar, og eg vil rose dei spelarane som kjem inn og ryddar unna. Vi har både Eirik Flatjord, Kim Vik, Kristian Haustaker, Ole Petter Hjelle Larsen og Andreas Tefre ute. Då er det fantastisk flott å sjå dei unge som kjem inn og tar ansvar, seier Rognsø og siktar spesielt til 15-åringen Sander Lekva som får sin A-lagsdebut mot Elverum.

-Det er kjempebra det han gjer. Han har ikkje spelt så mykje høgreback før, men løyser oppgåvene sine bra. Flott gjort av ungguten, seier Rognsø og ser at elleville Elverum-spelarar kaste seg rundt kvarandre ute på bana.

 

I toppen

-Vi fekk sjansen til å ta både Aalesund 2 og Elverum, men kastar bort sjansen. Då kan vi heller ikkje rekne med å vere med der oppe i toppen, sjølv om vi faktisk framleis heng noko lunde med. Og neste kamp er jo mot nok eit topplag, når Molde 2 kjem til Førde stadion måndag 27. juni. Då håpar eg at fleire av dei erfarne spelarane våre melder seg skikkeleg på. For vi kan ikkje stole berre på unggutane, legg Rognsø til etter 2-1-tapet i Elverum.

 

God: Bildet av Sander Lekva er frå fjorårets Adidas-suksess.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 

KAMPFAKTA

Elverum-Førde 2-1 (0-0)

Elverum stadion

300 tilskodarar

Mål:

  1. 54 min Nils Tommy Hansen
    1. 56 min vegard Savland

2-1 75 min Jan Inge Lynum

Førde sitt lag: Fredrik Hanssen, Sander Løkkebø Lekva, Emil Berge, Andreas Årseth, Øystein Østvik, Mathias Sagevik, Jacob Bergset, Magne Aarøen (Henrik Lilleaasen i 68. min), Kristian Bell, Vegard Savland (Ntege Kone i 90. min), Sander Aamelfot

Førde fotball IL Damelaget

INGEN KUNNE STOPPE INGA

Ingen kunne stoppe Inga

Inga Hoff laga hattrick med tre flotte mål då Førde slo Eid heile 6-1 måndag kveld.
 
Den 18 år gamle Inga Hoff scora halvparten av måla til Førde då dei slo Eid 6-1 i 3.divisjonsoppgjeret. Dessutan skapte ho et utal av målsjansar, og brente også eit straffespark tidleg i 1. omgang. Så dette var kampen der Inga Hoff var den store skilnaden på desse laga, og ho sjølvsagt vart kåra til beste Førde-spelar.
 
Mot eit mål
Førde-jentene tok kommandoen frå start, og etter to kjappe scoringar før kvarteret var spelt, vart oppgjeret i Hafstadparken i røynda spel mot Eid sitt mål. I den andre omgangen var dominansen så stor at bortelaget knapt nok var over på Førde-forsvaret sin banehalvdel, og sluttresulatet kunne ha vore langt større enn 6-1.
 
Førde fotball il og Førdepatrioten
 
To igjen
Med denne sigeren ser det ut til at Førde har trygga 2. plassen etter vårsesongen, og dermed er eitt av dei fire beste laga som går vidare til den tøffaste pulja til hausten. Men før ferien skal dei spele to kampar til, høvesvis mot Måløy førstkomande søndag på heimebane og deretter avslutte vårsesongen med bortekamp mot serieleiaren Sandane fredag 24. juni.
 
KAMPFAKTA
Førde-Eid 6-1 (3-0)
3. divisjon, kvinner
Hafstadparken, 100 tilskodarar
 
Mål:
1-0 14 min Thea Holsen
2-0 15 min Inga Hoff
3-0 36 min Inga Hoff
4-0 69 min Sigrid Welle
5-0 73 min Inga Hoff
6-0 82 min Sofia Hagen Paulen
6-1 90 min Mathea Myrold Haavik
Dommar: Ragnar Åmot, Jølster
Førde sitt lag: Ingrid Søgnen, Sofie Honningsvåg Aarnes, Linnea Levik Aamodt, Una Claussen Thingnes, Agathe Abrahamsen Slettehaug, Viktoria Zablotna, Eline Botnen, Thea Lovise Holsen, Anne Gyldenskog Kilnes, Frida Kusslid Skilbrei, Nora Flatjord Gjelsvik, Inga Hoff, Synne Bell Folland, Sofia Hagen Paulen, Bea Marie Sundsøy Hallstensen, Andrea Myren Ynnesdal, Sigrid Welle. 
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

Førde 2 fant skoringsformen mot Måløy

Førde 2 møtte søndag Måløy til kamp i kretsligaen. Begge laga stod med seks poeng før dagens kamp, så det var forventa ein jamn kamp. Måløy fekk ein kjempestart med 1-0 allereie etter 3 min. Førde 2 bruker eit godt kvarter på å få kampen inn i sitt spor, og få til det offensive spelet. I kampane tidlegare i år har laget spelt mykje bra fotball fram til 16 meteren. I søndagens kamp fekk dei endeleg uttelling på spelet . Både Lasse Aamelfot, og Simen Indrebø skapte store problem på kantane for Måløy. Førde fekk store sjanser med innlegg frå kantane.

Førde 2 snudde kampen i første omgang, og kunne gå til pause med ei 3-1 leiing. Måla til Førde 2 vart skora av Andreas Hvidsten, Mathias Helgheim og Sander Lekva. Førde 2 fortsatte å dominere i andre omgang. Mange fine kombinasjoner som resulterte i mange stor sjanser. Når kampen viste 90 min satte Simen Indrebø inn sitt andre for dagen, og Førde sitt sjette totalt. Marko Dodaj sørga for at sluttresultatet vart 6-3 til Førde med sine tre mål for Måløy.

Elias oppsummerer med mykje bra spel og markent betre både på offensiv og defensiv dødball. Veldig kjekt å sjå at tre 15 åringar tørr også på dette nivået. Gratulerer til Elias Grimeland og Ruben Jordanger med debut i 4 divisjon.

Neste kamp er borte mot Studentspretten søndag 19 juni kl 1300.

Førde fotball IL og Førdepatrioten

SPELTE UAVGJORT MOT TOPPLAGET

SPELTE UAVGJORT MOT TOPPLAGET

 
Førde spelte 1-1 mot Aalesund 2 på Førde stadion, og begge lags trenarar var på sett og vis nøgde med slutt-resultatet. – Førde kjem til å vere med i toppen i heile år, seier Tor Hogne Aarøy.
 
Dei to Ålesund-profilane Tor Hogne Aarøy og Amund Skiri leiar for tida det unge mannskapet til Aalesund 2, og mønstra eit svært ungt mannskap mot Førde laurdag ettermiddag.
– Bortsett frå keeperen vår som er 23 år, så er alle dei andre under 20 år. Dette er ein utviklingsarena for våre unge spelarar, og dei har godt av å spele slike kampar. Sjølv om det faktisk var første graskamp i år for våre spelarar. Og vi er eigentleg godt nøgde med at det vart poengdeling, seier Tor Hogne Aarøy etter kampen og legg til at Førde sin start og avslutning på kampen, sette ein liten støkk i dei. 
 
God på kanten
– Når Førde går opp i 1-0 tidleg, så var det godt av oss å komme tilbake før kvilen. I andre omgang svingar det meir fram og tilbake, men det er heilt rett at Førde skapte fleire sjansar enn det vi gjorde. Spesielt sleit vi mot høgrekanten i 2. omgang, seier Aarøy og vert støtta av Amund Skiri på det.
– Ja, vi hadde kontroll på høgrekanten i 1. omgang, men utover i 2. omgang såg vi kva han kan vere god for. Noko som sjølvsagt ikkje overraska oss, seier Skiri om Førde-spelaren Sander Aamelfot som gang på gang utfordra Aalesund sine forsvaraspelarar med farta si.
 
Bra av Førde
På samme måte som at Aalesund-trenarane var nøgde med poenget, så hang heller ikkje Terje Rognsø med hovudet etter 1-1.
– Nei, vi må berre erkjenne at vi er «på beinet» når det gjeld skader for tida, og skulle gjerne ha latt nokre av spelarane spare seg litt. I det bildet er eg godt nøgd med det spelarane viser i dag. Og sjølv om Aalesund har ein stor sjanse på overtid, er det vi som skapar mest den siste omgangen. Men totalt er poengdeling ganske «fair», seier Rognsø.
 
Førde fotball il
 
Utfordring
Når det gjeld dei skadde spelarane, så gjer det at Rognsø må komponere tilnærma nye lag for kvar kamp. Og i mange tilfelle for kvar omgang.
– I dag hadde vi til dømes Stefan Aase, Kim Vik, Ole Petter Hjelle Larsen og Elias Rognebakke ute. Dessutan «hangla» både Kristian Hauståker og Eirik Flatjord tidleg i kampen, og vi måtte gjere byte i pausen. Dette betyr at nokre spelarar kanskje må inn i roller som er heilt nye for dei, og som kan vere utfordrande. Difor må vi faktisk vere nøgde når vi held topplaget til poengdeling, seier Rognsø etter 1-1-kampen.
 
Dette gjer at Førde held fjerdeplassen på tabellen etter 10 kampar, berre fire poeng bak Aalesund 2. Mellom desse to laga ligg Elverum og Molde 2. Og akkurat desse to klubbane er Førde sine neste motstandarar
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

Førde fotball damelaget

DESSE VIL HA EIN TOPPKLUBB TIL FØRDE

DESSE VIL HA EIN TOPPKLUBB TIL FØRDE

 
 
Førde er vidare i NM-cupen for 19-årslaget sitt med imponerande 4-2-siger over Åsane på bortebane. – No håpar vi på eit topplag i Førde, seier trenar Bjørn Totland.
I utgangspunktet var det ingen tvil om at 1. divisjonsklubben Åsane var favorittar i NM-kampen mot Førde i Bergen torsdag kveld, men Førde-laget imponerte og vann fortent 4-2.
 

Gir alt
– Ja, dette var nok overraskande for mange. Men det viser at når alle på laget yter sitt beste og har ein god dag, så kan vi hamle opp med dei fleste, strålar Bjørn Totland etter oppgjeret på kunstgrasbana på Myrdal.

– Vi er i føringa i heile kampen, og i dag er det verkeleg ein svært god laginnsats. Ingen gjer noko halvveges, men ofrar seg for kvarandre. I alle duellar. Då kan vi verkeleg vere gode, seier Totland og ser fleire av spelarane er skikkeleg slitne etter kraftprøva i NM-cupen.
 
Ønskemotstandar
Med tanke på neste runde, så drøymer Totland om å få møte eit topplag, og då sjølvsagt heime i Førde.
– Eg veit ikkje kven som har gått vidare, men klubbar som Rosenborg, Brann eller Vålerenga hadde jo vore kjekt, ler Totland.
Men i følgje Norges Fotballforbund sin oversikt torsdag kveld når dette blir publisert, så er både Rosenborg og Vålerenga ute av cupen. Så derfor er kanskje Molde og Lillestrøm to av dei mest kjende klubbane som er igjen.
– Men geografisk er det kanskje mest aktuelt at vi møter Fyllingsdalen. Dei er nemleg vidare etter å ha slått ut Arna-Bjørnar, seier Totland etter sigeren i Telenor NM-cup for 19-årslag torsdag kveld.
– Uansett skal vi gjere vårt beste, understrekar Totland.
 
Kampfakta
2. runde i NM-cupen
Myrdal stadion
Mål:
0-1 Una Claussen Thingnes
1-1
1-2 Sigrid Welle
1-3 Anne Gyldenskog Kilnes
1-4 Sofia Hagen Paulen
2-4
 
Førde sitt lag: Sofie Honningsvåg Aarnes (gratulerer med 17-årsdagen i dag!), Viktoria Zablotna, Una Claussen Thingnes, Linnea Levik Aamot, Agathe Abrahamsen Slettehaug, Frida Kusslid Skilbrei (Lea Aamot Fonn i 45. min), Thea Holsen, Anne Gyldenskog Kilnes, Sigrid Welle (Nora Flatjord Gjelsvik i 68. min), Inga Hoff, Sofia Hagen Paulen (Henriette Skuggen Flaten i 77. min)
 
Tekst: Stig Roger Eide

Opus sponsor Førde fortball IL

OPUS FYLLER 35 ÅR

35 års jubilanten: Odd Arild og resten av gjengen på Opus har fått ein knallstart på jubileumsåret. Dei er no 18 tilsette, men som vanleg i større bedrifter er det ikkje så lett å samle alle

Opus fyller 35 år

 

Opus AS i Førde fyller i år 35 år: Og her snakkar vi ein livskraftig, sjølvstendig «ungdom», som framleis står støtt på eigne bein, med lokalt eigarskap. 

Innhaldssak for Opus AS

Om du vaks opp på 70- og 80-talet nikkar du nok anerkjennande til legendariske Opel-modellar som Corsa, Kadett, Ascona, Manta, Omega og Senator. Desse var det du kunne kjøpe sommaren 1987, når Opus AS opna i Førde. «Vaksne» ville ha Omega og Senator, medan ungdom sikla etter Corsa, Kadett, Ascona og Manta. Sidan den gang har Opus AS leverer ut 1000-vis av bilar til nøgde kundar, i og utanfor Sogn og Fjordane. I dag heiter bilane Insignia, Mokka, Grandland, Crossland, Astra og Corsa, og Opel har fått selskap av Suzuki, Isuzu og Benimar bubilar.

 

Milepålar langs vegen 
I starten låg Opus ved flyplassen på Øyrane. I 1995 flytta dei over elva til Holvik-bygget, og i 2017 flytta dei inn i dagens moderne, godt tilpassa bygg. I 1999 var dei med på å starte skade/lakkverkstaden Bilskadesenteret AS. Heile vegen har dei utvida tilbodet sitt.
– Vi fikk inn Suzuki i 2003 og Isuzu i 2007. Det styrka oss, sidan dei ulike merka utfylte kvarandre godt. I 2015 vart vi med i Bobilenes Servicekjede, og vart eit av deira punkt. I 2017 byrja vi også å selje bubilar. Vi byrja med Tourne Mobil, men i 2020 gikk vi over til Benimar.  
– Kva er høgdepunktet til no?
– Det har vore mykje kjekt, men så langt er 35 års jubileet det kjekkaste, seier han med glimt i auget. Ein god seljar ser nemleg alltid framover. 
Og apropos framover: Det er ikkje berre framtida som er elektrisk, det er notida også.  
– I eit normalt år sel vi rundt 130 nye bilar. 85-90% av dei er elektriske, og resten er i stor grad hybrid, seier Odd Arild, og fortel at Opel hadde eit langt forhold til Førde, før Opus.
– Den første som selde Opel i Førde var Knut Berge i 1954. Omlag på same tid som bror hans, Erling Berge, stifta Berge & Co og byrja selje Volkswagen. Knut var agent for Jæger i Bergen, som då hadde agenturet på Opel. Så Opel har lange aner her i byen, smiler han.  

 

Vaks opp – og vart brått ungdommeleg att
I 1987 hadde Opel godt grep om ungdommen. No sel dei bilar i alle segment, og dei får stadig fleire unge kundar.
– Det byrja i fjor, og har forsterka seg i år: Vi sel bil til kjøparar i 20- og 30-åra, i mykje større grad enn før. Opel har fått eit designløft, til dømes med Mokka, inspirert av 70-talet og Manta, som appellerer til yngre kjøpargrupper. Det har gitt oss den beste starten på eit år vi har hatt på, saman med breidda i utvalet vårt: Til dømes Zafira, ein kjempeflott familiebil til gunstig pris. Vi sel mykje Corsa og varebilen Vivaro. Snart kjem ein ny elektrisk Astra, som eg trur blir ein storseljar, seier Odd Arild.

 

Her kan du sjekke ut Mokka-E – som har fenga ungdommen
https://opusas.opelforhandler.com/personbiler/mokka-e-my20/index/

 

Vaks opp i Opel! 
At Odd Arild vart dagleg leiar i Opus  i 2010, hadde to grunnar:
– Eg er ei enkel sjel, som vart headhunta. Kva kan ein gjere då, ler han. – Forholdet mitt til Opel har også alltid vore godt: Far min hadde fleire, både Rekord og Kaptein. Den gang køyrte «alle» fedra Opel. Tidleg på 90-talet hadde Opel rundt 12 % marknadsdel. Ei av dei første annonsane eg laga her spelte på dette: «du vaks opp i ein Opel, la dine barn prøve det same», smiler han. – I fjor låg vi på 4-5 % marknadsdel lokalt, godt over landssnittet, og i år ligg vi ann til enno betre. Vi sel over det dobbelte av det importøren vår venta, så vi får mykje skryt.  


Opus sponsor for FØrde protball Det er ikkje berre Opus AS som jubilerer: På intervjudagen hadde Odd Arild Dale vore i Opus i 12 år.
 

12 gode år
Det er ikkje berre Opus som fortener kake på jubileumsdagen. 
– Eg har 12 år i Opus i dag, smiler han og fortel om ei flott reise.  – Vi har hatt ei fin utvikling. Då eg tok over omsette vi for 38 mil. kr, og i fjor bikka vi 100 mill. kr, seier han.
– Kva er hovudårsak til det?
– Kundane våre ser at dei kan handle med oss, og føler seg trygge. Er det eit problem, så hjelp vi kunden og tek det på oss. Det er filosofien vår. Vi ser alltid etter korleis vi kan bli betre. Vi vart miljøfyrtårn-bedrift i fjor haust. Det var viktig. Som resultat av dette, og lang og god dialog, vart vi bil-leverandør til fleire kommunar. No i mai har vi levert nye bilar til fire ulike kommunar. Posten er også ein kunde der miljøaspektet var viktig, seier han. 

 

Oppteken av å vere ein god samarbeidspart med idretten
Opus er ein sjølvstendig, lokalt eigd forhandlar. Det ser Odd Arild som ein styrke.
– Vi styrer oss sjølv, og treng ikkje til Oslo eller Bergen for å ta avgjersle. Vi kan hive oss raskt rundt når det trengst, seier han og gir eit døme. – Per Øyvind Storevik kontakta meg i 2020, og ønska Opus som hovudsamarbeidspartner på bil. Vi har sponsa Førde Fotball lenge, og har hatt god dialog, men dette var eit steg opp.Styret møttes same kveld, og vart samde. Dette ønska vi å vere med på, seier han.
Dermed vart Opus ny hovudsamarbeidspart på bil med Førde IL Fotball, i det koronaen kom.
– Vi har ikkje angra på det valet. Det kosta, men det sette oss på kartet. Vi fekk laga ny logo, hos Rein Design, no heiter Vookal. Kombinasjonen gjorde oss meir synleg. Samarbeidet med FIL gjorde oss meir synlege, både i Førde og Florø, sidan trenar Terje Rognsø og spelar Stefan Aase bur i Florø. Og etter to koronaår gler vi oss veldig, for i år blir det Opus-Cup, seier han og deler deira sponsorfilosofi.
– Vi er oppteken av å syne att lokalt, som ein god bidragsytar til kultur- og idrett. Vi var med på å dra i gang tennisbana i Hafstadparken og har sponsa utøvarar tilbake til Stian Grimseth. Blant anna Håvard Hallerud, Gjøran Tefre og Marius Vedvik. Vi sponsar også idrettslag i Askvoll, Sogndal og Florø. Og arrangement som Rett Vest, som einaste bilforhandlar som ikkje held til i Florø. Vi er oppteken av å vere synlege og markere oss i vår region, smiler han.

 

Løyndommen? Nøgde kundar 
Verda endrar seg raskt. Snittlevetida for bedrifter er 15 år, så Opus er godt «vaksen».  
– «Løyndommen» er nøgde kundar. Vi ligg topp tre i Norge på kundetilfredsleik på vårt felt. Det er ikkje kunstig eller tilgjort: Det ligg i sjela vår å ta vare på kundane. Dei skal ha det bra, sjølv om vi får svi i blant. Når noko skjer hjelp vi kunden, og går vidare. Vi har stødige folk i kundemottak, delelager og seljarar, og dyktige mekanikarar med lang erfaring. Vi har også ein særs moderne verkstad, der vi kan handtere bilar opp til 7,5 tonn. Det betyr at vi kan ta inn både dei lengste, tyngste og breiaste bubilane i marknaden, avsluttar han. 

 

Sjekk ut bilane til OPUS AS her:  https://opusas.no

Førde fotball

SMILET ER TILBAKE

SMILET ER TILBAKE

 

Det er tydeleg at bortesigeren mot Hønefoss gjorde godt. På treningane er stemninga god. Men på laurdag ventar toppkamp mot Aalesund, og trenar Terje Rognsø har ikkje berre gladmeldingar å komme med.

 

-Vi har sjølvsagt lyst til å vere det første laget som påførar Aalesund II det første tapet. Dei har overraska positivt denne sesongen, og dette blir ein skikkeleg målestokk for oss, seier Terje Rognsø på treninga føre heimekampen på Førde stadion mot serieleiaren.

 

 

Nokre ute

-Dei er i utgangspunktet eit klassisk 4-3-3-lag, og har mange spenannde spelarar. Både offensivt og defensivt. Dei er godt organiserte og verkar å vere vanskeleg å bryte ned når dei ligg kompakte. Dessutan har dei bra fart og kontringsstyrke. Dette blir heilt klart eit utfordring for oss, seier Rognsø og ser sjølv at hans største utfordringar ligg på mannskaps-sida.

 

-Det er iallfall heilt klart at Ole Petter Hjelle Larsen må stå over. Han fekk ein rift i ein muskel i kneet mot Hønefoss, og blir ute eit par veker. Dessuan er det nokousikkert med Eirik Flatjord og Stefan Aase til denne kampen. Men heldigvis er både Sander Aamelfot og Magne Aarøen speleklare igjen, seier Rognsø som dermed kan mønstre ein offensiv trio med Aamelfot, Savland og Bell.

 

Førde fotball

 

Toppscorar

-Viss nokon i fjor skulle ha sagt at Vegard Savland ikkje har scora eit einaste mål etter dei ni første serierundane, så ville folk ha rista på hovudet. Han var trass alt vår suverene toppscorar i fjor. Og kanskje opnar han kontoen allereie denne helga, halvt spør Rognsø og ser nøgd at Sander Aamelfot på si side har teke scorings-ansvar.

 

-Ikkje noko har vore så kjekt som akkurat det. Vi brukar å komme til mange sjansar, og då er det godt å ha ein målfarleg trio, seier Rognsø.

 

Kom på kamp

Kampstart på Førde stadion laurdag ettermiddag klokka 16.00. Vi trur det kan vere lurt at også du tek turen for å sjå toppkampen i årets 3. divisjon.

 

Og kanskje kan Førde vere det første laget som stoppar Aalesund II-trenar Tor Hogne Årøy si sigersrekke?

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide