Lokaloppgjer mellom Førde og Florø

Publisert 13.05.2022 av Emil Rasmussen

Del via

– EG ELSKAR DESSE LOKALOPPGJERA     Eirik Flatjord har spelt fotball på seniornivå i snart 20 år, og har spelt eit utal av lokaloppgjer mellom Førde og Florø. – Difor ser eg verkeleg fram til kampen på måndag, seier forsvarsspelaren. Lokaloppgjera mellom Førde og Florø har ei lang historie bak seg, og har i…

Foto:

– EG ELSKAR DESSE LOKALOPPGJERA

 
 
Eirik Flatjord har spelt fotball på seniornivå i snart 20 år, og har spelt eit utal av lokaloppgjer mellom Førde og Florø. – Difor ser eg verkeleg fram til kampen på måndag, seier forsvarsspelaren.
Lokaloppgjera mellom Førde og Florø har ei lang historie bak seg, og har i periodar vore den 16.mai-kampen i norsk breiddefotball som har hatt størst appell hos publikum. 1000 tilskodarar er langt meir vanleg enn uvanleg, og fleire gonger har det vore godt over 2000 tilskodarar. Seinast under den siste 16. mai-kampen mellom sunnfjordbyane, i 2016, var det 2503 tilskodarar i Hafstadparken.
 
Jubileum
– Det er jo gjerne på grunn av desse kampane at vi held på. Dette er sjølvsagt motiverande for oss som spelarar, seier 35-åringen som på måndag faktisk kan jubilere med å spele sin 10. 16.mai-kamp mot Florø. Grunnen til at det ikkje er eit høgare tal for spelaren, som har langt over 300 kampar for Førde, er at naboklubbane i nokre sesongar ikkje har spelt i same divisjon, grunna nedrykk eller opprykk (sjå statistikken under).
Og grunna Florø si storheitstid med opprykk til OBOS-ligaen og Førde sin ditto nedrykksperiode til 4. divisjon, så har det ikkje vore lokaloppgjer mellom desse to klubbane sidan 2016.
Faktisk seks år sidan!
 
Opp og ned
– Den kampen i 2016 er ikkje noko å hugse. Vi hadde akkurat slått ut Brann i NM-cupen og spelt jamt med Sogndal. Så vi trudde nok at vi var gode då vi skulle møte Florø. Og det er aldri lurt i fotball. For Florø var på motsett kurs som oss, og knuste oss 0-4 i Hafstadparken. Då starta Florø si klatring på tabellen, medan vi sank djupare og djupare, og rykka til slutt ned, minnest forsvarspelaren om det siste møtet mellom desse to klubbane.
Derimot har han hatt mange flotte opplevingar på 16. mai-kampar i Florø. I 2015 vart det 1-1 etter scoringar av Vegard Savland og Peter Aase, medan det vart 0-1-siger i 2012. Då var det Kristian Fardal Opseth som vart matchvinnar føre 2000 tilskodarar på Florø stadion.
– Eg hugsar ikkje sikkert når eg var med på den første 16.mai-kampen mot Florø. Hugsar berre at det vart Førde-siger, så det kan ho vore i 2003 eller 2004. Eller kanskje 2005. Det er uansett lenge sidan, smiler den fotrappe forsvarsspelaren.
 
I toget
– Ein siger på 16. mai betyr alt med tanke på nasjonaldagen vår, 17. mai. Det er alltid lettare å gå i 17. mai etter ein siger, smiler Flatjord og veit at slike kampar har ein tendens til «å leve sitt eige liv».
– Ja, dette er alltid spesielle kampar med høg temperatur og mykje blest rundt. For vår eigen del har vi hatt god poengfangst hittil i sesongen, men er samstundes veldig klare på at prestasjonane må opp fleire hakk. Og eg både håpar og trur at det skal skje mot Florø 16. mai. Då skal det iallfall ikkje stå på motivasjonen, seier veteranen over alle i lokalfotballen, Eirik Flatjord.
Så kom på kamp DU også!!
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Statistikk for 16. mai-kampar i dette tusenåret:
2000: Førde-Florø 1-2
2001: Florø-Førde 1-3
2002: Førde i 2. divisjon.
2003: Førde-Florø 2-1
2004: Florø-Førde 0-3
2005: Førde-Florø 4-1
2006: Florø i 4. divisjon
2007: Førde-Florø 1-2
2008: Florø-Førde 2-0
2009: Førde-Florø 2-1
2010: Førde i 2. divisjon
2011: Førde i 2. divisjon
2012: Florø-Førde 0-1
2013: Førde i 2. divisjon
2014: Førde-Florø 0-1, mål ved Stefan Aase.
2015: Florø-Førde 1-1, mål ved Peter Aase og Vegard Savland.
2016: Førde-Florø 0-4, mål ved Endre Kupen (2), samt brørne Erlend og Runar Hove.
2017: Florø i OBOS-ligaen
2018: Florø i OBOS-ligaen
2019: Florø i 2. divisjon
2020: Florø i 2. divisjon
2021: Florø ned i 3. divisjon, Førde opp frå 4. divisjon
2022: NYTT LOKALOPPGJER!!!!!!
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide
 
 
 

Relatert